Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 558
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Står ein del her: https://pengeverkstedet.no/pensjon/bor-du-ta-ut-pensjon-tidlig-eller-vente/
  2. Gå ut til bilen og sjå på klossane, ev. del bilete av dei. https://www.eurodel.no/blogg/nar-skal-du-skifte-bremseklosser-minimumstykkelse
  3. https://www.aftenposten.no/verden/i/XbGW6o/putins-nye-vaapen-terroriserer-du-kan-kjenne-hvordan-organene-rister
  4. Diskusjonen om det er lov å setje inntekta for lågt med vilje har vore oppe fleire ganger. Det står i forskrifta at du skal oppgje riktige tal, så det er i beste fall på kanten og ikkje i tråd med det som står skrive å oppgje for lite, men eg har aldri lese om nokon som har fått reaksjon på det. Verken korrigering av skattekort eller anna. Det blir stadig meir og betre automatikk i systemet til skatteetaten, så om dei ikkje har i dag kjem det kanskje noko som legg deg til ei liste om det er store avvik år etter år.
  5. Zeph

    Tesla - kaféen

    Når det først er snakk om lys så burde alle ta ein sjekk på sin bil og ev. justere dei. Det er mange som meiner dei ser ein overvekt av Tesla med feil lysstilling på veiane.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    For å oppsummere: Folk har ulike behov på biltur. Uansett korleis du snur og vender på det heile så er det ingen som kan påstå at det er like raskt å fylle elbil som drivstoffbil. I ut- og innfartsdagane blir det spesielt tydeleg. Å trykke pølser i trynet hjelper ikkje bilen å kjøre lengre, men passar pausane på ein tur med lading så er det tipp topp. Ja, det finnes bilar som lader ganske raskt, men du må stå i kø med Leaf, Kona osv. uansett. Sjølv dei raskaste brukar meir tid enn ein drivstoffbil. Når det blir ståande lange køar på veien er det sjølvsagt uheldig, og ein konsekvens av ein stadig aukande elbilandel. Det hjelper med nye stasjonar og at bilar som ladar raskare erstattar eldre treigladebilar, men samtidig kjem det fleire nye elbilar på veiane kvar einaste dag.
  7. Er Norwenglish eit alternativ? Ikkje at eg pratar så mykje engelsk etter at eg slutta med online gaming, men det er nok ein blanding, med mest amerikansk.
  8. Nei, ho må ikkje det om ho kun fungerer som mellomledd og lånet du har til ho er like stort som lånet ho har til banken.
  9. Eg synest 90% av artiklar om FIRE involverer personar som driv med noko TikTok/Instagram/Influenser-opplegg. Gjerne dei som har slutta i arbeid, men har inntekt gjennom sosiale medier, som om ikkje det er arbeid.
  10. De kunne løyst det ved at ho hadde så stor del av lånet som ho kunne betjene og betalte ekstra ned på sin del samtidig som du betalte på din del. Ingenting å gjere med det no, men andre som les denne tråden kan kanskje ta lærdom av det. Reknestykket ser ut som det gjev meining for meg så lenge begge er inneforstått med konsekvensane av ev. ny verdi på bustaden. Eg ville frå no av anbefalt at de deler lånet sånn at eigarbrøken blir 50/50 og den enkelte betalar sin del av lånet. Om ho vil ha meir EK/mindre lån kan ho betale inn ekstra.
  11. Det er blitt dyrt med PC når skjermen kan koste like mykje som ei betre spelmaskin.
  12. Det er jo den løysinga de har praktisert ved at ho har betalt 82.88% av låneutgiftene. Som sagt har ho i praksis eigd meir enn deg av bustaden ved å betjene ein større del av lånet. Eigenkapitalen er ikkje noko meir verd enn lånet. 500k i EK er likestilt med 500k i lån. Hadde det blitt samlivsbrot etter tre år så kunne ho argumentert for at ho har betjent ein så stor del av lånet at ho eig meir av bustaden enn deg og fått 70% sv salgssummen, men det kunne blitt ein konflikt der. De burde sjølvsagt hatt ein skriftleg avtale på dette før, men betre seint enn aldri. Det er på ingen måte klart at du eig meir når ho har betjent ein del av lånet som er større enn din EK pluss delen av lånet du har betjent. Sånn kunne det blitt løyst for å få 50/50 frå start: Du hadde ansvar for 39,67% av lånet og betalte tilsvarande terminbeløp. Ho hadde ansvar for 60,33% av lånet og betalte tilsvarande terminbeløp. Sånn kunne de hatt det i evigheita, aldri måtte justere noko som helst igjen. Brøken ville aldri endra seg. Når du skriv at ho har dekka det ho kunne av dine utgifter så forstår eg ikkje kvifor dette ikkje ville fungert frå starten av. Forskjellen hadde vore at ho betalte mindre på lånet og du meir. Ein person kan ha 0 i EK og likevel eige ein større del av bustaden enn den som stiller med EK. ———- Om verdien på bustaden ikkje har endra seg stort så treng det ikkje bety så mykje og de kan kome i mål med ei 50/50-fordeling ved å rekne på det. Uansett ville eg fordelt resten av lånet sånn at de får 50/50 i dag. De kan ev. få verdivurdering av 2-4 meklarar og bestemme ein verdi ut frå det.
  13. Zeph

