Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Eg handlar det meste til veka på ein tur. Av og til det må ein liten tur til, men med god planlegging går det greit utan. Poenget er ikkje å spare kroner, men å bruke mindre tid på butikken og vite at me har alt me treng til middag resten av veka. Det medfører at ein sånn handletur ofte går innom 2-3 butikkar for å få med alt, og kjem eg over tilbod på ting me brukar så kjøper eg det. Av og til blir det sushi til middag den dagen fordi det var ein datolaks i butikken. Kunne blitt flinkare til å sjekke avisene, men det er sjeldan eg finn så mykje der som me brukar uansett. Mykje ferdigprodukt, pasta og godteri. Handlar mest på Kiwi, og i veker med Trippel-Trumf burde eg vel handla på torsdagen. Ellers er eg glad i sjølvbetjente kassar. Då er det stort sett alltid ledig, i staden for å stå i kø på betjent kasse. Me kan gjerne klage over at folk ikkje får arbeid, men sånn er næringslivet. Eg har ikkje studert det så i detalj siste tida, men snittet på mat og drikke ligg på 10-12k i månaden for familie på fire med to under fem år. Då ligg alkohol, litt dyr kaffi, kafébesøk, kiosk osv. inni der òg, men det er primært daglegvarer. Det inkluderer tørkepapir, bleier og anna ikkje-etande me kjøper på butikken.
  2. Zeph

    Ektepakt

    Enkelte fagforeiningar har avtale som kan gje deg gratis advokathjelp for sånt. Om ikkje så er det greit å spandere nokre kroner på det, men undersøk i forkant og få alt av verdiar ned på eit papir. Det er nokre spørsmål de gjerne må ta stilling til som du sikkert finn i artiklar om ektepakt på nett.
  3. Det er ein kombinasjon av alder, kilometer, tilstand, utstyrsnivå osv. Alder kjem inn den dagen bilen blir henta som ny hos forhandlar. Så kan den kjøre ti kilometer og miste tusenvis i verdi fordi den då er definert som brukt.
  4. Zeph

    Elbil-tråden

    Med avgifter kjem TMYP på minst 586k. Ikkje heilt 620k, men dei har kanskje brukt gamle prisar eller lagt på noko utstyr. Uansett er det vanskeleg å samanlikne utan meir info om utstyr på Seres.
  5. Putt ein lampe eller noko sånt i stikkontakten for å sjå om den fungerer.
  6. Prisar går alltid opp. Om ein synest prisen er verdt det du får ut av det, betyr det noko kva prisen var før? Disney som alle andre må finne ut av kva prismodell som fungerer best. Går dei for høgt så mistar dei kundane. At prisen for noko blir auka betyr ikkje at det ikkje er verdt den nye prisen. Det er dyrt om ein skal abonnere på alt, men 70-130 kroner i månaden er ingen høg pris for det dei tilbyr så sant innhaldet er av interesse. Prisen hadde gått opp uavhengig av om dei lanserte eit nytt abonnement, og det abonnementet er i kroner billegare enn det utan reklame.
  7. Om du betalar vanleg pris så får du ikkje reklame. Dette er eit rimelegare alternativ der du betalar litt ved å sjå reklame.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Akkurat! Møller har ikkje oppgitt noko som helst. For Tesla så står det for generell bilvask: I tillegg har dei spesifisert følgjande: pH-grense er veldig greit å stille seg til, men av mediaoppslagene så er det visst ikkje så rett fram likevel. Min plan er å bruke fortynna avfetting på delar av metall og plast som er lakkert, dvs. ikkje lykter, kamera osv., og såpe med pH 7-8 på heile bilen. Blir det for dårleg effekt så prøver eg ev. noko med høgare pH, men ikkje over 13. Så lenge du har eit produkt med pH over 13 kan Tesla prøve seg på argument med at du kan ha fått reint produkt på lykter som krakkelerer. Det hadde vore interessant om nokon som jobbar med bilvask hos Tesla hadde forklart kva produkt dei brukar og korleis bilane blir vaska.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Vart sjølvsagt feil vei det ja. Så om du unngår alt med pH under 7 så er du innafor det punktet. Det finnes enkelte syrehaldige produkt for spesialoppdrag, så dei bør du halde vekke frå bilen. Autoglym Clean Wheels har pH på 1,05.
  10. Zeph

