-
Innlegg
44 251 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Min søsken har lånt fra banken og videre til meg. Formueskatt?
Zeph svarte i et emne i Privatøkonomi
Nei, ho må ikkje det om ho kun fungerer som mellomledd og lånet du har til ho er like stort som lånet ho har til banken. -
Eg synest 90% av artiklar om FIRE involverer personar som driv med noko TikTok/Instagram/Influenser-opplegg. Gjerne dei som har slutta i arbeid, men har inntekt gjennom sosiale medier, som om ikkje det er arbeid.
-
Boliglån - En part betaler mer for å øke sin andel
Zeph svarte på steinrawr sitt emne i Privatøkonomi
De kunne løyst det ved at ho hadde så stor del av lånet som ho kunne betjene og betalte ekstra ned på sin del samtidig som du betalte på din del. Ingenting å gjere med det no, men andre som les denne tråden kan kanskje ta lærdom av det. Reknestykket ser ut som det gjev meining for meg så lenge begge er inneforstått med konsekvensane av ev. ny verdi på bustaden. Eg ville frå no av anbefalt at de deler lånet sånn at eigarbrøken blir 50/50 og den enkelte betalar sin del av lånet. Om ho vil ha meir EK/mindre lån kan ho betale inn ekstra. -
Drømmeskjermen for både kontor og gaming
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det er blitt dyrt med PC når skjermen kan koste like mykje som ei betre spelmaskin. -
Boliglån - En part betaler mer for å øke sin andel
Zeph svarte på steinrawr sitt emne i Privatøkonomi
Det er jo den løysinga de har praktisert ved at ho har betalt 82.88% av låneutgiftene. Som sagt har ho i praksis eigd meir enn deg av bustaden ved å betjene ein større del av lånet. Eigenkapitalen er ikkje noko meir verd enn lånet. 500k i EK er likestilt med 500k i lån. Hadde det blitt samlivsbrot etter tre år så kunne ho argumentert for at ho har betjent ein så stor del av lånet at ho eig meir av bustaden enn deg og fått 70% sv salgssummen, men det kunne blitt ein konflikt der. De burde sjølvsagt hatt ein skriftleg avtale på dette før, men betre seint enn aldri. Det er på ingen måte klart at du eig meir når ho har betjent ein del av lånet som er større enn din EK pluss delen av lånet du har betjent. Sånn kunne det blitt løyst for å få 50/50 frå start: Du hadde ansvar for 39,67% av lånet og betalte tilsvarande terminbeløp. Ho hadde ansvar for 60,33% av lånet og betalte tilsvarande terminbeløp. Sånn kunne de hatt det i evigheita, aldri måtte justere noko som helst igjen. Brøken ville aldri endra seg. Når du skriv at ho har dekka det ho kunne av dine utgifter så forstår eg ikkje kvifor dette ikkje ville fungert frå starten av. Forskjellen hadde vore at ho betalte mindre på lånet og du meir. Ein person kan ha 0 i EK og likevel eige ein større del av bustaden enn den som stiller med EK. ———- Om verdien på bustaden ikkje har endra seg stort så treng det ikkje bety så mykje og de kan kome i mål med ei 50/50-fordeling ved å rekne på det. Uansett ville eg fordelt resten av lånet sånn at de får 50/50 i dag. De kan ev. få verdivurdering av 2-4 meklarar og bestemme ein verdi ut frå det. -
Har hatt den ei veke, men ikkje drive med mørkekjøring. Nokon som har prøvd det på elbilforum seier det fungerer bra.
