Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 556
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Intet mindre. Det er eit stort selskap, men det lukter kvantitet over kvalitet.
  2. Vanskelege forhold. Hadde dei hatt forhold som ei typisk PGA-turnering med sol og lite vind så kunne dei enda opp på betre enn 20 under par.
  3. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har annuitetslån kan du simulere eit serielån ved å betale ekstra ned på lånet kvar månad. Då kan du òg droppe ekstra nedbetaling ved behov for litt fleire kroner til andre ting. Du betalar rente basert på nivået på renta og gjenståande lånebeløp. Jo fortare du får redusert lånebeløpet jo lågare blir rentekostnadane.
  4. Den dagen det blir så dyrt at eg vurderer å sjå reklame er dagen eg avsluttar abonnementet. Ei av dei store fordelane med strømming er at du slepp reklamen. Prisen er etter mi meining framleis veldig låg om du ser nokre timar kvar månad. Det skal ikkje mange varene i ei handlekorg på Kiwi før du har eit abonnement utan reklame. Mange har fleire abonnement samtidig. Då ville eg heller betalt for eitt reklamefri tilbod om gangen og hatt pause på dei andre.
  5. Ein straffedømt lystløgnar av dimensjonar. Han er kanskje kognitivt meir oppegåande, men heller ein surrete Biden enn Putin-vennen Trump.
  6. Globale indeksfond er 100% aksjer. Alle prisar står der du kjøper fond, og prisen varierer etter kvar du kjøper. Tippar du har DNB, og der kostar td. Aktiv 100 1,2%, mens Global Indeks kostar 0,2%.
  7. DNB vil tilby Apple Pay ila. 2024 som følgje av dette. Dei som brukar Curve for å omgå dette kan då kvitte seg med Curve.
  8. Spar lenge nok så vil utsett skatt gje god renters rente-effekt.
  9. Ulike fond kan ha ulik pris hos forskjellige leverandørar så det er umogleg å svare på om alle fond er dyrare her eller der. 0,19% - Nordnet Global Indeks Det er ikkje spesielt dyrt. Det billegaste er Kron Indeks Global til 0,15% sist eg sjekka, og dei fleste ligg mellom 0,15-0,25%.
  10. Ja, det var fram og tilbake der òg, men over korte avstandar i smale ganger, og innsamlinga hadde eit formål. I spel med ope verd er det gjerne store områder utan noko særleg innhald som du må flytte deg over. Det er noko anna enn ein klaustrofobisk undervannsby med splicers rundt hjørnene.
  11. Nei, ver så snill...ikkje lag Bioshock som ope verd. Dei første to spela er perfekt. Du har større område per "kapittel" å utforske og kan bruke kart for å sjekke kvar du kan gå. Det er mørkt, dystopisk, klaustrofobisk og fabelaktig. Det er heilt topp, og du slepp kaste vekk til på å fly fram og tilbake som du ofte gjer i ei ope verd. Store, tomme områder og samle planter for eit eller anna tøys. Ser ikkje for meg Rapture som ope verd heller, og eg håpar verkeleg at dei returnerer til Rapture. Infinity var greit. Å fly rundt med winch-armen var moro, men alt i alt langt frå like bra som 1 og 2.
  12. Poenget med kamuflasje er vel for at designet ikkje skal bli synleg før dei skal avduke den oppdaterte versjonen? No er det nok ikkje all verdens endring på designet, men noko nytt er alltid interessant for mange, om det er store eller små endringar.
  13. Det er sjølvsagt ikkje snakk om lik rente som på delar av rammelånet du har benytta deg av. https://danskebank.no/privat/laan/boliglaan/boligkreditt https://kredittium.no/guider/rammelan/
  14. https://www.golfforbundet.no/spiller/regler/world-handicap-system/ Om du ser på slopetabellen til banen din og tildelte slag på handicap 15 så kan du legge til banepar for å finne antall slag for å spele til 15. Sidan systemet brukar dei beste åtte av siste 20 så måtte du spelt til handicap 15 i minst 8/20 siste rundar for å få tildelt ca. 15 i handicap. Når du går ein runde og registrerer scoren vil runden du gjekk for 21 rundar sidan gå ut av reknestykket og den nye runden bli med i utrekninga. Om den runden som gjekk ut var veldig god og den nye runden dårleg så kan det føre til at handicappet går opp, men det er avhengig av kva som var dei åtte beste rundane. Sidan det er maksscore på alle hol kan du bruke fleire slag totalt og likevel spele til det handicappet. Netto dobbel bogey er det høgaste du kan få på eit hol. Om netto dobbel bogey er 7 og du brukar 13 slag så vil total mengd slag på runden vere seks slag høgare enn det som blir brukt til handicapformål.