    Elbil-tråden

    https://www.motor.no/aktuelt/dette-er-mollers-bilvask-krav/259018 Du kan altså bruke avfetting og det kan du spraye på lykter òg sidan det er på heile bilen frå vindauge og nedover. Bruk gjerne endå sterkare kjemikalier, men det står ikkje korleis du skal bruke dei eller kvar du bør unngå å bruke dei. Sidan det står under avsnittet om avfetting så må ein kunne tolke det til at du kan bruke "enda sterkere kjemikalier" på same måte som avfetting i avsnittet over. Det står ingenting om valg av såpe, pH eller styrke på produktene. I lista NAF fekk så står det at bilen ikkje tåler "Aggressive rengjøringsmidler eller rengjøringsmidler med for høy konsentrasjon i bilvaskeanlegg", men korleis skal du tolke det? Er det snakk om pH-nivå, ingredienser eller kva meiner dei? Dette hjelper ikkje kundane med å velge riktig produkt. Du får kjøpt aggressive reingjeringsmiddel til bruk på tunet heime òg, så det er irrelevant om du er i vaskehall eller ei. At nye komponentar på dagens bilar er dårlegare enn før er greit nok, men då må dei kunne instruere betre. Tesla har satt ei grense på pH 13, men då er du på sterke kjemikalier i ufortynna tilstand, som svært sjeldan blir kasta på bilen. Dei har derimot presisert noko for lykter og andre utvendig komponentar: Men kva er "syreholdige produkter"? Alt med pH over under 7?
  11. Zeph

    Tesla - kaféen

    Og det vil dei for å redusere kostnader. Uansett årsak så meiner eg det er til det verre for eigarane.
  12. Zeph

    Tesla - kaféen

    Blinklyshendelen på Model Y er litt tung og har ikkje like god haptisk tilbakemelding som på andre bilar, så eg må seie meg einig med Nimrad der. Knappar i staden for fungerer sikkert på eit vis, men det er uansett ei dårlegare løysing som dei har laga for å redusere kostnad og forenkle designet går eg ut frå. If it's not broken, don't fix it.
  13. Zeph

    Tesla - kaféen

    Utelukkar USA, men seier framleis lite om kva slags veier dei kjører på.
  14. Zeph

    Tesla - kaféen

    "Folk" i USA eller folk som kjører mykje i rundkøyringar som mange her i Norge?
  15. Eg meinte eigenerklæringsskjema frå selgar. Om dette var kjent så bør det stå der.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Spent på kor mykje dei får solgt. Det er ein dyr bil, i alle fall til å vere Kia. Ikkje at det er noko i veien med Kia, dei har gode garantivilkår og gjer det generelt bra på undersøkingar, men her er du definitivt oppe i prisområdet til dei dyrare merkene.
  17. Om du vil ha det billegare så kan du få 0,- påslag og 0,- i månadspris av Vibb. Eventuelt nokre øre avslag per kWh hos Agva, men då med månadspris. Denne får du kun i 12 månader, så då bør ein nok skifte igjen. https://www.forbrukerradet.no/strompris/
  18. Krav til dokumentasjon var mindre for sju år sidan, men det vart vel laga tilstandsrapport? Finnes ikkje den lengre? Har ikkje meglar kopi heller?
  19. Ein gul/grøn ledning fungerer like fint som ein blå, men du veit ikkje korleis det ser ut i andre enden. Om den er brukt som blå ledning og det ikkje finnes andre feil så kan ein trekke ei blå krympestrømpe over ledningen. Då ser ein faglært kva som er gjort og at intensjonen er riktig.
  20. Få tak i elektrikar uavhengig av korleis det faktisk er kopla.
  21. Første punkt når noko ikkje fungerer er å måle om utstyret har spenning inn. Har du ikkje det så går du bakover i kretsen for å finne punktet der det stoppar opp. Høyrest ut som mjukstartaren er potensiell feilkjelde.
  22. Kanskje eg skulle kjøpt det første spelet og kjørt gjennom på Easy for å friske opp litt. Hugsar noko lunde historia, men den er forvirrande nok til at mykje er gløymd. Til 25,75 kroner er det ikkje akkurat dyrt. Edit: Eg hadde det visst allereie, så dei kronene er spart. Så blir det vel Epic Games Store for å få tak i AW2.
  23. Zeph

    Tesla - kaféen

    https://www.nrk.no/norge/teslas-regler-overproves-av-norske-forbrukerlover-1.16607920 Det er neppe enden på visa, så me får sjå kva Tesla gjer vidare.
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Ideologien bak heile selskapet er kanskje ikkje noko dei vil vokse av seg. Det er ganske tydeleg at den amerikanske tankegangen ligg i grunn for heile selskapet, og dei får sikkert føringar frå USA om korleis dei skal operere. Alle selskap vil ha størst inntekt og minst utgifter, men Tesla er kanskje i ein situasjon der dei kan drite i omdøme pga. høge salgstal.
  25. Zeph

    Elbil-tråden

    Spørs på konfigurasjonen, men ES8 er ganske dyr. Tang har solgt litt meir, men framleis ikkje store mengdene. 344 Tang og 234 ES8 solgt i 2023. Sjølv om dei kom ut med store bilar før alle andre så har ikkje salget tatt av akkurat, men på verdsbasis er BYD veldig store. Det var absolutt ein fordel å få bilane ut før konkurrentane, men mange vil heller vente på kjente merker enn å brette opp 700k+ for ein kinabil.
×
×
  • Opprett ny...