Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 547
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Antar du meiner 60-70% av full stilling, ikkje 60-70% lågare inntekt. Det er minst 50% reduksjon i brutto om eg samanliknar tida i 100% med åra i 50%, men netto er det ikkje like stor forskjell. Eg jobbar òg mindre overtid no i 50% enn eg gjorde før. Marginalskatten viser kvifor. https://www.smartepenger.no/skatt/635-marginalskatt-pa-lonnsinntekter
  2. Hadde eg hatt pengar til overs ville eg kjøpt den dagen eg fekk dei, så eg har ingenting å handle for. Har ikkje fast trekk pga. lite til overs, men kjøper når det samlar seg opp.
  3. Etter HotD er det vel berre å vente på RoP S2. Skuff etter skuff. Det er for mykje pengar og folk som skal gjere sin eigen vri på kjeldematerialet. Silo likte eg og ser fram til S2. Den hadde òg sin del av dårleg skriving, men konseptet var fascinerande nok til at eg valgte å lese alle bøkene før neste sesong.
  4. Om fondet er gått litt ned og du selger for 10.000,- betyr veldig lite. Det er først når det er snakk om å ta ut store beløp at timinga kan utgjere større summar. Akkurat no er eit fond uansett solid i pluss i år, sjølv med eit lite tilbakefall.
  5. Eg jobbar 50% og håpar å kunne gjere det så lenge eg ynskjer, i alle fall mens borna er små, så får me sjå kva som skjer etter den tid: fortsetje i 50% om eg får lov eller gå opp i 100% og jobbe så lenge eg må eller vil for så å gå av. Ting kan endre seg, men eg har ikkje noko behov for å jobbe heilt ut til maks pensjonsalder. Det er for mange faktorar til å avgjere noko i dag, men det viktigaste akkurat no er at eg kan jobbe 50% og leve godt med det. Ein del midlar er oppspart, men langt frå 20m. Eg har meir fokus på å halde forbruket nede enn å tene meir.
  6. Det er eg ikkje einig i. Høgt skattenivå og høge levekostnadar gjer det utfordrande, men med høg nok sum og/eller lågt nok forbruk så er det på ingen måte umogleg.
  7. Eg har prøvd å finne ut av alle pensjonsordningar (offentleg og privat) i scenario der du sluttar i arbeid før normal pensjonsalder, men ikkje heilt klar å forstå det endå. Tidvis har eg trudd at eg forsto det, men så har det dukka opp påstandar om at du tapar mykje mot slutten av arbeidslivet, utan å funnet noko forklaring. Smartepenger har ein artikkel om emnet: https://www.smartepenger.no/99-pensjon/3466-sa-mye-taper-du-pa-a-ga-av-tidlig Reglane for alderspensjon frå staten kan òg endre seg, så dagens reglar er ikkje nødvendigvis gjeldande X år fram i tid. Nokon meiner sågar at du ikkje bør ta med offentleg pensjon i det heile tatt, men det verkar rart å sjå fullstendig vekk frå det om du har hatt fast inntekt i fleire tiår.
  8. Gåvelister er topp. Det blir enklare for gjestane og brudeparet kan faktisk få noko dei har bruk for. Om 100 personar skal gje gåve á 1000-1500,- så er det snakk om 100.000-150.000 kroner. Då er det fornuftig at dei blir brukt til noko paret ynskjer.
  9. Ta med maten og om det er pengar til overs av det dykk hadde tenkt å gje i gåve så får dei det. Eg går ut frå at dei ikkje ber om eit minstebeløp på gåva. Når gjestane må ta med mat er det i mine auge naturleg at gåva blir mindre.
  10. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg var ferdig med lysshow-entusiasmen i tenåra etter mange år med neonlys og alt det der i stasjonær-PC-en. Lyktene treng ikkje sjå ut som ein dass, men dei er der av praktiske grunnar og for omsyn til tryggleiken. Når lyset går langs heile bilen blir det berre eit forstyrrande element.
