Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 558
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Kva oppføringar kan ein flytte på for å nytte dette mest? https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/fordele-inntekt-kostnader-og-formue/ https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/barn/foreldrefradrag/ Renterutgifter på gjeld Renterinntekter på bankinnskot Aksjeutbytte Formuesskatt Foreldrefrådrag Salgsgevinst Salgstap …? Det er lista opp ganske mykje du kan fordele fritt. Det hadde vore interessant å testa å flytte alt ein kan og sjå kva det blir av det. Du må sjølvsagt ha midlar til å kunne betale restskatten i tide sidan den som får all skatten til gode ikkje får pengane før 31. mai. Me har ikkje gjeldsrenter, men på dei fleste andre punktene er det litt å flytte på.
  2. Zeph

    Elbil-tråden

    Fordi den har fancy lys ser det ut som. Enkelte bilar i dag minnar stadig meir om PC-kabinett fullt av lys.
  3. Som gift kan du fordele formue som du vil. Skal tru om dette kunne fungert der òg. Om eit par betalar formuesskatt kan heile summen leggast på ein person som får pengar til gode og den andre restskatt som blir betalt innan 31. mai. Ut frå teksten til Skatteetaten så ser eg ikkje kvifor dette ikkje er lov: På skattemeldinga står samla formue for begge, så eg veit ikkje om dei tar utgangspunkt i den samla totalen for begge eller om du hadde fått renter på tilgodebeløp med det trikset.
  4. Zeph

    Elbil-tråden

    Sånt er det greit å ha satt seg inn i før du kjører bilen. Framdørene har ein manuell utløysar på døra, men på bakdørene er det litt fleire operasjonar som må til. Ikkje alle modellane har manuell utløysing heller. Mogleg eldre modellar har ei meir innvikla prosedyre. Om bilen står i brann eller går under vatn så vil du ha problem med å få opp bakdørene i tilfelle straumbrot. Dette er ei potensiell problemstilling for alle bilar med elektriske håndtak. Korleis løyser ulike merker det? Dette er kanskje noko NCAP-testane kunne ofra ein tanke.
  5. Ah, eg har heller ikkje fått med meg unntaket for konsollar. Jaja. 💸 Du får vel ikkje rabatt av det uansett?
  6. Kan fort bli ein PS5 Pro og GTA 6 til neste år. Gjerne med 20% rabatt hos Power. Satsar på me slepp produksjonsproblemene konsollen har hatt.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg har aldri eigd Leaf, men kjørt dei litt. Det er ein billeg og fornuftig bil som har vore viktig for Norge. Det er framleis den bestselgande elbilen i landet. Teknologisk er den havna langt bak nye bilar, men for mange bileigarar er det sikkert heilt kurant. Til daglege småturar er det ein grei bil.
  8. Det er ikkje kostpris som avgjer salgspris, men kva kundane er villig til å betale. Om dei kan redusere produksjonskostnad ved å selge digitalt og samtidig ta ein høgare pris såner det vinn-vinn for dei.
  9. Dette er eit EU-direktiv, ikkje laga spesifikt for Norge. Det er kanskje eit større problem i andre land, men der er nok òg plast frå embalasje og poser eit større problem enn korkar.
  10. Eg føretrekk kork som ikkje heng fast, men om det bidreg til mindre plast i naturen så skal eg klare å dra av korkane. Å helle med kork på er eg ikkje så begeistra over. Det var eit oppslag i ei avis at dei planla tiltak for å redusere plast som innpakning av mat. Der er det store tal å hente. Det er ikkje mange prosent av mitt plastavfall som er noko anna enn innpakning av mat. Grønsaker pakka i plast, oppi ein plastbakke. Firstprice har ei finfin løysing på kjøttdeig som er pakka i mjukplast, i motsetnad til konkurrentane som har varierande grad av hardare plast.
  11. Om du synest forsikringa har for lite dekning så kan du vel betale meir for å få høgare dekning?
  12. Den grillen blir eg aldri komfortabel med. Ellers hadde det vore moro om me var i ein situasjon der me hadde tankar om å kjøpe ein mindre bil framover. Skjer mykje i det segmentet no.
  13. Zeph