-
Boliglån - En part betaler mer for å øke sin andel
Zeph svarte på steinrawr sitt emne i Privatøkonomi
De har gjort det unødvendig komplisert. Hadde de rekna på det i starten så ho betjente meir av lånet tilsvarande det du hadde i eigenkapital (EK) så hadde de oppnådd 50/50 eigarbrøk med ei gang. Så fort bustaden er kjøpt må du ikkje tenke på eigenkapital, men kor stor del av bustaden den enkelte eig, i prosent. Det er ikkje noko poeng i at begge skal ha lik eigenkapital, som for øvrig ikkje er relevant lengre etter at bustaden er kjøpt. Du eig den delen du gjekk inn med som EK pluss andelen av lånet du har betjent. Ho eig den delen av lånet som ho har betjent. Eg får ikkje tala til å bli 60/40 og dei går heller ikkje opp med kjøpesummen. Kan du dobbelsjekke dei og ev. korrigere? Måten de har skeivdelt betaling av terminbeløp er òg unødvendig komplisert. Sidan dette har pågått over fleire år ville eg tenkt at de slår alt saman og ser kor stor del av lånet den enkelte har betjent, som vil reflektere kva den enkelte har av eigarbrøk. Problemet med måten de har gjort det på er at lånebeløpet ikkje reflekterer verdien etter kjøpet er gjennomført. I utgangspunktet var lånet på 2.235.500, som var 82.88% av bustaden (2.235.500/2.697.170). I dei åra etter desember 2020 har sannsynlegvis verdien til bustaden endra seg heile tida og lånebeløpet i kroner og øre ikkje lengre representativt for kor stor del av eigarbrøken lånet representerer. Når ho betalar dine avdrag så er ikkje kjøpesummen den gang relevant lengre, men verdien akkurat der og då, som kan endre seg frå månad til månad. Går verdien opp så vil kvar krone på lånet utgjere ein større eigarandel av bustaden enn ved kjøpetidspunktet. Går verdien ned så er det omvendt. I praksis har ho betalt 86,25% av alle terminbeløp, som normalt ville bety at ho eig ein andel av bustaden tilsvarande 86,25% av lånedelen, som er 71,48% av bustaden. -
Jepp. Fantastisk dårleg til å vere ein bil i 2024. Spesielt ein som skor seg på å vere teknologisk frampå.
-
Dvs. at om du betalar 1. juni vil du betale renter tilsvarande 3,51% i 11 månader, altså f.eks. 60k*3,51%*11/12. Betalar du ikkje før 1. juli blir det eit heilt år, og 3,51% av heile summen.
- 13 svar
-
- 1
-
Russland er stort og har vore eit diktatur over lang tid, så Putin og hans forgjengarar har hatt gode føresetnader til å prioritere ressursane der dei vil. I tillegg er Russland ein oljenasjon som bidreg med enorme summar. Eit land med 150 m innbyggjarar har sjølvsagt meir å ta av enn om dei hadde 50 m.
-
Kva prosent brukar du for avkastning?
-
Nei, det gjer eg ikkje. Eg har ikkje satt opp noko reknestykke heller. https://www.finansnerden.no/hva-betyr-norske-skatteregler-okonomisk-uavhengig/ 480k*35 = 16,8 m
-
Dette har ikkje med draumar eller levemåte å gjere, men matematikk. Eg har ikkje tid til å kome med motforslag akkurat no, men kan prøve seinare, om ingen andre kjem på banen før den tid. Det er sjølvsagt veldig mykje som er usikkert mtp. framtidig økonomi, skattereglar osv., men me kan ikkje anna gjere enn å ta utgangspunkt i dagens situasjon. 4%-regelen seier veldig enkelt at du må ha 25 ganger forbruket. 480k*25 = 12 m. Det er frå USA og er kanskje ikkje like riktig her, men om du doblar det er du likevel ikkje oppe i 30 m.
-
30 m høyrest veldig konservativt ut eller direkte feil måte å rekne på. Tar reknestykket utgangspunkt i at du betalar skatt på alle 30 millionane? Dvs. at heile summen er gevinst?
-
Så lenge likningsverdien er over 1,7 m så betyr det ingenting om det er verdiar i hus, fond, aksjar eller på konto. Det er derimot forskjell på likningsverdi avhengig av kva type verdi det er. Din primærbustad har 25% likningsverdi av marknadsverdien. Er bustaden verdt 1 m så er likningsverdien 250 k, som inngår i summen som blir skattbar frå 1,7 m. Aksjefond har 20% rabatt, så 1 m i fond har 800 k i likningsverdi. Midlar på konto har 0% rabatt, så 1 m på konto har 1 m i likningsverdi. Du må for øvrig kun skatte av verdien over 1,7 m. Dvs. at om du har ein likningsverdi på 1,8 m så må du skatte av 100 k.
-
Vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor kan me ikkje ta som noko standard på same måte som WLTP. Det er alt for lite kontroll på eit sånt eksperiment. Den kan gje indikasjonar.
-
Potensialet er gjerne høgare ved å eksponere seg meir mot USA, men samtidig blir risikoen større.
-
Nordnet Teknologi Indeks kostar 0,29% på Nordnet, så eg forstår ikkje heilt kva dei skal fram til.
