Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Synsing altså? Om ingen veit kva dei stillingane driv med er det meiningslaust å diskutere.
  2. Dei legg ned Sbanken-nettbanken, men skriv jo samtidig at du kan bruke DNB sin nettbank:
  3. Straum går eg ut frå sidan PC-en slår seg av? Er det stasjonær med denne type plugg? Dei er av og til litt tunge å dytte inn, så det kan hende den ikkje blir dytta godt nok inn. Mi erfaring er at dei heng veldig godt når dei først er satt heilt på plass, men det finnes kanskje unntak. Legg ev. ut bilete av plugg og der den går inn i PC-en.
  4. Ti laken for ei kapselmaskin? Då måtte den tatt oppvasken for heile kjøkenet og kanskje klesvasken på badet i tillegg.
  5. Me hadde pendellampar på eit liknande opplegg. Med nok lampar, rett plassering og riktig type pærer så kan det bli greit lys av sånt òg. Eg er mest opptatt av arbeidslys, men må ikkje ha like mange lux på kvar cm2 av arbeidsplassen. Ikkje er eg så glad i spotter heller, så det var aldri vurdert. På ein del hadde me ei hylle på veggen over benken og monterte ei LED-list på undersida av hylleplata som fungerte bra.
  6. Ventar folk å kunne få tilgang til alt av film og TV for nokre hundrelappar? Samanlikna me før strøyming er det veldig billeg å kjøpe tenestene. Før måtte du kjøpe eller leige ein film. I dag får du tilgang til store bibliotek for 100-150 kroner ein heil månad. Du får ikkje tilgang til alt, men du må heller ikkje abonnere på alt heile tida. Ta ein månad på ei teneste, ein månad på neste osv. så dukker det alltid opp nytt dei periodane du ikkje abonnerer. At det er mange dårlege tekniske løysingar der ute er eg heilt einig i, men då får eg heller la vere å sjå det innhaldet dei tilbyr.
  7. Eg fekk låg spenning på 12V-batteriet på ein 2019 bensin-Kodiaq som vart brukt til mykje korte turar med innebygd motorvarmar ein kald Oslo-vinter.
  8. Kan ikkje hugse at eg har hatt eit behov for å flytte med meg rundt TV-en i huset, og eg tar mykje heller ein straumkabel (resten kan gå på wifi) enn å bruke batteri. Mange veggoverflater er ikkje egna for sugekoppar. Definitivt nisjeprodukt som eg har tvilar på vil ta av.
  9. Eg tenkte på motorvarmar innebygd i bilen som ikkje er avhengig av straum frå stikkontakt. Når motorvarmaren får spenning frå stikkontakt er det nok ikkje eit problem. For batteriet sin del er det ein fordel med varm motor som startar lettare og tar mindre straum ut av batteriet.
  10. Motorvarmar betyr lite ville eg tru sidan den varmar opp motoren, ikkje batteriet. Den brukar straum frå batteriet for å varme motoren, som òg belastar batteriet utan at det får lading. Hyppig bruk av motor/kupévarmar før korte turar vil redusere spenninga på batteriet endå meir enn om du hadde starta bilen kald.
  11. Om du kjører mange kortare turar, spesielt på vinteren, så kan 12V-batteriet bli tappa ut meir enn det blir lada opp, så det kan vere nødvendig å vedlikehaldslade batteriet med ladar tilkopla stikkontakt av og til. På lengre turar får 12V-batteriet meir tid til å bli lada opp av dynamoen.
  12. Kravet er fast tilkobling spesifikt for VVB med merkeeffekt på 1500 W eller meir. Står ingenting om eigen kurs eller anna utstyr som kan trekke over 1500 W. Meg bekjent er det kun for elbilladarar at NEK faktisk stiller krav om eigen kurs til bustadformål. Du kan òg bruke industrikontakt for VVB. Varmepumpe er ofte tilkopla med stikkontakt eller fast tilkopla med servicebrytar av praktiske omsyn, men det er heller ikkje noko krav.
  13. Kvar i NEK 400 finn du dei krava?
  14. Det kjem an på kva effekt varmepumpa maksimalt kan trekke. Så vidt eg hugsar då eg sjekka så var maks effekt på mange rundt 2-2,5 kW. Større pumper vil trekke meir, men dei fleste er nok under 3 kW som ein 13A-kurs kan levere.
  15. Det er ikkje krav om eigen kurs. Om du har utestikk som ikkje er brukt til stort anna og lite brukt på vinteren så kan den brukast.
  16. Zeph

