-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Lista over ting den utvida garantien ikkje dekkar er ganske lang, bla.: Eg fann prisar på 25-26k for 3 år frå folk som har kjøpt garantien. Det er ikkje store summen og kanskje ein indikasjon på at det er lite ein vil få dekka av den. Større utgifter etter garantitida kan kanskje vere ein konsekvens av at bilane ikkje er like dyre i innkjøp som mange av konkurrentane.
-
Er det mange av dei nyare bilane som får så store problem med batteripakken at dei må skiftas? Det er vel Model S som framleis er verst, og M3/MY har ikkje så lang fartstid endå. Eg håpar ikkje at batteriskifte blir så vanleg på elbilar uavhengig av merke. Degradering er greit nok, men når bilen i utgangspunktet har over 500 km WLTP så lev dei fleste greit med å miste ein del prosent.
-
Marknaden gjekk så det suste for nokre år sidan, men rentehevingar og generell prisauke på alt bremsa det fort ned, spesielt dei dyrare merkene. Sånn sett var dei kinesiske merkene uheldig med timingen. I tillegg er det vanskeleg å slå gjennom når du kan få BMW, Mercedes, Volvo osv. for prisen av ein bil frå Kina.
-
Det visuelle er òg ein del av det. Arkitektteikna hus har gjerne flatt tak for arkitekturen sin del.
-
VAG får det ikkje til, men at Tesla er einaste er tøys.
-
Eg har aldri flislagt før og skulle klart det der betre.
- 17 svar
-
- 4
-
Øyh! Eg har Skoda i garasjen og Jarlsberg i kjøleskapet. Skoda er meir Jarlsberg enn Norvegia og Volvo har ein langt høgare kilopris. 😄 Om du finn mjøl på tilbod så kan det halde seg veldig lenge. Er du skeptisk så kan det ligge i fryseboksen. Har du dårleg plass i fryseboksen kan det ligge der i 6-7 veker og så kan du oppbevare det i romtemperatur etterpå.
-
Håpar dei har fått gjort litt med det ryktet no ti år etter første bilen kom på veien.
-
Akkurat no kan du få større tap etter dei første åra pga. store prisfall på nye bilar i år. For nokre år tilbake kunne du ha bilen eit år og selge utan verditap. I dag er det snudd på hovudet. Behald bilen lengre så får du meir ut av kjøpet. Eg håpar å kunne ha min lenge.
-
Termokopp - rustfritt stål eller aluminium
Zeph svarte på Sindre Rudshaug sitt emne i Annen teknologi og vitenskap
Rustfritt. Fargen der riktig ut og basert på tilstanden så er den godt brukt. Aluminium er langt mjukare enn stål og koppen ville fort hatt fleire hakk og merker i metallet. Eit par lenker som òg antyder at det er stål: https://www.prisjakt.no/product.php?p=3432207 https://www.pinterest.ch/pin/pava-to-go-thermo-mug-45cl-grn--669488300844377119/ -
Fin pris det. 85x startar på 489k før ekstrautstyr. Dei er nok ganske ribba ja, og du får nok ikkje lagt til noko utstyr heller. Eg har ikkje studert det i detalj, men har ikkje inntrykk av at det er enorme forskjellar på 80x og 85x. 85-modellane får versjon 4.0 på operativsystemet som 80-serien aldri vil få. 85 har forvarming av batteri, noko 80 kanskje eller kanskje ikkje får. Kva forskjellar bilane med 4.0 kan få i framtida samanlikna med dei på 3.X er vanskeleg å spå, men basert på historien til Skoda så langt så ville eg ikkje venta noko dramatisk. Etter eitt år med 80X så er eg veldig nøgd med bilen. Det største problemet med bilane i dag er prisen, spesielt samanlikna med Model Y, men der slit vel dei fleste merker.