  11. Ja, det var filtermalt eg skulle fram til. Skreiv feil. Pulverkaffi er kun nødløysing når alt anna er tomt. Sidan det går mest i bønner her så var det kanskje difor eg skreiv pulver utan å tenke over det. Treng ikkje ha så mykje syrligheit sidan det ikkje er ein eigenskap folk flest ynskjer i kaffi (som eg har erfart) og eg uansett drikk den sjeldan, samt at den ofte blir brukt med mjølk. Ei heller ein veldig mørk variant. Svartbrent og bitter kaffi er ikkje godt, spesielt i rein form. Den må fungere bra med mjølk (stort sett Oatly), men målet er å finne noko som er drikkbart utan. Det blir aldri av same kvalitet som mindre brenneri, men tenk smakstoner i retning av sjokolade, brunt sukker, nougat, tørka frukt, utan at det blir for mørkt og bittert.
  12. Har du satt inn 35k dei siste dagane som systemet ikkje har fått oppdatert endå?
  13. Eg går for litt ev begge deler. Ikkje ha så høgt lån som mogleg, men heller ikkje nedbetale heile lånet. Om lånet er på 4m, så kanskje fordele det 2m på lån og 2m på globalt indeksfond. Over lang tid (fleire tiår) er det gode sjansar for at investeringa går i pluss, men det er alltid ein risiko for eit større krakk i finansverda, som me såg i 2000 og 2008. Betalingsevne og kor mykje pengar du vil ha til andre ting i kvardagen er òg ein faktor. Ved å maksimere lån og ha svært lite igjen så aksepterer du å kanskje måtte unngå ein del pengebruk (kjøp av ting, ferier osv) for ei framtidig avkastning på fondet. Det finnes ingen fasit, det er opp til den enkelte, men det er veldig viktig at du forstår risikoen og kva situasjonar du kan ende opp i.
  14. Kva pulverkaffi filtermalt kaffi kan de anbefale frå daglegvarebutikkar? I familien vår har dei alltid kjøpt Friele, men eg synest ikkje den er så god. Sjølv drikk eg kun fersk kaffi frå bønner, men kona drikk Friele frå Moccamaster i kvardagane. Ho drikk dne alltid med havremjølk, så det betyr kanskje ikkje så alt for mykje for ho, men den same kaffien blir av og til brukt om me får besøk. Det hadde ikkje gjort noko med eit betre alternativ. Me har kvern, men vil ha pulver for at det skal vere enklast mogleg.
  15. Intet mindre. Det er eit stort selskap, men det lukter kvantitet over kvalitet.
  16. Vanskelege forhold. Hadde dei hatt forhold som ei typisk PGA-turnering med sol og lite vind så kunne dei enda opp på betre enn 20 under par.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har annuitetslån kan du simulere eit serielån ved å betale ekstra ned på lånet kvar månad. Då kan du òg droppe ekstra nedbetaling ved behov for litt fleire kroner til andre ting. Du betalar rente basert på nivået på renta og gjenståande lånebeløp. Jo fortare du får redusert lånebeløpet jo lågare blir rentekostnadane.
  18. Den dagen det blir så dyrt at eg vurderer å sjå reklame er dagen eg avsluttar abonnementet. Ei av dei store fordelane med strømming er at du slepp reklamen. Prisen er etter mi meining framleis veldig låg om du ser nokre timar kvar månad. Det skal ikkje mange varene i ei handlekorg på Kiwi før du har eit abonnement utan reklame. Mange har fleire abonnement samtidig. Då ville eg heller betalt for eitt reklamefri tilbod om gangen og hatt pause på dei andre.
  19. Ein straffedømt lystløgnar av dimensjonar. Han er kanskje kognitivt meir oppegåande, men heller ein surrete Biden enn Putin-vennen Trump.
  20. Globale indeksfond er 100% aksjer. Alle prisar står der du kjøper fond, og prisen varierer etter kvar du kjøper. Tippar du har DNB, og der kostar td. Aktiv 100 1,2%, mens Global Indeks kostar 0,2%.
  21. DNB vil tilby Apple Pay ila. 2024 som følgje av dette. Dei som brukar Curve for å omgå dette kan då kvitte seg med Curve.
  22. Spar lenge nok så vil utsett skatt gje god renters rente-effekt.
  23. Ulike fond kan ha ulik pris hos forskjellige leverandørar så det er umogleg å svare på om alle fond er dyrare her eller der. 0,19% - Nordnet Global Indeks Det er ikkje spesielt dyrt. Det billegaste er Kron Indeks Global til 0,15% sist eg sjekka, og dei fleste ligg mellom 0,15-0,25%.
×
×
  • Opprett ny...