-
Innlegg
44 248 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
BYD Sealion 7 går rett i strupen på Tesla Model Y
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det kan fungere, men litt av problemet er ulike materialer og fargar. Spesielt når det blir kontrast som svart/grått på kvitt. Den der hadde ikkje sett like bra ut med svarte plastboger. -
BYD Sealion 7 går rett i strupen på Tesla Model Y
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Hjulbogane fekk med til å tenke på bZ4X, og ikkje i positiv forstand. Eg forstår ikkje kvifor dei meiner sånt er attraktivt. Med mindre det er andre årsaker til den type design. Ellers ser den ikkje så dum ut. Litt mykje greier på fronten og hekken kanskje. -
Eg brukte sånne på ein eldre bil, men den var vel 1,2 tonn og det var med ein mindre 2T Biltema-jekk. No har eg elbilar på over 2 tonn og satsar på at 3T-jekken ikkje sviktar. Korleis er det å bruke bukk på nyare bilar, gjerne elektriske med kun eitt punkt å løfte på? Kan du plassere bukken under noko struktur ved hjulet? Ikkje nødvendigvis legge all vekta på, men at den kan ta over jobben om jekken sviktar.
-
Raudvin i romtemperatur og vel så det? Folk er gærne. Eventuelt ta den ut av kjøleskapet ei tid før den skal drikkast. Aldri prøvd micro, men om det skal gå fort så fungerer det kanskje.
-
Den første hadde reservehjul. Den siste har ingenting, men vart levert med punkteringsfrie dekk, som eg faktisk fekk prøvd ut etter å ha kjørt på ei skrue. Trykket falt, men det var likevel kurant å kjøre på det til det var fiksa. Om vinterhjulene er punkteringsfrie veit eg ikkje. 🤔
-
Plast er billigare enn rustfritt, og så lenge marknaden ikkje etterspør noko i kun rustfritt (som heller ikkje går, nokre delar må vere i anna materiale) så har dei ikkje noko insentiv for å lage det. Kva er poenget med å ha ein traktar utan plast? Du kan alltids kjøpe ein metallfilterhaldar for håndbrygg og plassere der haldaren i plast står på ein Moccamaster. Krev kanskje litt innsats for å finne riktig filter og kvernegrad for at det skal kunne brygge bra nok. Vasstanken på Moccamaster er i plast, men frå den går eg ut frå at det er mest metall som flyttar vatnet gjennom maskina. Eg er veldig glad i metall til ting på kjøkenet, men traktar i kun rustfritt har rg ikkje sett behov for.
-
Jadå, men problemstillinga til TS var at bensinstasjonane i området kutta det tilbodet, og då er det greit å vite det beste alternativet. Ev. noko å ha liggande i bilen om behovet skulle oppstå når du er langt frå ein bensinstasjon. Eg har hatt to Skoda-biler siste fem årene og ingen av dei hadde kompressor. Ingen av dei har for øvrig trykkmålar i hjulene, så det er ingen hjelp å få der.
-
Er sånt nøyaktig? Eg har hatt nokre billege trykkmålarar som har hatt store avvik mot bensinstasjon-utstyr. Har meir tru på den der enn dei som kun måler trykk og dekkmønster, men kor presis er ein kompressor til 139 kroner? På Tesla-en er det trykkmålar i hjulene, så der er det ikkje noko problem, men ikkje alle bilar som har det.
-
499 var eit snodig beløp å reservere. Du ser vel om nokre dagar kva beløp dei ender opp med å trekke. https://www.circlek.no/elbillading/ladestasjoner/faq?srsltid=AfmBOorYWwBql5kBrCaNN9sZqVefl0Mcvg3cmJ0BBSFmYIKx0GrXVZ0K
-
Mykje lektrisk utstyr er laga for å tåle varme. Det er slitasje over tid som kan skape høg overgangsmotstand (dårlig kontakt) og høgare temperatur enn det tåler. Ladekontaktar og kontakt til VVB blir ofte varmt og så kaldt igjen, som får metall til å ekspandere og trekke seg saman igjen, og med tid kan føre til dårleg kontakt. Min tommelfingerregel for når kaffien har riktig drikketemperatur er at eg kan halde på koppen (porselen) utan at det er ubehageleg, og då er innhaldet 55-60 grader. Uansett kva det er snakk om er det alltid anbefalt å halde straumtrekket så lågt som du kan og heller skru opp dei dagane du treng høgare effekt. Min Easee-boks står vanlegvis på 16A, mest for å halde oss under 10 kW-grensa på nettleiga.
