-
Innlegg
44 556 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Bill Gates vil revolusjonere el-produksjonen med atomkraft
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Når dei rikaste i verda satsar, kan det faktisk bli noko av det. Musk satsa på elbil, og om Gates får dette til å fungere så er det håp. Kanskje det kan motivere fleire som er søkkrike til å tenke på dei neste generasjonane. Dei får ikkje noko med seg i grava, men i den grad det betyr noko kan dei i det minste få eit godt ettermæle. Gates har allerie eit godt ettermæle pga. sitt filantropiske arbeid, uansett om enkelte trur det var 5G-brikker i Covid-vaksina. Veldig interessant at dei kan nytte avfallet til tradisjonelle reaktorar, som har vore eit stort ankepunkt for mange. -
Basert på Reddit-brukarar er ikkje NG+ så veldig forskjellig, men du har vel sett korleis det skalerer så langt. Med eit høgt nivå på karakteren og fullt oppgradert våpen er det mindre å hente på å nå eit endå høgare nivå og du er meir enn godt nok oppgradert til å runde både hovedspel og DLC. Kjør på med NG+. Kanskje med unntak av nokre få sjefskampar går det nok heilt greit. Skulle du få store problem med ein og ikkje vil bruke timevis på å lære kampen så kan du alltids endre builden til noko som fungerer betre. Ashes er òg eit hjelpemiddel som gjer kampane langt enklare. Om du er halvveis i NG+ er kanskje Radahn og Mogh allereie slått. Om ikkje er begge lett tilgjengeleg. Litt av poenget med at du skal ha slått Radahn og Mogh er kanskje at karakteren din skal ha fått sjansen til å bli oppgradert nok til å fungere greit med skaleringa i DLC-en. Å starte ein ny NG rett på Shadow of The Erdtree er nok vanskelegare enn ein fullt oppgradert karakter i NG+.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Det overraskar nok ingen. Som med alle andre spel på Steam er det ein stor andel som sluttar før dei er komne spesielt langt. Som i tidlegare spel satsar eg på at ein ferdig oppgrader karakter fungerer. Er den for sterk kan ein alltids justere det med å endre nivåpoengsfordeling eller våpenoppgradering.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Det er sant, men å bruke avvikene på PGA-turen er uansett ikkje nyttig. Sjå heller på kva fleirtalet driv med. Fleire profesjonelle spelarar med ukonvensjonelle svingar har ikkje korrigert det fordi det fungerer for dei, men ingen vil anbefale å svinge som Jim Furyk. Finau og Keegan får det til å fungere, men den oppstillinga er ikkje noko å trakte etter. Dei har kanskje blitt gode med den oppstillinga og ikkje turt å gjere noko med det seinare. Om noko ville eg heller hatt bein som er nærare heilt rett enn så mykje bøy. Fleirtalet har midten av hoftene ca. over ankelen ein stad, ikkje bak leggen, 33-40° vinkel på ryggen, ikkje for mykje bøy i knea og armane hengande -2 til +5 grader. Høgde, armlengde, køllelengde og personleg stil vil påvirke det litt. Mykje god info her: https://thesandtrap.com/forums/topic/106708-addresssetup-numbers-challenge/
- 1 061 svar
-
- 1
-
-
Hva skal vi gjøre med teknologisk inkompetente politikere?
Zeph svarte på Runar sitt emne i Politikk og samfunn
At den blir hacket er ein ting, men om dei av den grunn skulle få tilgang til sensitiv informasjon hadde vore endå verre. Eg håpar ein minister har vett nok til å ikkje bruke FB til sånt.- 10 svar
-
- 1
-
-
Med nokre enkle mål av høgde, til håndledd osv. bør du kunne finne eit estimat på riktig lengde. Skaft flex er veldig individuelt, avhengig av styrke og svinghastigheit. Eg ville heller brukt pengar på å finne nokre få køller som passar enn å kjøpe eit stort sett. Gjerne hybrid på lengre køller i staden for lange jern. Ein nybyrjar kan gjerne slå 7i, 6i og 5i like langt og kan heller då slå kun 7i for å bli betre med den. Med riktig lengde, riktig flex og lettspelte køller er du godt på vei. Det er og ein del på Finn om du finn noko som passar. Det er sjølvsagt mykje å lære som ny. Om ho likar det og vil spele ein del så er ein protime og to å anbefale. I første omgang er det veldig viktig å få på plass riktig grep og oppstilling. I dag finnes det òg gode digitale alternativ som ikkje kostar skjorta. Bommar ein der så blir alt anna så mykje verre og å fikse på svingen med feil oppstilling kan gjere vondt verre. Mange undervurderer kor viktig dei to elementene er. Det fine med grep og oppstilling er at det skjer før svingen startar, så det er enklare å justere og passe på å få det riktig kvart slag. Langt enklare enn å jobbe med andre element. Står du for langt frå ballen, for mykje framoverbøygd og med eit dårleg grep i håndflatene så har du oppskrifta på dårlege slag.
