Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 554
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Er det mogleg å rekne seg fram til kor mykje skjermingsfrådraget utgjer i kroner om du har spart over lengre tid?
  2. Om du skal feste ein del lekter i betong så kan du eventuelt skru fast to lekter andre veien først og så skru lektene andre veien i den igjen. Då kan du redusere mengda hol du treng bore. Til å halde ei lekt og netting er det ikkje behov for så mange festepunkt i betongen. Med riktig utført montering er det veldig godt hald i noko skrudd fast med plugg i betong. Altså, om du skal ha fem vertikale lekter kan du først skru fast ei horisontal oppe og ei nede, og så feste dei vertikale på dei. Det er stor forskjell på eit billeg slagbor til tusenlappen og dyrare saker. Det er spesielt merkbart når det du borer i blir hardt. Veldig hard betong kan billege maskiner ha problemer med å lage hol i, det har eg sjølv erfart. Om det er litt trøblete å bore så er det ein fordel med færrast hol.
  3. Det er vel det milliardærane klagar over òg. Dei må betale formuesskatt på alle milliardane, men har ikkje inntekt til å betale med. At aksjane deira har gått opp fleire ganger meir enn formuesskatten og dei kan selge for å betale skatten er ikkje nemnd fordi dei ikkje har lyst å selge noko.
  4. I ferd med? Det har blitt gjort i uminnelege tider og kjem neppe til å endre seg. Pengane rår uansett, så det er opp til staten å ta vare på naturen. Du må alltid rekne med at bedriftene ikkje bryr seg.
  5. Er det alt? 5% for å bli spora heile tida? Med risiko for å få avkorta forsikring om dataene frå ei ev. ulykke indikerer at det var din feil? 300 kroner rabatt om du betalar 6000 i året. I så fall er einaste poenget med dette at det kanskje(?) blir enklare å hevde si uskuld i ei ulykke.
  6. Zeph

    Tesla - kaféen

    Kapslene riper opp felgen, og eg likte den (MY) betre utan så dei vart fort lagt vekk.
  7. PS3 vart lansert til 6000,-, som i dagens kroner er ca. 9400,-. PS5 vart lansert til 5000-6300,- i 2020,- avhengig av variant. PS3 var dyr, og PS5 var billeg i forhold.
  8. Eg likte første sesong og har trua på dette her. Skodespelet er viktigare enn utsjånad, og eg synest Ramsey fungerte bra som Ellie i første sesong. Ingen ser 100% identisk ut uansett. Kaitlyn Dever, som speler Abby, har eg kun sett i Justified (2011-2015), der eg synest ho gjorde ei god rolle, så det lover bra.
  9. Skal dei fungere som erstatning så burde dei lage ei betre løysing for å feste proppane med noko som går bak øyrene. Airpods sklir lett ut når det er litt feitt på silikonen.
  10. Eg vil tru hovedårsaken er pasienter som opptar meir tid enn dei planlegg for. Det er kanskje tatt utgangspunkt i eit snitt der nokon brukar lengre tid og andre kortare. Sjølv har eg opplevd å kome rett inn og å måtte vente opp mot ein time. På venterommet ser ein vanlegvis når pasienter går inn og ut, og stort sett er det pasienter som kjem ut etter klokkeslettet eg fekk som er årsaken. Det går sjeldan lang tid frå forrige pasient går ut til dei ropar meg inn.
  11. Har du noko belegg for den påstanden? Er det basert på eigne erfaringar eller studiar gjort på emnet? Er kvaliteten på dagens kle samanlikna med eldre takk i betraktning? Eg har ikkje erfaring med at klede blir fortare ødelagt av nyare vaskemaskiner, og diverse søketreff på nettet meiner nyare maskiner er meir skånsame enn eldre.
  12. Zeph