  15. Ja, så lenge du ikkje betalar det ned over 30 år.
  16. Alt i alt ei meget god utviding. Fekk ein god del svar på historie og forhistorie. Eg likte at det var mykje vertikal vandring, men einig i at det vart litt rotete mtp. kartet. Områdene som går under kartet er stort sett ganske lineære, men det hadde ikkje gjort noko med eit undergrunnskart som hovedspelet har. Mange gode bosser, der Messmer nok var favoritten min. Eg synest òg dei har tatt kampane for langt mtp. angrepskomboer, AOE og hastigheit på det heile. From synest kanskje dei må ta det eit nivå høgare for kvart spel, men eg hadde ikkje hatt noko imot kampar som var meir tona ned og heller fokuserte på dynamikk og flyt. På dei store bossene blir òg kamera eit problem når du skal følgje med på kva angrep dei er i ferd med å utføre. Ulcerated Tree Spirit er ganske enkle når ein først har fått taket på dei, men det handlar stort sett berre om å halde seg bak på sidene og rulle litt når den ladar opp til eit angrep. Eg får ikkje så mykje glede ut av dei kampane. Furnace Golems var òg trasige greier. Slå, slå, slå, hopp, slå, hopp, slå, slå, critical attack etc. Isshin er eit godt eksempel på ein boss som ikkje er så stor, ikkje har så alt for mykje AOE, men framleis utfordrande og morosam. Enkelte kampar i SOTE er eit AOE-helvete.
  17. Tariffavtalane ligg kanskje på nett om du søker litt. Eg har tidlegare sett ein graf at det er 50-100k forskjell i årsløn mellom selskapa, men overtid kan utgjere ein stor del i tillegg. Ein fagoperatør med full ansiennitet tippar eg vil ligge på 900k og oppover, før ev. overtid og kurs. Som nytilsett utan ansiennitet er det kanskje 700k og oppover. Dei som jobbar mykje overtid kan gjerne legge på fleire hundretusen, men der er det nok stor forskjell frå installasjon til installasjon. Når dei tar med heile Equinor så er det vel alle leiarstillingar, ingeniørar på land, osv., så akkurat det talet betyr kanskje ikkje så mykje, men ein offshorearbeider kan absolutt tene 1,2m. Frå nytilsett utan særleg overtid til full ansienniet med ein del overtid kan inntekta vere frå 700k til 1,5m og høgare.
  18. Eg opplev òg diverse utfordringar rundt dette på iOS.
  19. Fordi det er større risiko i aksjefond enn på høgrentekonto. Om du har pengar der du treng om eit par månader så kan du risikere at verdien er halvert den dagen du skal ta dei ut og det kan gå årevis før verdien er på det nivået den var før det gjekk ned. Det skjer ikkje så ofte (dotcom-krakket i 2000 og finanskrisa i 2007), men det kan skje. Om det ikkje er noko problem at verdien blir halvert mtp. det du ev. har bruk for så må du gjerne ha dei ståande der, men har du 1 million på fond tiltenkt huskjøp på kort sikt så er det ein risiko å ta. Det er ofte freistande å satse på høg avkastning, men viktig å ha risikoen med i vurderingane.
  20. Normalt får du flytta ut før dei tre månadane er gått og slepp betale tid tida de ikkje bur der så lenge utleigar får nye leiketakarar inn tidlegare. Då betalar de fram til dei nye leigetakarane tar over og betalar for seg. I utgangspunktet måtte de betalt for dei tre månadane, uansett om de budde der eller ei.
  21. Min buffer er på fond. Med kredittkort betyr det ingenting om det tar nokre dagar å få pengane. I tillegg har eg ein større sum på høgrente som er tiltenkt eigenkapital til huskjøp på kort sikt.
  22. RDR2 hadde fungert betre trur eg, og eg synest ikkje det ville vore meiningslaust. Det er stor forskjell på cutscenes og spelefilm eller serie. Ikkje minst at det blir tilgjengeleg for eit langt større publikum enn dei som har spelt spelet.
×
×
  • Opprett ny...