- 1 061 svar
-
Indeksfond er aksjefond. Kva er tidshorisonten og kan du få bruk for midlane på kort tid? Kjøper du eit globalt indeksfond bør du ha minst 5-10 års tidshorisont, vere klar over at verdien kan bli halvert på kort tid og at det kan ta årevis før den er tilbake der den var. Det skjer relativt sjeldan, men risikoen er der.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Det er stor forskjell på støv og mugg. Støv er heilt normalt og vil alltid legge seg på ventilar sidan luft går inn og ut av bustaden der. Mugg er teikn på dårleg luftsirkulasjon og for høg luftfuktigheit, ofte pga. ventilar som er stengt. Er ventilar ellers i huset/bustaden åpne? Korleis ser dei ut? Om du får åpna ventilen meir så ser du kva som er inni der. Mistenker du mugg så ta bilete før du fjernar det.
-
Sjekk kva rente du har, men det er neppe spesielt lågt, så du bør uansett prioritere å betale ned heile lånet. Forbrukslån kan ha rente på 10-30%. Det første dei startar med i Luksusfellen er å få oversikt over lån og betale ned eller kvitte seg med forbrukslån så fort som mogleg.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Kommentar: Gjer dei same feil igjen?
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har runda det meste frå From frå Demon’s Souls til Sekiro utan summons eller anna. Hadde eg vore 10-15 år yngre ville eg nok kjørt på med Elden Ring og lagt ned timane for å slå Malenia på same vis, men eg har ikkje like mykje tid lengre, så etter ei stund med prøving og feiling vart det bruk av ashes der. Elden Ring lar deg i større grad enn tidlegare spel gjere det enklare med summons, så eg har ikkje så store problem med det. Akkurat Waterfowl Dance er spesielt irriterande sidan den har så mange angrep og er vanskeleg å unngå, så eg forstår frustrasjonen til mange. Eg fullførte ER etter 170 timar, men det var i overkant langt synest eg. For min del fungerer den semi-lineære stilen til forgjengarane betre. Det blir mykje riding og farting i ER. -
Sjølv om det er lov så er det framleis ikkje anbefalt å kjøre vinterdekk på sommaren, uansett tilstand. Vinterdekk er mjukare og laga for optimal bruk i kulde, på snø og is. Jo høgare temperatur jo verre, og våt veibane er heller ikkje heldig.
- 5 svar
-
- 5
-
-
-
Om du har 1m i aksjar eller fond så er likningsverdien 800k, altså 20% rabatt. Innskot (konto) har ikkje rabatt. Har du td. 1m i aksjefond og 900k på høgrentekonto så har du ei formue på 1,9m, men pga. rabatten på fondet så er likningsverdien på fondet 800k, den totale likningsverdien 1,7m og du må ikkje betale formuesskatt.
- 4 svar
-
- 2
-
-
Om komfort er viktig så ville eg ikkje valgt P, men alle har ulike komfortpreferansar. 21”-felgane kan kanskje bytast ut, men er den ikkje meir sportsleg på andre vis òg? Lågare og stivare.
-
Det vil ikkje skade glaset. Tørk av og ev. vask etterpå. Hugs å la stoffet virke eit minutt eller to. På tjukk lim må du kanskje ta det i fleire rundar. Glas-skrape er skarpt som barberblad. Noko sånt:
-
Sitrusrens om det er klissete, glas-skrape om det er tørka. Ev. først spray, la det virke eit minutt og skrape av.
-
Les utdraget torbjornen posta. Denne ‘Roaring Kitty’ la ut noko på X. Mange kjøper GME fordi dei har håp om å selge med vinst, og det er ei investering.
-
Kvier du deg for «soulslike»-sjangeren?
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Lies of P står framleis på ynskjelista, men Sekiro har eg runda. Det er eit heilt anna kampsystem enn Souls, men det baserer seg framleis på å lære motstandarane sine rørsler ved å dø om og om igjen før du vinn. I Sekiro er rulling/dashing bytta ut med avleding/deflecting. Når ein først forstår greia så synest eg det var mykje likt. Det skal seiast at eg før det hadde runda DeS, DaS og BB. Dei som er ute etter Soulslike har vel gjerne spelt eit spel og tre i sjangeren før, ofte Dark Souls, og veit kva dei går til. For ein heilt nybyrjar så er nok ER det som tilbyr mest hjelp. Samtidig er det veldig langt og omfattande. Er er tilhengar av å spele alt i kronolgisk rekkefølgje, men då med DeS Remake om dei har PS5. Dei med PS3 kan kjøpe originalen. -
Når nøden er størst. Tørkepapir i do? Katastrofe?
Zeph svarte på Sovna sitt emne i Hus, hage og oppussing
I verste fall putte det i ein pose og kaste i restavfall.- 7 svar
-
- 2
-
-
-
Kanskje ein app som driv i bakgrunnen og brukar straum. Du kan trykke på grafen i innstillingane for Batteri og få opp kva som brukte straum time for time. Du kan òg prøve ein omstart av telefonen om det ikkj er ein spesiell app som er problemet. Når den er inaktiv så brukar min 14 Pro nesten ikkje straum.
-
Mi erfaring er at bilen ikkje bryr seg stort om gulstripa, men hyler fort om eg nærmar meg den kvite.
-
Er det ikkje sånn at dei som har lett for å bli avhengig av noko òg har lettare for å bli avhengig av anna? Det kan vere spel/gambling, videospel, narkotiske stoff, alkohol, jobb osv. Eg har i alle fall eit par bekjente der det har vist seg å stemme.
-
"Spillavhengig" er vel det riktige omgrepet her.