Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 248
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Det er logisk, men når veit du at det blir nedgangstider? Kor langt ned skal det gå før du kjøper? Med denne historikken (globalt indeksfond) kunne du endt opp med å vente ganske lenge og gå glipp av mykje oppgang ved å vente på dårlege tider før ei større investering. Det er ikkje mange tidspunkt historisk sett der det har svart seg å vente med ei investering. Min strategi har alltid vore å kjøpe når eg kan med alt er har tilgjengeleg på det tidspunktet. Det kan gå nedover på kort sikt, men sannsynlegvis ikkje.
  2. BG3 kostar 769,- for standardutgåve på PS Store. 899,- er for Digital Deluxe Edition.
  3. Om biletet skal illustrere høgdeforskjell så kan det ikkje vere snakk om mange millimeter.
  4. Zeph

    Nøtter

    Kjøp usalta nøtter så blir du kvitt ei negativ side med dei. Peanøtter, valnøtter, cashewnøtter, mandler (kanskje ikkje ei nøtt per def., men bra uansett), hasselnøtter osv. Nøtter kan vere eit godt bidrag til kosthaldet, men hald deg helst unna dei salte.
  5. Ja, på enkelte utgåver av bilen kan du det, men ikkje alle. På min Model Y frå juni 2023 har eg ikkje dette alternativet. Frå manualen til TMY:
  6. Zeph

    Tesla - kaféen

    Tesla-tråden dette ja. Då skal dei ha ekstremt flaks for å finne noko der, men dei er kanskje ikkje så kjent med korleis det fungerer i ein Tesla, der du må utføre ein handling eller kome i ei ulykke for at den skal lagre noko. Det er vel interessant å få kontakt med føraren uansett om bilen lagra opptak eller ei. Finnes det system du kan koble til ein Tesla for å bruke bilens kamera og lagre kontinuerleg som med eit BlackVue f.eks?
  7. Zeph

    Tesla - kaféen

    Spørs kva type dashkameraoppsett du har. Det finnes utstyr som tar opp heile tida og overskriv når det er fullt. Om dei ikkje kjører så veldig langt kvar dag kan det godt ligge fleire veker gamle opptak på lagringsmediet. Kvalitet på video/storleik på filene og storleik på lagringsmediet avgjer kor mange minutt du kan lagre. Det er ein del eksempel her: https://blackvue.com/video-quality-settings-and-recording-time/
  8. Eg vart inspirert til å dra fram karbonstålpanna igjen. Var sånn delvis nøgd sist eg brukte den, men fungerer veldig bra så langt. Det var kanskje litt feil bruk tidlegare. Eg har laga mykje mat sidan den gang og litt meir peiling på riktig bruk i dag. Den er ikkje noko eg brukar til alt, men kombinert med panne i rustfritt stål så er teflonpanna lite brukt. Denne kan brukast til pannekaker, men dei blir litt små. Til vanlege pannekaker tar eg heller fram steiketakka i stål, men karbonstålpanna fungerer bra til veldig tynne pannekaker som er så vidt innom ei varm panne. Der er den ypperleg sidan den magasinerer mykje meir energi enn den tynne stålplata på takka.
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har sett heile timen, kan det oppsummerast kortfatta?
  10. Det står ein del her: https://www.tannlegeforeningen.no/jus-og-arbeidsliv/helserett/journal/ofte-stilte-sporsmal---journal.html Så vidt eg kan sjå er det ingen krav om å oppbevare journal eller bilete så lenge det ikkje er helsemessige grunnar til det. Uansett er det den enkelte som må vurdere behovet for å ta vare på informasjonen, så personleg skjønn er ein faktor.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Var litt større forskjell mot EV9 enn eg tenkte. E-5008 er 25 cm lengre enn E-3008 om eg fann riktige tal. £2000 meir høyrtes litt lite ut. Eg ville tenkt at £2k var forskjellen på SUV og sedanutgåve av to bilar a lá MEB-bilane. Det vil vise seg når prisane kjem.
  12. Zeph