    Tesla - kaféen

    Om matriselys fungerer er det bra greier, men autodimming av langlys har forbetringspotensiale, så det spørs kor bra det fungerer.
  14. Du betalar renter på det beløpet du til ei kvar tid har igjen på lånet. Rentene du skal betale på eit lån på 2 millionar er akkurat det same i begge tilfella. Rentene på første avdrag er òg upåverka av type lån (serie eller annuitet) og varigheit på lånet. Over nedbetalingsperioden vil rentene endre seg avhengig av kor mykje som er igjen å betale ned.
  15. Spør banken din. Folk har fått både avdragsfri månad og utsett heile terminbeløpet, men kun banken du har lånet i kan svare på ditt tilfelle.
  16. Du treng ikkje EK. Så lenge det til saman er nok så er banken happy. Om det er 50/50 eller 100/0 betyr ingenting. For all del, lag ein kontrakt. De har for så vidt rota det litt til med oppussing, tidsbruk osv., der du ikkje står igjen med noko, mens ho har fått ein bustad med høgare verdi, men om de kjem fram til noko som er rettferdig og begge er einige om så skal det gå bra. Her er ein mal: https://forsikringsportalen.no/wp-content/uploads/2017/10/forsikringsportalen.no_samboerkontrakt.pdf Før de kan fylle den ut må de finne ut av dette med bustaden. Skal du kjøpe deg inn må du betale ho direkte eller overta delar av lånet. De bør få nokre verdivurderingar for å finne ein circa riktig pris. Du vil aldri finne kva bustaden faktisk kunne blitt solgt for utan å legge den ut på marknaden, men det er litt styr. Då me gjorde det så fekk me verdivurdering av fire forskjellige meglarar og vart einige om ein pris som var rundt median av det meglarane tippa. Hadde eg vore i denne situasjonen så ville eg tenkt at innsatsen du har gjort har tilført ein betydeleg verdi og ved innkjøp ville det ikkje vore urimeleg med eit avslag.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Salgspris blir styrt av kva marknaden er villig til å betale, så billegare batteri betyr ikkje nødvendigvis billegare bilar, men med priskonkurransen den siste tida så er det ikkje utenkeleg at det kan koma kjøparane til gode. Tesla demonstrerer godt kva pris betyr.
  18. Staten er blitt ganske flink på å kaste milliardar på store samferdselsprosjekt, byggeprosjekt, infrastruktur osv. Tosifra milliardsprekk er blitt så vanleg at ein hever ikkje augebryna av sånt lengre. Sysselsetjing kan ein kanskje kalle det sidan det er ein del folk i sving på den slags.
  19. Makspris for barnehageplass i 2023 var 3000. Dei 380 kronene er til mat, som du ikkje får frådrag på. 3000*5 = 15 000.
  20. Så lenge du ikkje selger så er det ikkje eit tap.
  21. Skulle ikkje Danske Bank forsvinne frå Norge? Og kundane gå over til Nordea?
  22. Ja, det er eit fleirtal av menn/gutar. Det heng nok litt saman med at forumet opprinneleg for 20+ år sidan var Hardware.no, eit forum for å diskutere PC-relaterte emner. Etter kvart har det dukkar opp mange nye kategoriar og fleire kvinner/jenter, men det er framleis flest menn/gutar. Med unntak av KG, babyverden og liknande så vil eg tørre påstå at dei fleste, om ikkje alle, forum av denne typen har flest menn/gutar som brukarar. Om du leiter så finn du trådar om kvardagslege emner her òg, men det vil aldri bli KG.
  23. Zeph

    Elbil-tråden

    Så lenge det er snakk om potensiell energi så må vel alle tap tas med sidan delar av den potensielle energien går vekk til tap? Ep = m*g*h Eks.: Bil på 2000 kg, 500 m nedstigning (høgdemeter). Ep (i kWh) = 2000*9,81*500*2,78e-7 = 2,7 kWh. Kan du få tilbake 0,9*2,7 = 2,43 kWh? Kilometer er ikkje så interessant, eg tenker kun på energien lagra i og henta ut av batteripakken.
  24. Zeph

    Elbil-tråden

    Det høyrest for høgt ut om du meiner at 90% av den potensielle energi ender opp i batteriet. Noko av energien går vekk i tap for å få bilen framover, friksjon, luftmotstand osv. Så er det tap i dynamoen og inn på batteriet. 3 kWh på eit 70 kWh-batteri hadde vore 4,3%.
×
×
  • Opprett ny...