    Tesla - kaféen

    Sommar 2023. Har ikkje prøvd andre utgåver av bilen for samanlikning. På fin vei er det heilt grei komfort, men litt mykje støy. På dårleg og islagt vei ristar heile bilen, som lagar støy av det òg.
  17. Zeph

    Tesla - kaféen

    Gjekk litt seinare, men når det gjekk ikkje fort i utgangspunktet blir det ikkje så stor forskjell.
  18. Zeph

    Tesla - kaféen

    Det hadde nok gått fint med Tesla òg. Dei er gode på brøyting, og over fjellet var det som å kjøra på nylagt asfalt. Delar av veien lågare i landet var det tørr asfalt, som er ei glede å sjå på denne tida av året. Me har kjørt Hardangervidda i mange år, der erfaringa har vore veldig humpete og bråkete vei, men no kjørte me Haukeli og det var speglblank vei. Den eine veien hamna me i kolonne og det vart seint på kvelden. Då er komfortmodus fabelaktig når små born søv og du kjører på dårlege veier med is her og der. Ikkje like gunstige forhold her lokalt. Islagt vei med vaskebrettmønster. Der er det veldig stor forskjell på MY og Enyaq i komfortmodus. Der ristar og bråkar i MY. Ein bekjent måtte skifte tre av fire bærearmar, stag eller noko sånt på ein litt eldre Model 3. Verkstaden hadde sagt at dei nok hadde kjørt litt for mykje på dårleg vestlandsveier. Med stiv bil og dårleg vei så blir det meir belastning på det meste i bilen. På Eviny i -13° C kom me opp i heile 55 kW med Enyaq. Pausen varte uansett ein time så me fekk lada opp frå 49% til 95%. Der Tesla-ladarane står passa ikkje heilt med tidspunkt og lokasjon for lading, ellers brukar eg gjerne dei.
  19. Har brukt det nokre månader pga. iPhone og DNB. Ingen problem så langt.
  20. Går minusgrader oppover eller nedover? I desse dagar har eg lese mange måtar journalistar har skrive om temperaturar. Nokre skriv om minusgrader som har gått heilt opp til 30, andre at dei har gått ned. “-30 minusgrader” blir vel feil, så om du skriv “30 minusgrader”, går det då oppover til 35 minusgrader? Enkelte blandar litt om grep og skriv gjerne at det er minusgrader ute, men samtidig at det er -25 og skal lengre opp. Det høyrest feil ut. Frå -25 til -30 er nedover i mitt hovud. I ein artikkel på NRK står det “- 40,5 gradar” i ein setning og “36,1 minusgrader” i neste. Lengre oppe i artikkelen er “kuldegrader” allereie mykje brukt. Kuldegrader er òg brukt, men det blir kanskje det same som minusgrader.
  21. Zeph

    Tesla - kaféen

    Tesla bråker tidvis som eit fly når forvarminga går, kanskje endå meir når det er kaldare. At det er ei plage når bilen står nær eit vindauge har eg ingen problem med å forstå, utan at det treng vere feil med bil eller hus. Om det hjelper så kan du spørje dei om å la forvarminga starte seinare. Det går ikkje lang tid frå den startar opp til det er grei lunk i bilen. Med litt varme i seter og ratt er det sjeldan nødvendig å la den stå på så lenge.
  22. Forhåpentlegvis vil hendinga redusere sannsynet for at det skjer igjen, som ville vore til glede for alle andre på veien.
  23. Innebygde ovnar for 16A-kurs går på Schuko. Det er ingenting i veien for å montere på komfyrstikk, men det er ikkje nødvendig. Då dei målte over 14A sto ovnen på den sterkaste grillinnstillinga, noko ein sjeldan brukar til vanleg og i så fall i korte perioder. Over/undervarme eller varmluft vil ikkje trekke så mykje. Kanskje under hurtigoppvarming, men den vil nå settpunktet på nokre minutt og deretter er det ikkje behov for like mykje effekt. Mtp. kor lite dei fleste ovnar er i bruk i løpet av ein dag er det liten fare med Schuko. Ikkje blir støpselet dratt ut og stappa inn ofte heller.
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Har allereie kjørt Enyaq ein vinter, og det er ikkje behov for 1,5 timar lading. Turen er typisk 350-400 km. I tillegg har me små born med så det blir pausar uansett.
  25. Zeph

    Tesla - kaféen

    På vinteren blir det i alle fall Enyaq til langtur pga. komfort og støy. Model Y er ikkje i sitt rette element på humpete vinterveier. Det får blir Model Y til sommaren. Skulle eg ynskja endringar på Model Y så ville komfort og støydemping toppa lista. Basert på Highland så er det vel ikkje urimeleg å vente at Model Y får akkurat det med Juniper.
×
×
  • Opprett ny...