Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 535
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    Elbil-tråden

    Endå meir grunn til å ikkje kjøpe bil frå kinesisk merke eller produsert i Kina etter mi meining.
  2. Var midlane i ein salgssituasjon fom. 20. desember til 2. januar? Kva salgsdato står det på transaksjonen? Du får 20% rabatt på aksjefond, så det vil utgjere nokre kroner i formue og derav skatt. Om midlane sto i eit fond 31. desember så vil det redusere grunnlaget for formuesskatten på den summen med 20%. Om dei på ASK-konto så vil grunnlaget vere 100%. At midlane var i ein overgangsfase og derav ikkje dukka opp på skattemeldinga er ikkje utenkeleg. Spør gjerne Skatteetaten om saken. Dei bør ha kontroll på regelverket og vite om du skal skatte av summen.
  3. Ikkje minst billegare å pusse på eksisterande spel enn å bruke ressursane på noko heilt nytt.
  4. Kva står i årsoppgåva frå banken der pengane sto? Om eg forstår riktig så er det for personar under 22 år fritak for skatt på eingangsutbetalingar så lenge dei oppfyller vilkåra, men er du over 22 år så må det vel gå inn som formue. https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/barn/erstatning-ved-personskade-eller-tap-av-forsorger/
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Meget oppegåande design, både utvendig og innvendig!
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er tilfelle på min óg. Då fungerer ikkje automatikken.
  7. Zeph

    Tesla - kaféen

    Problemet er at du ikkje alltid veit kva du får før du har bruk for forsikringa. Det var vel noko liknande grunnar som de har nemnd til at eg ikkje gjekk for CoverMe.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Heldig då. Basert på det folk skriv på nett så virkar det veldig varierande kor bra automatikken fungerer. Min er ein TMY frå september 2023. Eg veit ikkje kvifor det er forskjell frå bil til bil. Ulik maskinvare kanskje. Tørr rute er ikkje det verste, men når den kan kjøre lenge med ruta full av vatn utan å reagere så er det irriterande. Nok ein sak å heile tida tenke på. Mykje av poenget med automatikk er at ein skal sleppe tenke på det.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    https://elbil.no/toyota-dropper-passord-navnene/ Det var endå godt. Eg forstår ikkje korleis dei kom fram til at desse namna var noko god idé. Corolla, Yaris, Camry, Land Cruiser er gode namn som er enkle å skilje frå kvarandre og hugse. bZ3X og bZ4X er dårlege namn. Ikkje spesielt imponert over ID-namna til VW heller. Lexus har drive på sånn i alle år, og av den grunn kan eg ikkje namnet på ein einaste Lexus.
  10. Zeph

