Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Kva synest du ikkje er bra med den?
  2. Det blir spådd kollaps heile tida. Ein dag skjer det, men dei fleste dagane skjer det ikkje. Teknologi er så mangt, mykje meir enn kunstig intelligens. Teknologien er grunnlaget for den enorme utviklinga verda har sett det siste århundret, og det er ingen grunn til å tru at teknologi ikkje blir like viktig framover. Det betyr ikkje at ein teknologitung indeks vil gjere det best, men globale indekser har òg mykje teknologi. Om du har undersøkt forskjellane og har trua på teknologi-indeks så kjøp for all del det. Er du ute etter ein litt tryggare måte å investere på, men som samtidig er venta å ha grei avkastning på lang sikt så er ein global indeks å anbefale. Fasiten får du den dagen pengane skal ut igjen.
  3. Det er eg klar over, men har dei større rentemargin enn andre bankar? Justert for mengd kundar, har DNB eit uforholdsmessig stort overskot? Uansett, det er fritt val av bank her i landet, så eg ser ikkje noko poeng i å klage på DNB. Har du dårlege vilkår så skift til ein bank som har betre.
  4. Det er vel ikkje einaste banken med stort overskot pga. renta. Kva med dei andre? Poenget med ein bank er som alle andre bedrifter, å tene pengar for aksjeeigarane. Jo høgare overskot jo betre.
  5. Zeph

    Tesla - kaféen

    Nødbrems som kun hadde fungert med CC aktiv ville vore dårlege greier. Den er heldigvis alltid aktiv. Eg har opplevd det oftast når eg prøvde å rygge på nokre høge gras-strå, samt eitt tilfelle i ein stillegåande kø der eg ikkje fulgte med og fekk med meg at bilen framfor hadde stoppa. Har du opplevd ein nødbrems så veit du det.
  6. Så lenge utviklaren ikkje føler at dei har plagiert så har dei nok ikkje det.
  7. På mobil kan du ta skjermskot av faktura, om det er PDF eller e-post, og hente biletet frå galleriet i mobilbanken.
  8. Eg har aldri kjørt buss, verken diesel eller elektrisk, men eg har vore passasjer i Oslo ganske mange ganger og sjåførane er ivrige på gasspedalen. Kombinert med glatt føre og elbuss så kan det gå dårleg. Spesielt med leddbuss som har drift på den bakre delen. Det kan godt vere elbussane kunne vore konfigurer annleis eller hatt ein vintermodus der pedalen gav mindre pådrag i starten, men dette driv dei vel og prøver å finne ut av. Poenget er at det neppe er det at bussane er elektriske som er problemet og at dei burde klare seg fint på glatt føre med riktig kjøring. Det skjer for øvrig at dieselbussar får problem når det er glatt òg. Enkelte føre er det rett og slett ikkje mogleg å kjøre på, spesielt ein leddbuss.
  9. Har du kjørt elbil? Eg har ikkje problem med å gje lite pådrag i ein elbil. I tillegg har du antiskrens som reagerer langt raskare enn på drivstoffbil. Om nokon kjører bil med av/på regulering, altså fullt pådrag eller ingenting, så burde dei fått inndratt førerkortet.
  10. Du har stort sett høgare akselerasjon med elbil, men det finnes mange elbilar med 0-100 tider i 6-10 sekund sjiktet og drivstoffbilar under 6 sekund. Tråkker du pedalen for hardt så fungerer ikkje det på glatt føre uansett kva bil du har. Teknologien og responsen i ein elbil gjer den betre eigna på glatt føre enn drivstoffbilar. Om du kjører ein elbil som ein drivstoffbil kan det gå dårleg, men det er det heller ingen som anbefalar deg å gjere.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Så påstanden din er at så lenge det ikkje skjer ei ulykke kan du drive med akkurat kva du vil i bilen så lenge det ikkje er ein mobiltelefon? Sjå film på ein laptop, lese bok, barbere seg, sminke seg, skifte klesplagg osv?
  12. Lønnskonto eller sparekonto med låg rente er det vel ingen som anbefalar å ha buffer på? Høgrente utan begrensing er det sikraste som du kan ta ut på dagen.
  13. 3 millionar, 25 år, 5,5% rente, 50 kroner i gebyr. Første månad er det 4675,- kroner i avdrag, og så stig beløpet med 23 kroner per månad. Rentene er 13.757,- kroner første månad og synk i snitt med 23 kroner per månad. Dei som har litt til overs kvar månad kan med fordel betale ned ekstra på lånet.
  14. Kan dei reagere like kraftig når det er andre enn ekstremt populære artistar som blir utnytta på den måten?
  15. Eg kan gå med på at sjåførane treng litt tid til å bli vane med elbuss på vinteren etter å ha kjørt diesel i årevis, men dei har nok ein pedal som kan gje lite nok pådrag til å kome seg rundt på glatta. Hadde du fått all effekt så fort du dytta på pedalen så hadde bilane vore ubrukeleg. Samanlikna med drivstoffbil får du langt meir moment rett frå start, men om du ikkje trakker så hardt på pedalen så får du heller ikkje så mykje effekt ut og bilen beveger seg sakte.
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Vindauge med rammer og vanlege dørhåndtak er to ting eg gjerne hadde ofra nokre kilometer rekkevidde for på Tesla. Det er berre ei plage.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Kanskje dei ikkje veit, men eg går ut frå at dei fleste på leiarnivå for Tesla Norge er norske og at det finnes nok kompetanse i selskapet til å forstå at det er ein anna kultur her. Eg trur det heller er snakk om at dei ikkje vil operere på den måten me gjer i Europa og Norge for å halde kostnadane nede og overskotet så høgt som mogleg, koste kva det koste vil. Den amerikanske måten.
  18. Du må gjerne dele alle dei andre avtalane som er betre.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg vil heller tru at pris er viktig når du kan få ein bil 100-300k billegare med alt utstyr Tesla har til bilen.
  20. Det er sikkert journalistar eller andre der ute som gjerne brukar litt tid på å gå gjennom masteroppgåvene til alle som ender opp i regjering eller fungerer som profilert politikar. Aftenposten ville finne Giske sin, men den er båndlagt av Giske og dei har ikkje fått respons frå han endå. https://www.aftenposten.no/norge/i/mBKed4/nyhetsstudio-siste-nytt?pinnedEntry=95011
  21. På bytt.no kan du legge inn forbruk og få eit estimat på kva dei ulike abonnementene vil koste. Forskjellane mellom dei billegaste er ganske liten, men det er avhengig av forbruket. I desse tider ser eg ikkje noko poeng i å flytte rundt støtt og stadig for å spare ein femtilapp. Velg ein leverandør og sjekk igjen om eitt år.
  22. DNB sin scanner har fungert fint for meg. Både papirkopi og digitale bilete.
  23. Prøv før du blir større?
  24. Er den kobla riktig? Lysbrytaren kan verre ei feilkjelde.
×
×
  • Opprett ny...