-
Det er riktig. Når kjøpet er gjennomført vil ikkje framtidige valutaendringar påverke verdien. Du vil verken tene eller tape noko på at valutaen varierer. Går kursen ned er det ein fordel med valutasikring sidan verdien ikkje blir redusert tilsvarande. Går kursen opp er det ei ulempe med valutasikring sidan verdien ikkje aukar tilsvarande. Kjøpetidspunktet for den enkelte andel er avgjerande for om det på lang sikt vil svare seg eller ei med valutasikring, samt tidspunktet du skal selge. Ser me tilbake til 1960 så er det mange som vil tenke det ser naturleg ut at den no skal ned igjen, men hadde det vore 100% sikkert ville alle investert deretter, og sånn er det ikkje. Du betalar litt ekstra for valutasikring. 0,02 prosentpoeng var forskjellen på eit par fond eg sjekka. Eit poeng som av og til blir repetert om fordelen med å ikkje valutasikre er at når ting blir dyrare her i landet pga. svak krone (som no), så vil andelar i eit aksjefond bli meir verdt av den same årsaken. Om kursen og prisane deretter går ned igjen vil sjølvsagt verdien på det usikra fondet gå ned igjen òg. Fondstilbydarane har meldt at det er blitt kjøpt ein større andel valutasikra fond dei siste åra som følgje av høg kurs og at mange ventar at den skal ned igjen. Fasiten på kva du bør kjøpe i dag får du den dagen du skal selge igjen. Om det er 5-10 år fram i tid så veit ingen kva som er det beste kjøpet. Mange spekulerer og anbefalar, men ingen veit sikkert. Eg har ingen valutasikra fond i dag. Det som går igjen av anbefalingar frå professorar og personar i bransjen som eg har lese er å vere forsiktig med valutasikring og eventuelt plassere mindre delar av verdiane der om du vil sikre, ikkje alt.
-
WLTP-rekkevidda er resultatet dei får på ein standardisert test. Det er ikkje ein garanti for rekkevidde i andre tilfelle. Skal du kjøre nokre tusen høgdemeter i 25 grader C så vil du heller ikkje klare WLTP-rekkevidda. Det var snakk om ein vinter-WLTP-test, men EU droppa det. Det er veldig synd sidan ein standardisert test ville gitt betre tal. Den enkelte brukar sine erfaringar samt vinterrekkeviddetesten til NAF/Motor gjev den beste indikasjon på forskjell på bilane, sjølv om testen har sine eigne ulemper med traséval, dekkdimensjonar osv.
-
Ja, og om den blir svekka 10% når du har eit valutasikra fond så vil du miste 10%. Derav spørsmålet om kvifor du trur den skal styrke seg sidan du vurderer eit valutasikra fond.
-
Eg har tenkt det siste året at Yr er blitt meir upresis. Det er ikkje nødvendigvis riktig, men gjerne eit resultat av at meldinga svingar ofte. Har nokon erfaring med andre leverandørar av vêrspådomar som dei føretrekk over Yr?
-
Ja, den store ironien i det heile er at Putin syt over at Ukrania trekk vestover og vil bli med i NATO, når det er akkurat hans handlingar som har dytta dei i den retningen. Alt av påstandar og utsegn frå Russland er så dumt at dei knapt kan tru det sjølve. Det hadde gjort seg med meir intern konflikt i Russland.
- 71 375 svar
-
- 16
-
Dei fleste elbilar har ein buffer, 5-10% kanskje, så det er i mange tilfelle ikkje mogleg å lade til 100%. Tesla endra for ei tid sidan anbefalinga om lading i det daglege frå 90% til 80%, men dei har så vidt eg veit ikkje buffer i toppen heller, så der kan du faktisk lade til 100%. Eg har lese at det er først og fremst lading til 100% (reellt eller ei) der den blir ståande sånn over lengre tid som er mest farleg, gjerne med pluggen i så den heile tida blir toppa opp. At den blir lada til 100% kort tid før ein kjøretur som tar kapasiteten under 80-90% var mindre problematisk.
-
Kvifor trur du den skal ned igjen på 7 kroner? Om den skulle gå ned igjen så vil det vere ein fordel å ha eit valutasikra fond, men det er det på ingen måte noko garanti for at den skal. At kursen har vore lågare før betyr ikkje at den må gå ned igjen.