Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 535
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    Tesla - kaféen

    Fleirtalet av TMY solgt i mars er den gamle modellen med rabatt iht. teslastats.no. Det tok seg opp med Juniper denne veka, men blir interessant å sjå kor mykje dei selger når tilbodslageret er tomt og alternativet er den 60-80k dyrare Juniper.
  2. Trur onkel_jon har rett. https://www.elbil24.no/nyheter/ford-henter-frem-capri/81662517
  3. Zeph

    Elbil-tråden

    At eg ikkje vil ha noko med Musk å gjere er litt av grunnen, men primært er det at eg ikkje er så begeistra over bilen.
  4. Skatteetaten svarer på det meste av denne type spørsmål. https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/aksjer-og-verdipapirer/om/aksjesparekonto-ask/
  5. Fordi dei andre prioriterer det ikkje. Tesla er ikkje aleine, men av bilane nordmenn flest kjøper er det lite frunking. https://www.businessinsider.com/best-electric-car-frunks-ranked-tesla-ford-f150-kia-rivian-2023-10#tied-for-last-hyundai-ioniq-5-kia-ev-6-kia-niro-ev-genesis-gv-60-9
  6. Det seier seg sjølv at det ikkje er noko god idé å legge varmmat oppå frossen mat. Om alt skal oppi ein pose så legg i det minste frossen nederst, kjølevarer over der, romtemperert og så varme på toppen. Det går fint å blande ulike temperaturar så lenge ein tenker seg litt om. Eventuelt ha dei i kvar sin pose. Alt kan fint ligge i frunken samtidig.
  7. Du skal ha lang kjøretur frå butikken før det blir noko som helst problem. Om så er tilfelle kan ein vurdere kjølebag eller kjøleposer.
  8. Ingen veit. Det kan vere tilbake oppe om ein månad, eit år eller ti år.
  9. Om fondet går ned ja. Det veit du aldri. Det kan like gjerne gå opp når du er ute av marknaden. Inflasjonen er derimot ganske sikker. Det er ikkje mange år den har vore null eller negativ dei siste 150 åra. Ja, du må ha minst 80% askjedel, så for rentefond ol. må du ut av ASK. Då er høgrentekonto òg eit alternativ. Du kan ta ut alt du har satt inn på ASK utan å løyse ut noko skatt. Om ein sånn handling påverkar andre skattemessige forhold som skjermingsfrådrag veit eg ikkje.
  10. Tapet av å ha dei ståande på konto med 0% rente er verditapet pga. inflasjon. Det finnes tryggare alternativ enn indeksfond som kan gje litt avkastning.
  11. Eg har ikkje endra noko som helst. Framleis 100% i global indeks. Milliardærane i USA trur eg har nok inflytelse der borte til at Trump ikkje klarer å kjøre landet i grus. I tillegg er marknaden til dei største selskapene der borte heile verda, ikkje berre USA.
  12. Moro med eit Silent Hill i Japan med originalspråk. Det er vel første gang om eg ikkje tar feil.
  13. Marknaden avgjer prisen, ikkje kostnadane til leverandøren. Om det på sikt blir fleire tilbydarar av autonome taxier så kan kanskje prisen bli pressa ned, men så lenge dei konkurrerer med ordinær taxi så er det ingen grunn for å legge prisen vesentleg lågare enn dei.
  14. Er det billegare å kjøre Waymo enn alternativene med sjåfør?
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    El-RAV4 eller ein oppdatert bZ4X kan fort bli veldig populær. bZ4x klarar seg relativt greit på tross av større utfordringar ved lansering, men når dei får luka vekk ein del ting kan det bli veldig bra. Små El-Toyota bør dei vel òg få på marknaden etter kvart. Ein elektrisk Yaris kan selge godt. Toyota har haldt seg høgt på listene dei siste åra pga. Yaris, RAV4 og Corolla.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Fint for dei som skal kjøpe bruktbil då, og ikkje har behov for oppgraderingane. CHR blir for liten for min del, men ein bZ4X med stort verditap er kanskje ikkje feil.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Som vanleg er det kun den største batteripakken som er tilgjengeleg med AWD. Unødvendig opplegg det der. Mange har ikkje behov for eller lyst å betale for ein stor batteripakke, men velger det likevel pga. firehjulstrekk.
  18. Tesla står for 1,61% av verdien i fondet, så det bekymrer meg lite kva som skjer med Musk eller hans selskap. Det er litt av poenget med eit indeksfond: å fordele risikoen.
  19. DNB Global Indeks A siste fire år: 2021: 25,5% 2022: -9,1% 2023: 27,8% 2024: 32,8% Det er langt over kva ein kan vente av eit sånt fond historisk sett. Ein del av det er kronekursen, men ikkje alt. Fondet kan gå ganske mykje ned i 2025 utan at du går så veldig langt bakover i tid. Det har stupt heile fem månader tilbake i tid så langt.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    App og forvarming har vel dei fleste i dag? Sjølvsagt ulik kvalitet og funksjonalitet. Det høyrest ut som Tesla er bilen for deg.
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Sjeldan eg navigerer stort, men eg har framleis til gode å sjå behovet for satelittbilete. Det blir berre meir støy rundt enn på eit tradisjonelt kart for min del. Etter 1 1/2 år med Model Y er eg ikkje superhappy og hadde valgt noko anna igjen. Det er mykje for pengane, men det som drar ned for min del er støy, komfort, viskerautomatikk, automatisk avdugging, cruise-control og sikkert meir eg ikkje kjem på i farten. På papiret finn du neppe nokon som kan konkurrere på dei typiske elbil-eigenskapane (rekkevidde, lading, pris), men det er andre eigenskapar dei ikkje er så gode på. Du må finne ut av kva som er viktig for deg og kva det er verdt. Mtp. det som er viktig for meg er det mange konkurrentar til Tesla.
  22. Zeph

    Tesla - kaféen

    Så lenge den ikkje er endra på eit tidspunkt etter den vart oppretta, men det veit du ikkje.
  23. Klikk på ein av dei for å finne totalkostnaden. Det der er nok berre ein del av prisen. Eg er ikkje kunde der, men får opp følgjande pris på SpareBank 1 Indeks Global N: https://www.sparebank1.no/nb/sr-bank/privat/sparing/spare-i-fond/fondsoversikt.html
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Korleis ser du det? Tidlegare kunne ein sjekke filnamnet på bileta, men det var endra sist eg sjekka.
  25. Zeph

    Tesla - kaféen

    Kanskje, men så fort Tesla har solgt ut restlageret av den gamle modellen så er prisane på ny Juniper målestokken. Blir bilen liggande ute til då så kan dei få solgt til den prisen. Ikkje sikkert alle kjøparane har kontroll på prisane til Tesla heller.
×
×
  • Opprett ny...