    Tesla - kaféen

    Eg har måtte starte viskarane manuelt fleire tilfelle ved styrtregn der den sto i Auto. Skulle tru bilen prøvde å ta livet mitt. Oftare enn ikkje så styrer eg viskarane manuelt, uansett type regnvér. Då er det forutsigbart og eg veit at den faktisk vil gjere jobben sin. Det er ei glede kvar gang eg kjører Enyaq med viskarspake, og automatikk som fungerer med ulike nivå. Om viskaren står på Auto i Enyaq og eg vil slå den av så er det eit vipp ned med spaken, utan at den kjører viskarane ein runde. Står den i Auto på Tesla og du trykker på knappen så skal den viske tørr rute før du kan skru den av med hjulet.
  13. Om du har fast inntekt og ikkje større lån enn at du kan betjene deler av eit bustadlån i tillegg så vil de saman kunne låne meir enn ho kan låne aleine. Kven som stiller med eigenkapital er uvesentleg så lenge den finnes. Det er ikkje sikkert de får låne opp mot 5x inntekt, det er avhengig av fleire faktorar. Kva gjeld er det du har? Studielån, forbrukslån? Det er heilt normalt å ha anna gjeld når ein søker om bustadlån. Vanlegvis studielån og/eller billån. Det vil påverke lånsummen banken vil tilby sidan du må betjene det lånet i tillegg, men med mindre det er snakk om store beløp eller særs høg rente så vil det sannsynlegvis vere rom for å ha delar av eit bustadlån i tillegg.
  14. Det er stort fokus på å spare både straum og vatn i den industrien, og dei produserer maskiner til fleire land enn Norge. Me har god tilgang på både vatn og straum, men det er ikkje tilfelle på heile kloden.
  15. https://www.researchgate.net/post/Why-do-washing-machines-wash-so-long
  16. Har du studert ulike program og forløp i brukarrettleiinga? Moderne maskiner bruker gjerne lengre tid for å redusere vatn- og energiforbruket.
  17. Kva med å avvenne seg frå koffein Mange får energi av koffein, men det er mykje fordi kroppen er blitt avhengig av det. Om du venner deg av koffein vil suget forsvinne og du kan droppe heile greia. Hadde eg ikkje likt smaken av kaffi så ville eg slutta med det. Det kan ta nokre månader for kroppen å bli vane med det, og du vil ikkje få same rushet som koffein kan gje, men i staden for energinivå som går opp og ned kan det halde seg meir stabilt. Det er veldig individuelt korleis ein reagerer på koffein. For min del merkar eg ikkje stort av å drikke kaffi, om klokka er 07:00 eller 11:00 ved første koppen. Eg merkar det først om det går for lang tid frå normalt inntak i form av hovudverk. Om målet er kaffi så ville eg heller gått for mjølk enn å ha sjokolade attåt. Mjølk demper det meste av både kaffismak og bitre noter. Koffeintabletter?
  18. Søt utan sukker betyr kunstig søtning og då må du kanskje kjøpe ferdigprodukt med mjølk og kunstig søtning eller lage kaffi og tilsetje suketter, som smakar høgg. Om du vil over på kaffi så ville eg heller anbefalt at du prøvde å venne deg av med det søte, eventuelt erstatta det med mjølk (som har litt sukker). Med filtermalt kaffi og td. Oatly Barista havremjølk så får du ein ganske god drikk med nokre gram sukker. Som kaffientusiast så vil eg påstå at den beste kaffien er spesialkaff, gjerne frå eit lokalt brenneri, tilberedt utan tilsett noko anna. Det blir sannsynlegvis noko av det sunnaste du kan ha i deg, og veldig godt om du får smaken på det. Kostar litt meir enn kaffi frå daglegvarebutikken, men langt betre på smak. Mykje kaffi som blir solgt og drukket i landet er alt for mørkbrent og bitter etter min smak og mjølk blir tilsett for å få det til å bli drikkande. 160 mg koffein er ein god del og tilsvarande mengde i kaffi er to koppar rein, svart kaffi, eller 4 dl. Du kan gjerne redusere koffeinmengden, som kroppen vil venne seg vil.
  19. Eg var inne på tanken om å kjøpe PS5P for bla. GTA, men skal klare å vente til det kjem på PC.
  20. I denne diskusjonen ser eg ikkje så mange som klager på det, og forstår heller ikkje kva dei klagar over. Dei blir nedlagt fordi det blir stadig færre som kjøper fysisk. Det er vel forståeleg? Før digitale spel var det 100% fysisk og det var rom for mange butikkar. I dag er andelen fysiske spel nede i 15%, der internetthandel sannsynlegvis står for ein stor del, som sjølvsagt betyr færre Platekompaniet- og Gamestop-butikkar.
  21. Eg forstår ikkje poenget ditt. Kva betyr det for dei som ynskjer spel på disk at mange andre (kanskje fleirtalet) kjøper digitalt? Marknaden for spel på disk er tydelegvis der framleis sidan folk kjøper konsoll med diskdrev og spel på disk, men det er sjølvsagt ikkje det volumet det var snakk om før digitale spel gjorde sitt inntog, både på konsoll og PC. Det har ikkje noko betydning for den enkelte om marknaden for det er stort eller ei, så kva er det du ristar på hovudet over? Det viktigaste poenget for mange er å kunne kjøpe spel billegare i butikk enn digitale butikkar. Både i Norge og andre land er det blitt solgt unormalt store mengder PS5 med diskdrev etter at PS5 Pro vart annonsert.
  22. Problemet er todelt for dei som ikkje vil ha konsoll utan diskdrev. 1. Du må kjøpe alt digitalt til ein høgare pris enn på disk. Du kan ikkje kjøpe brukt eller låne av andre. 2. Spela har du i form av ein digital lisens i staden for ein fysisk medium. Same diskusjonen som for Steam, Epic Store osv.
  23. Kanskje endå meir. iPhone 16 kostar $799 i USA og 11.990,- kroner i Norge. Blir nok ikkje PS5 her nei.
  24. Å la midlane stå inne så lenge som mogleg er ein måte som i praksis reduserer skatten relativt til investert beløp pga. fordelen med utsett skatt. Renters rente-effekten av at du får avkastning på avkastninga før du betalar skatt for den. Sparar du ein del og over lang tid så kan du etter kvart få ein god sum som vil gå vekk i skatt, men jo lengre du ventar jo meir avkastning vil du få på det som du måtte betalt i skatt om det vart realisert kvart år. Jo tidlegare ein startar jo meir blir det. Eg hadde måtte betale eit sjusifra beløp i skatt om eg solgte alt i dag, og det blir litt pengar av det kvart år. Det hadde vore interessant å sett kva det faktisk utgjer og kva effektiv skatt ender opp som, om det finnes ein kalkulator for sånt.
×
×
  • Opprett ny...