Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 558
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Eg forstår ikkje poenget ditt. Kva betyr det for dei som ynskjer spel på disk at mange andre (kanskje fleirtalet) kjøper digitalt? Marknaden for spel på disk er tydelegvis der framleis sidan folk kjøper konsoll med diskdrev og spel på disk, men det er sjølvsagt ikkje det volumet det var snakk om før digitale spel gjorde sitt inntog, både på konsoll og PC. Det har ikkje noko betydning for den enkelte om marknaden for det er stort eller ei, så kva er det du ristar på hovudet over? Det viktigaste poenget for mange er å kunne kjøpe spel billegare i butikk enn digitale butikkar. Både i Norge og andre land er det blitt solgt unormalt store mengder PS5 med diskdrev etter at PS5 Pro vart annonsert.
  2. Problemet er todelt for dei som ikkje vil ha konsoll utan diskdrev. 1. Du må kjøpe alt digitalt til ein høgare pris enn på disk. Du kan ikkje kjøpe brukt eller låne av andre. 2. Spela har du i form av ein digital lisens i staden for ein fysisk medium. Same diskusjonen som for Steam, Epic Store osv.
  3. Kanskje endå meir. iPhone 16 kostar $799 i USA og 11.990,- kroner i Norge. Blir nok ikkje PS5 her nei.
  4. Å la midlane stå inne så lenge som mogleg er ein måte som i praksis reduserer skatten relativt til investert beløp pga. fordelen med utsett skatt. Renters rente-effekten av at du får avkastning på avkastninga før du betalar skatt for den. Sparar du ein del og over lang tid så kan du etter kvart få ein god sum som vil gå vekk i skatt, men jo lengre du ventar jo meir avkastning vil du få på det som du måtte betalt i skatt om det vart realisert kvart år. Jo tidlegare ein startar jo meir blir det. Eg hadde måtte betale eit sjusifra beløp i skatt om eg solgte alt i dag, og det blir litt pengar av det kvart år. Det hadde vore interessant å sett kva det faktisk utgjer og kva effektiv skatt ender opp som, om det finnes ein kalkulator for sånt.
  5. Om du ikkje finn nummeret på telefonen så kan du nok ringe 113 og bli sendt vidare.
  6. Om du har låg inntekt eit år kan du ta ut mindre summar skattefritt pga. personfrådraget. Etterpå kan pengane investerast på nytt igjen.
  7. Med mindre du har planar om å selge deg ut så er det i utgangspunktet ikkje noko poeng i å sjekke. Mange meiner det er positivt å ikkje følgje med i det heile tatt sidan du uansett ikkje bør gjere noko med andelane med mindre du skal selge. Det er ein del som følgjer for mykje med og blir bekymra om det går nedover i ein periode, kanskje til og med selger seg ut rett før det går opp igjen. Du bør ha ein tidshorisont på 5+ år, dvs. at du ikkje har bruk for midlane på minst fem år, og når dei står i eit globalt indeksfond er det for folk flest ikkje anbefalt å kjøpe for mange andre fond. Med andre ord er det ikkje nødvendig å følgje med fordi du uansett utvikling på fondet ikkje bør gjere noko med dei.
  8. Tenk først på om behovet for større kurs er til stade. Dei fleste kan lade bilen frå ettermiddag til neste morgon og med mindre ein kjører langt kvar dag så kan 16A vere nok til å dekke behovet. Av og til kan ein kanskje ville lade med høgare effekt, men det finnes kanskje hurtigladeanlegg i området? Eg har ein Easee på 32A-kurs, men den er normalt justert ned til 16-20A for å redusere belastning på anlegget og få ned toppeffekten. I tillegg ladar den stort sett kun frå midnatt til kl. 8 på morgonen. Til vår bruk er det meir enn nok.
  9. Zeph