    Elbil-tråden

    Blir interessant å sjå prisen på E-5008. EV9 har dei berre solgt/registrert 111 eksemplar av så langt, men det er ein dyr bil. Dyr Kia. Om Peugeot kan prise seg lågare så er det nok mange som er interessert.
  13. Kjøp globale indeksfond så treng du ikkje tenke på om du burde bytte fond. Då har du allereie det dei fleste anbefalar.
  14. 1. Til du har bruk for dei. 2. Spørs kva fond det er.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Min har fått 2024.8.4 og er oppdatert. Akkurat i tide til årstida der eg kjører særs lite i mørke.
  16. Kva oppføringar kan ein flytte på for å nytte dette mest? https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/fordele-inntekt-kostnader-og-formue/ https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/barn/foreldrefradrag/ Renterutgifter på gjeld Renterinntekter på bankinnskot Aksjeutbytte Formuesskatt Foreldrefrådrag Salgsgevinst Salgstap …? Det er lista opp ganske mykje du kan fordele fritt. Det hadde vore interessant å testa å flytte alt ein kan og sjå kva det blir av det. Du må sjølvsagt ha midlar til å kunne betale restskatten i tide sidan den som får all skatten til gode ikkje får pengane før 31. mai. Me har ikkje gjeldsrenter, men på dei fleste andre punktene er det litt å flytte på.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Fordi den har fancy lys ser det ut som. Enkelte bilar i dag minnar stadig meir om PC-kabinett fullt av lys.
  18. Som gift kan du fordele formue som du vil. Skal tru om dette kunne fungert der òg. Om eit par betalar formuesskatt kan heile summen leggast på ein person som får pengar til gode og den andre restskatt som blir betalt innan 31. mai. Ut frå teksten til Skatteetaten så ser eg ikkje kvifor dette ikkje er lov: På skattemeldinga står samla formue for begge, så eg veit ikkje om dei tar utgangspunkt i den samla totalen for begge eller om du hadde fått renter på tilgodebeløp med det trikset.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Sånt er det greit å ha satt seg inn i før du kjører bilen. Framdørene har ein manuell utløysar på døra, men på bakdørene er det litt fleire operasjonar som må til. Ikkje alle modellane har manuell utløysing heller. Mogleg eldre modellar har ei meir innvikla prosedyre. Om bilen står i brann eller går under vatn så vil du ha problem med å få opp bakdørene i tilfelle straumbrot. Dette er ei potensiell problemstilling for alle bilar med elektriske håndtak. Korleis løyser ulike merker det? Dette er kanskje noko NCAP-testane kunne ofra ein tanke.
  20. Ah, eg har heller ikkje fått med meg unntaket for konsollar. Jaja. 💸 Du får vel ikkje rabatt av det uansett?
  21. Kan fort bli ein PS5 Pro og GTA 6 til neste år. Gjerne med 20% rabatt hos Power. Satsar på me slepp produksjonsproblemene konsollen har hatt.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg har aldri eigd Leaf, men kjørt dei litt. Det er ein billeg og fornuftig bil som har vore viktig for Norge. Det er framleis den bestselgande elbilen i landet. Teknologisk er den havna langt bak nye bilar, men for mange bileigarar er det sikkert heilt kurant. Til daglege småturar er det ein grei bil.
  23. Det er ikkje kostpris som avgjer salgspris, men kva kundane er villig til å betale. Om dei kan redusere produksjonskostnad ved å selge digitalt og samtidig ta ein høgare pris såner det vinn-vinn for dei.
  24. Dette er eit EU-direktiv, ikkje laga spesifikt for Norge. Det er kanskje eit større problem i andre land, men der er nok òg plast frå embalasje og poser eit større problem enn korkar.
  25. Eg føretrekk kork som ikkje heng fast, men om det bidreg til mindre plast i naturen så skal eg klare å dra av korkane. Å helle med kork på er eg ikkje så begeistra over. Det var eit oppslag i ei avis at dei planla tiltak for å redusere plast som innpakning av mat. Der er det store tal å hente. Det er ikkje mange prosent av mitt plastavfall som er noko anna enn innpakning av mat. Grønsaker pakka i plast, oppi ein plastbakke. Firstprice har ei finfin løysing på kjøttdeig som er pakka i mjukplast, i motsetnad til konkurrentane som har varierande grad av hardare plast.
×
×
  • Opprett ny...