    Tesla - kaféen

    Har hatt den ei veke, men ikkje drive med mørkekjøring. Nokon som har prøvd det på elbilforum seier det fungerer bra.
  14. De har gjort det unødvendig komplisert. Hadde de rekna på det i starten så ho betjente meir av lånet tilsvarande det du hadde i eigenkapital (EK) så hadde de oppnådd 50/50 eigarbrøk med ei gang. Så fort bustaden er kjøpt må du ikkje tenke på eigenkapital, men kor stor del av bustaden den enkelte eig, i prosent. Det er ikkje noko poeng i at begge skal ha lik eigenkapital, som for øvrig ikkje er relevant lengre etter at bustaden er kjøpt. Du eig den delen du gjekk inn med som EK pluss andelen av lånet du har betjent. Ho eig den delen av lånet som ho har betjent. Eg får ikkje tala til å bli 60/40 og dei går heller ikkje opp med kjøpesummen. Kan du dobbelsjekke dei og ev. korrigere? Måten de har skeivdelt betaling av terminbeløp er òg unødvendig komplisert. Sidan dette har pågått over fleire år ville eg tenkt at de slår alt saman og ser kor stor del av lånet den enkelte har betjent, som vil reflektere kva den enkelte har av eigarbrøk. Problemet med måten de har gjort det på er at lånebeløpet ikkje reflekterer verdien etter kjøpet er gjennomført. I utgangspunktet var lånet på 2.235.500, som var 82.88% av bustaden (2.235.500/2.697.170). I dei åra etter desember 2020 har sannsynlegvis verdien til bustaden endra seg heile tida og lånebeløpet i kroner og øre ikkje lengre representativt for kor stor del av eigarbrøken lånet representerer. Når ho betalar dine avdrag så er ikkje kjøpesummen den gang relevant lengre, men verdien akkurat der og då, som kan endre seg frå månad til månad. Går verdien opp så vil kvar krone på lånet utgjere ein større eigarandel av bustaden enn ved kjøpetidspunktet. Går verdien ned så er det omvendt. I praksis har ho betalt 86,25% av alle terminbeløp, som normalt ville bety at ho eig ein andel av bustaden tilsvarande 86,25% av lånedelen, som er 71,48% av bustaden.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Jepp. Fantastisk dårleg til å vere ein bil i 2024. Spesielt ein som skor seg på å vere teknologisk frampå.
  16. Dvs. at om du betalar 1. juni vil du betale renter tilsvarande 3,51% i 11 månader, altså f.eks. 60k*3,51%*11/12. Betalar du ikkje før 1. juli blir det eit heilt år, og 3,51% av heile summen.
  17. Russland er stort og har vore eit diktatur over lang tid, så Putin og hans forgjengarar har hatt gode føresetnader til å prioritere ressursane der dei vil. I tillegg er Russland ein oljenasjon som bidreg med enorme summar. Eit land med 150 m innbyggjarar har sjølvsagt meir å ta av enn om dei hadde 50 m.
  18. Kva prosent brukar du for avkastning?
  19. Nei, det gjer eg ikkje. Eg har ikkje satt opp noko reknestykke heller. https://www.finansnerden.no/hva-betyr-norske-skatteregler-okonomisk-uavhengig/ 480k*35 = 16,8 m
  20. Dette har ikkje med draumar eller levemåte å gjere, men matematikk. Eg har ikkje tid til å kome med motforslag akkurat no, men kan prøve seinare, om ingen andre kjem på banen før den tid. Det er sjølvsagt veldig mykje som er usikkert mtp. framtidig økonomi, skattereglar osv., men me kan ikkje anna gjere enn å ta utgangspunkt i dagens situasjon. 4%-regelen seier veldig enkelt at du må ha 25 ganger forbruket. 480k*25 = 12 m. Det er frå USA og er kanskje ikkje like riktig her, men om du doblar det er du likevel ikkje oppe i 30 m.
  21. 30 m høyrest veldig konservativt ut eller direkte feil måte å rekne på. Tar reknestykket utgangspunkt i at du betalar skatt på alle 30 millionane? Dvs. at heile summen er gevinst?
  22. Så lenge likningsverdien er over 1,7 m så betyr det ingenting om det er verdiar i hus, fond, aksjar eller på konto. Det er derimot forskjell på likningsverdi avhengig av kva type verdi det er. Din primærbustad har 25% likningsverdi av marknadsverdien. Er bustaden verdt 1 m så er likningsverdien 250 k, som inngår i summen som blir skattbar frå 1,7 m. Aksjefond har 20% rabatt, så 1 m i fond har 800 k i likningsverdi. Midlar på konto har 0% rabatt, så 1 m på konto har 1 m i likningsverdi. Du må for øvrig kun skatte av verdien over 1,7 m. Dvs. at om du har ein likningsverdi på 1,8 m så må du skatte av 100 k.
  23. Zeph

    Elbil-tråden

    Vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor kan me ikkje ta som noko standard på same måte som WLTP. Det er alt for lite kontroll på eit sånt eksperiment. Den kan gje indikasjonar.
  24. Potensialet er gjerne høgare ved å eksponere seg meir mot USA, men samtidig blir risikoen større.
  25. Nordnet Teknologi Indeks kostar 0,29% på Nordnet, så eg forstår ikkje heilt kva dei skal fram til.
×
×
  • Opprett ny...