    Tesla - kaféen

    Hadde eg hatt råd, eller god nok økonomi til å ville bruke meir enn ~500k på bil så ville eg lett valgt BMW eller andre merker i den prisklassen over Tesla. Alle har ulik økonomi, behov, ynskjer og prioriteringar.
  10. Han er jo perfekt for FRP og glir rett inn i rekka med representantar som forer norsk media- og underhaldningsbransje med materiale.
  11. Eg har vurdert å kjøpe PS5 når Pro-utgåva kom, men veit ikkje om det er nok eksklusive spel til at det blir noko kjøp sidan eg har PS4 og ein grei nok PC. PS4 vart kjøpt primært for Bloodborne, men har òg blitt brukt til nokre andre spel. Demon’s Souls hadde vore moro å sjå i oppgradert versjon, men det har eg runda på PS3. GTA VI blir kjøpt ein dag, men det er ikkje eit spel der spoilere bekymrar meg, så det er ingen krise å vente til det blir lansert på PC. Time vill sjov.
  12. https://www.nettavisen.no/okonomi/oljefondet-har-3122-milliarder-kroner-som-egentlig-ikke-finnes/s/5-95-1796999
  13. Det hadde vore fullstendig bortkasta å dele ut ein million til kvar. Samfunnet er ikkje perfekt, men eg har meir tru på at staten skal forvalte fondet enn å gje det i hendene på folket. Dei fleste der ute klarar seg veldig fint utan ein million ekstra.
  14. WMD var OK, men var ikkje like bra som dei eldre spela. Grafikken gjekk i riktig retning samanlikna med dei føregåande, men eg sakna ein del våpen, samt at tanks, helikopter osv. ikkje fungerte etter mi meining. Armageddon og WWP er dei beste for min del. Reloaded òg kanskje, hugsar ikkje detaljane frå det.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Så lenge dei blir litt brukt og ikkje rustar vekk eller står seg fast. Budde kanskje ikkje i Norge han som eigde den?
  16. Jøss, det hadde eg ikkje venta. Worms-serien var ei av dei i store i min barndom, som starta smått med ein demo av Worms 2 som vart spelt om og om igjen. Moro at det framleis er liv i konseptet. Samtidig litt skuffande at det foreløpig ikkje kjem til PC.
  17. Zeph

    Tesla - kaféen

    Om skiltlesing er like vanskeleg som regnlesing for vindusviskarane så er eg ikkje så optimistisk.
  18. Akkurat no bidreg høg rente til høg skjermingsrente, men ser ein litt bakover i tid så er det langt frå 3,5%. Har du aksjar og bustadlån så kan ein tenke at skjermingsrenta demper litt effekten av høg rente sidan du mistar mindre av avkastninga.
  19. At det er utvikla i Kina er nok ein avgjerande faktor for så høge tal, som denne grafikken illustrerer:
  20. Dette blir forhåpentlegvis ein enklare jobb om nokre år om produsentane blir pålagt å legge til rette for at forbrukarane skal kunne skifte sjølve.
  21. Short and sweet frå The Last of Us Part 2. Ikkje noko musikalsk meisterverk, men konteksten og framføringa er fabelaktig. Om du ikkje har spelt spelet, men planar om det, så ville eg ikkje åpna spoileren. Og ein frå Elden Ring:
  22. Eg synest det er ei snodig problemstilling å ikkje finne noko å bruke tida til. Om du er veldig sosial så er det lettare å forstå sidan arbeidslivet er ein måte å ha kontakt med andre på og dei du omgås ellers ikkje er tilgjengeleg på dagtid, men det finnes så mange moglegheiter der ute. Dei fleste har fri lørdag-søndag og klarar sikkert å finne på meir enn å sjå på TV og gå på butikken dei dagane. At mange elskar jobben sin, det å ha noko fast å gå til der dei treff kollegaer osv. har eg ingen problem med å forstå, men at dette livet ikkje har nok å tilby om du ikkje hadde jobben å gå til går eg ikkje med på. Det handlar mest om innsats og kva du vel å bruke tida på. Det er veldig lettvint å sjå på TV og dasse rundt ein heil dag, men då har du ikkje prøvd å finne på noko anna. I dagens digitale kvardag er me kanskje blitt endå dårlegare til å finne ting å drive med sidan heile verda er tilgjengeleg i lomma til ei kvar tid og skjermane tilbyr meir underhaldning enn me har tid til å konsumere Det å jobbe redusert er gjerne ei betre løysing for mange, spesielt med skattepolitikken i Norge. Dei som har ein travel kvardag kan senke skuldrene litt og dei som har andre aktivitetar dei vil bruke tid på får meir av det. Samtidig har du fast inntekt med alle godene det involverer. Om du kjem i gang med det tidleg i livet så vil nok òg mange heller har meir fritid i yngre alder enn å slutte heilt i arbeid når dei er femti.
  23. Eg har hatt autopass og brikke så lenge eg har hatt bil og aldri tenkt meir over det etter at den er montert. Heilt topp måte å behandle bompasseringar og ferjeturar.
×
×
  • Opprett ny...