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Zeph svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ikkje stort me får gjort med saken uansett. Det beste tiltaket for lågare faktura er å redusere forbruket og ev. flytte forbruk til når prisen er lågast. Med straumstønad er det ikkje så stor forskjell på sluttprisen om spot er ei eller tre kroner. Du betalar ca. 20 øre meir når prisen er tre kroner enn når den er ei krone. Pga. måten kraftmarknaden fungerer så er det ikkje til å unngå at prisane svingar. Det er snakk om tilbod og etterspurnad kombinert med vêret og vil fortsetje så lenge produksjonen svinger så mykje frå dag til dag. Klimaproblematikken er sjølvsagt ein viktig grunn for dagens situasjon, samt at Tyskland har stoppa sine atomkraftverk pga. utfordringane med atomavall. Det underliggande problemet er at Europa, og verda, i stor grad har produsert straum ved bruk av olje og gass. Det har vore stabilt og er i liten grad påverka av vêret. Etter som klimaproblematikken har eskalert år for år har tiltak blitt satt i verk for å få ned utsleppa. Det betyr mindre elektrisk produksjon med olje og gass og meir fornybar energi. Ulempa med fornybar er at den varierer frå dag til dag pga. vind- og solforhold, som betyr at straumprisen vil svinge i takt med kva den fornybare delen kan produsere. Det finnes inga hurtigløysing for dagens situasjon. Norge bidreg til den internasjonale marknaden med straumkablane og staten kompenserer for høgare prisar ved å innføre straumstønad. Skulle stønadsordninga bli avvikla eller i sterk grad svekka så hadde avisene fått vatn på mølla. Når stønadsordninga no først er på plass så hadde det vore politisk katastrofe om eit parti gjekk inn for å avvikle den. Det er eit resultat av dagens situasjon og vil neppe endre seg stort på lang tid. Verda står ikkje stille, men er stadig i endring, på godt og vondt. Straum har historisk vore grisebillig i Norge. -
Om det er manglar som dei iht. garantivilkår eller reklamasjonsrett skal utbedre så bør dei sjølvsagt det, men dei vil vurdere det sjølve, ikkje utbedre basert på ein rapport frå NAF. I tilfellet med sprekk i baklyktene har sikker Tesla ei forklaring på kvifor dei ikkje vil utbedre det som ein garantisak. Leverer du ein Tesla til Tesla og ber dei sjekke for feil før garantitida går ut så er dei neppe interessert i å avdekke meir enn nødvendig, så det kan absolutt ha noko for seg å ta ein sjekk hos ein uavhengig aktør.
-
Eg hadde blitt meir overraska om Tesla (og andre merker for den del) ukritisk godkjente garanti/reklamasjons-reparasjonar basert på ein NAF-test. Sprukne lykter er i vinden om dagen, og kan eigaren påstå at lyktene aldri har blitt utsatt for sterke kjemikalier eller vaska feil i løpet av fem år? Ein sjekk før utløp av garanti er lurt, men det er òg greit å sjå over bilen av og til så du kan melde inn ting som skjer underveis. Lyktene kan ha vore sånn i fleire år.
-
Mest irriterande. Heile poenget med CC er at bilen skal halde farten sjølv. Det er ikkje noko problem å gje litt watt når det skjer, men det er noko som kan skje når som helst, så det blir noko eg tenker på som eg helst ikkje vil tenke på. Med bilen full (då eg gjerne brukar CC mest) blir det eit ekstra irritasjonsmoment.
-
Nokon som har handla på Gigabox? Er det noko å spare på å kjøpe i store kvanta der? Å kjøpe større volum har ofte to fordelar. Du får lågare pris per stykk, samt at du treng ikkje kjøpe det igjen på ei stund. Fungerer ikkje på varer med kort haldbarheit eller om du ikkje har plass til å oppbevare det, men ein del varer har gjerne fleire månader eller opp til eit år før det går ut på dato. Kjem du over gode tilbod kan du nytte sjansen til å kjøpe større volum.
-
Om de kan bli einige om eitt namn på både vaksne og born så ville eg valgt det. Er ikkje så veldig begeistra for den store mengda mellomnamn.