    Elbil-tråden

    Då er du heldig eller bur ein stad med lite regn. I Auto vil den gjerne viske på tørr frontrute av og til, men når det høljer ned og ruta er fullstendig dekka skjer det tidvis ingenting. Ved lett regn kan den viske som om det var enorme nedbørsmengder. Vindusviskarautomatikk basert på sensor har fungert supert på andre bilar, der du i tillegg kan justere frekvens på autovisking etter kor mange dråpar det må vere før den kjører. Tesla ville vel spare nokre kroner på sensoren og finne opp noko nytt som ikkje fungerer.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er langt igjen før dei overbeviser meg om at kamera er løysinga. Dei får ikkje kamerabasert vindusvisker til å fungere ei gang. Ein Youtube-video er nå alltids ein Youtube-video og må tas med litt salt.
  12. Det vart alt for lyst i mørke scener ja. Ravenholm og området langs Lost Coast gjekk frå mørkt og uhyggeleg til kosekveld på sofaen. Kanskje dei berre må justere litt på lysmengda.
  13. Eg har ikkje studert det så nøye, men mtp. kilopris så har alltid smågodt vore godt under halvparten av anna godteri som du kjøper ferdig i pose. 100-150 kr/kg for smågodt og 200-400 kr/kg for andre ting. Jo mindre det er jo dyrare.
  14. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg trur dette er prisar eg fekk i fjor haust. Dette er kun med kalkulator på nettsidene. Ein kan gjerne få betre pris av å få kontakt med eit menneske. Det er uansett alltid veldig individuelt kva pris du får. Eg sjekker prisar stort sett kvart år rett før ny avtale trer i kraft. Med utgangspunkt i prisane under kan du kanskje få DNB-prisen hos SPB1 om du får kontakt med nokon. Eller ha to forskjellige selskap så lenge ein ikkje går glipp av noko bonus ved å ha fleire forsikringar som kan gjere det billegare. Dette er kun forsikringspris, utan trafikkforsikringsavgift.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Fremtind (Sparebank 1) LO Favør. Toppkasko, 12 000 km, 75%, førere over 23 år, 7000 kr i eigenandel. I året: 9274 kr pluss 3 176 kr i trafikkforsikringsavgift. I mnd: 772 kr pluss 264 kr i trafikkforsikringsavgift.
  16. Han har det i kjeften, det skal han ha, men det er mykje han kastar ut utan at det blir noko meir av det. Å annektere Canada er sjølvsagt ikkje aktuelt. Om den slags utsagn er bevisst for å dra fokus vekk frå Project 2025 og handlingane det faktisk blir noko av veit eg ikkje, men me har vel lært av hans tid i politikken at det kjem mykje vrøvl. Eg er einig i at dagens situasjon er meir anspent og usikker enn hans forrige periode, men igjen, ingen veit kva framtida bringer. Alt me har å basere oss på er historikken. Han har mange ja-menneske rundt seg, men samtidig støttar dei rikaste i USA han, og med for mange krumpspring mtp. økonomi, toll og amerikanske varer så kan dei byrja reagere. Eg tvilar på Bezos, Zuckerberg og co. er interessert i at mange land skal unngå amerikanske varer pga. det som pågår borti der. Dei har tross alt ein verdsomspennande marknad. Tesla gjekk nyleg ut og kritiserte Trump for det han driv med, og sa at det kan skade Tesla.
  17. Marknaden gjekk ganske greit i den første presidentperioden hans. Det er litt meir action denne gang, så ingen veit kva som vil skje, men basert på historikken er det ikkje noko garanti for at det går dårleg med Trump som president.
  18. Zeph

    Tesla - kaféen

    HUD synest eg Tesla kunne spandert på bilane sine. Det har eg blitt veldig glad i.
  19. Påstår du... Fasiten har me når det er over. Du kunne skrive mange bøker om alle ekspertar som har spådd kriser opp gjennom åra. Kriser som aldri inntraff.
  20. Det er alltid nokon som spår krakk, men kvar har du det frå at alle spår det akkurat no? Eg fann i alle fall ein person som ikkje er einig i at du bør selge: Hallgeir Kvadsheim. Det kan fortsetje ned, men det kan like fort ha nådd botn akkurat i det du har solgt. Å prøve å time kjøp og sal av indeksfond er vanskeleg og kan like gjerne slå ut negativt. Derav anbefalinga om å sitje stille i båten og vente på betre tider, med mindre du har bruk for pengane på kort sikt, men då burde dei aldri vore investert i fond eller aksjar i første omgang.
  21. Eg kjøpte ei Svane med Intelligel rundt 2010 som framleis er god å ligge på. Det siste året har den blitt gjesteseng sidan me hadde behov for fleire senger, men ingenting å utsetje på kvaliteten så langt.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Har ikkje lyst å eige ein bil frå eit merke Musk er så involvert i. Pengane er betalt, så det er for seint, men om eg byter til eit anna merke og nokon kjøper min bil så blir det kanskje solgt ein stykk mindre Tesla.
  23. Har du fond eller aksjar så er alltid risikoen der, men med langsiktige mål går det stort sett greit. Denne grafen kan vere grei å studere litt. Der ser du kva som har skjedd bakover i tid og kva ein kan måtte vente ved å ha pengar i fond og aksjar.
  24. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg heier på alle som ikkje kjøper bil i gråtoner.
  25. Zeph

    Tesla - kaféen

    Raud er finast, men veit ikkje om eg hadde betalt 24 000,- for det.
×
×
  • Opprett ny...