-
Red Dead Redemption offisielt bekreftet for PC
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
PC-port av 2010-spel til fullpris tenker eg? Kjenner ikkje noko behov for å spele det på nytt.- 16 svar
-
- 1
-
Det var rekordhøgt i fjor. 2023 Maks 17 720 kr 2022 Maks 10 700 kr 2021 Maks 8 000 kr 2020 Maks 8 000 kr 2019 Maks 5 340 kr
-
Om diskusjonen rundt formuesskatt for bedrifter skal fortsetje kan de kanskje ta det i ein dedikert tråd? Det er ikkje spesielt relevant i denne tråden.
-
Trudde den brukte noko internettgreier eg, for den var ofte feil på min MY i vinter då eg såg på sånt. Det kunne vere -8 ute, bilen sa -4 og endra ikkje det talet sjølv om eg kjørte fleire hundre høgdemeter ned til der det var plussgrader. Om bilen har temperatursensor så er den eller datamaskina på bærtur.
-
Her er Skodas Elroq - med startpris under 300.000 kroner
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
50-modellen er ganske ribba for utstyr, så du kan fint legge på fleire titals tusen på ein sånn bil. Dei lanserte Enyaq med mindre batteripakker, men endte opp med kun 80- og no 85-modellane. Kanskje det er håp om at dei vil behalde modellane med mindre batteripakker på Elroq, som kanskje fleire er interessert i. Etter eit par år med 80X og eitt år med Model Y så kunne eg fint klart meg med mindre rekkevidde om det var viktig å bruke mindre pengar på bil. -
Desse spela gler vi oss til i oktober
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Silent Hill 2 endte opp på ynskjelista på Steam, men den får nok ligge der ei stund til det kjem tilbod. -
Diverse søk på internett indikerer 2-3% forskjell om du har dei av eller på. Sjølvsagt større forskjell i høgare hastigheiter. Opp mot 5% forskjell fekk dei ikkje før ein nærma seg 150 km/t. Køyrer ein mykje på motorvei så er det litt forskjell, men ikkje store greiene.
-
Takk. Er det sånt som går automatisk når du selger gevinst og tar ut av ASK?
-
Er det mogleg å rekne seg fram til kor mykje skjermingsfrådraget utgjer i kroner om du har spart over lengre tid?
-
Om du skal feste ein del lekter i betong så kan du eventuelt skru fast to lekter andre veien først og så skru lektene andre veien i den igjen. Då kan du redusere mengda hol du treng bore. Til å halde ei lekt og netting er det ikkje behov for så mange festepunkt i betongen. Med riktig utført montering er det veldig godt hald i noko skrudd fast med plugg i betong. Altså, om du skal ha fem vertikale lekter kan du først skru fast ei horisontal oppe og ei nede, og så feste dei vertikale på dei. Det er stor forskjell på eit billeg slagbor til tusenlappen og dyrare saker. Det er spesielt merkbart når det du borer i blir hardt. Veldig hard betong kan billege maskiner ha problemer med å lage hol i, det har eg sjølv erfart. Om det er litt trøblete å bore så er det ein fordel med færrast hol.
- 4 svar
-
- 1
-
Det er vel det milliardærane klagar over òg. Dei må betale formuesskatt på alle milliardane, men har ikkje inntekt til å betale med. At aksjane deira har gått opp fleire ganger meir enn formuesskatten og dei kan selge for å betale skatten er ikkje nemnd fordi dei ikkje har lyst å selge noko.
-
Er vi i ferd med å selge sjelen vår for raske penger?
Zeph svarte på Vintersko sitt emne i Politikk og samfunn
I ferd med? Det har blitt gjort i uminnelege tider og kjem neppe til å endre seg. Pengane rår uansett, så det er opp til staten å ta vare på naturen. Du må alltid rekne med at bedriftene ikkje bryr seg.- 2 svar
-
- 3
-
Er det alt? 5% for å bli spora heile tida? Med risiko for å få avkorta forsikring om dataene frå ei ev. ulykke indikerer at det var din feil? 300 kroner rabatt om du betalar 6000 i året. I så fall er einaste poenget med dette at det kanskje(?) blir enklare å hevde si uskuld i ei ulykke.
- 34 svar
-
- 2
-
Kapslene riper opp felgen, og eg likte den (MY) betre utan så dei vart fort lagt vekk.