-
Då må du skatte ved første uttak som NoTrace forklarte (FiFo).
-
Kron sitt globale indeksfond er ikkje heilt likt dei andre, om det betyr noko for deg: https://www.finanssans.no/aksjer/klp-aksjeglobal-indeks-p-eller-kron-indeks-global Ellers betyr det ikkje all verden om det kostar 0.18% eller 0.15%. Fondene vil gje litt ulike resultat på lang sikt så du veit ikkje om det eine eller andre kjem betre ut til slutt.
-
Jadå, men betyr det noko kva som er årsaken til at bilen bremsar om det allereie har skjedd? Føraren kunne ha bremsa manuelt, men påstått at det var bilen som gjorde det.
-
Eg veit ikkje om det finnes ulike typar nedbremsing med Tesla, men eg har opplevd at bilen reduserer hastigheita utan noko grunn når CC er bruk. Kanskje ikkje hardt nok til ar bremsane er i bruk, men at den i alle fall deakselererer. Om den hadde stoppa heilt veit eg ikkje sidan eg gjev gass (watt?) når det skjer.
-
“Aldri si aldri”. https://www.ringblad.no/nyheter/domt-for-bremsing/s/1-97-460520 Om det ikkje finnes videobevis så er det ein interessant sak sidan det er påstand mot påstand. Ingen kan kontrollere om bilen bak var for nær, men dei vurderte kanskje det sånn at sidan kollisjonen oppsto så må vedkomande ha kjørt for nær. Med det utgangspunktet er det vanskeleg å vite kva avstand som er nok. Vekta på bilane, dekk, kor mange hjul osv. er alle faktorar som kan føre til kollisjon sjølv om bilen bak hadde minst tre sekund avstand. I tillegg har du reaksjonsevne, fokus osv. Sånt er føraren ansvarleg for, men ingen veit kor raskt dei vil reagere før det har skjedd. Eit sekund med blikket på skjermen så er i alle fall kollisjon ikkje til å unngå. Eg tenker alltid på det når eg kjører inn- og ut frå Oslo i rushet at der er det ikkje mange som hadde rukket å stoppe om bilen framføre bråstoppa.
-
Har du derimot dei 250.000,- på ein høgrentekonto, i fond eller anna som gjer avkastning på meir enn ~4% så kan du gå i pluss. Formue er verdiar minus gjeld, og så lenge den summen er under 1,7m betalar du ikkje formuesskatt.
- 9 svar
-
- 1
-
@trikola Fleire av dei tilfella kan du unngå ved å deaktivere pACC, der bilen sjølv skal justere hastigheit etter fartsgrensa. Eg opplev det på heilt rett vei utan trafikk. Det kan vere feil i kartsystemet så den trur fartsgrensa er lågare, men då skulle eg gjerne kunne deaktivert den automatiske funksjonen og latt meg styre det 100%. Ein anna funksjon eg sakna er Limit, der du kan bestemme maks hastigheit bilen skal gå og styrer pådraget manuelt.
-
Eg kom frå (og har i den andre bilen) ACC som enten kan halde ei fast hastigheit eller følgje hastigheita til bilen framføre. Sjølv utan andre bilar på veien klarar ikkje Tesla å halde farten utan å fantombremsing. Aldri opplevd det med andre bilar. Eg veit ikkje kva det er, og kanskje ikkje Tesla heller sidan dei ikkje blir kvitt problemet, men nødbremsing burde vel bremsa langt hardare enn fantombremsing ofte gjer? Stort sett reduserer den hastigheita litt. Eg har prøvd nødbrems på Enyaq og då er det full stopp så fort som bilen kan. Eg har ikkje noko imot AP, FSD og alt det der Tesla driv med, men det hadde vore fint med ein heilt vanleg ACC som eg har kontroll over. Automatfunksjonen til blinklyset fungerer heller ikkje ideellt, men den kan du heldigvis slå av. Så dukkar eit nytt problem opp om du kjøper Tesla utan blinklysspak og du må kanskje kjøpe det som ekstrautstyr.