Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 558
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Ull lar damp sleppe gjennom, men om du har eit lag utanpå ulla som ikkje ventilerer så vil det stoppe der og samle opp svette. Å ha ull innerst og så eitt eller fleire lag utanpå som hindrar ventilering kan bli klamt. Om det er varmt nok så ha kun ull eller ei jakke av ull over. Vind går rett gjennom ull, så med litt vind må ein fort ha vindstoppande lag ytterst. Pass då på at det er åpne glidelåsar på jakka for ventilering og ikkje heilt snørt igjen. Av jakker så er softshell å anbefale så lenge det ikkje er for vått. Dei slepp ut fuktigheit og kan halde deg tørr, mens regnjakker som er meint å brukast i øsande regn og faktisk er tette gjerne er tette frå innsida òg. Hugs at softshelljakker er vannavstøytande, men impregneringa vil forsvinne over tid så dei må få ny behandling av og til. Om det skjer med kun ull og ryggsekk så må du kanskje sjå etter noko som kan skape avstand mellom rygg og sekk for ventilering utan at det går ut over ergonomien. Ein sekk med betre ventilering som Millhouse viser til er nok å anbefale, men det er dyrt med ny sekk. Det finnes greier du kan ha på ryggen mellom rygg og sekk. VentaPak er eit namn eg kom over, men eg har ikkje erfaring med noko sjølv. Ei nettingtrøye må gjerne ha litt volum om det skal ha noko effekt. Du strammer sekken mot kroppen, så ei tynn nettingtrøye veit eg ikkje om vil hjelpe stort.
  2. Kva er poenget med å flytte det inn i bustadlånet? Om lånesummen er lik så påverkar ikkje det likviditeten din.
  3. Det er veldig personavhengig kven du treff med den type saker. Møter du feil person bak disken så blir det mykje styr for å få det du har rett på. Neste dag kan du treffe på ein som tar det raskt og enkelt iht. lovverket.
  4. Du kan spørje fleire bankar, utan at det er noko garanti for at du får meir. Med 650k i inntekt er 2,2m i lån 3,38 ganger inntekta. Det høyrest ikkje urimeleg ut med dine føresetnader, men du skal ikkje sjå vekk frå at det er mogleg å få meir i ein anna bank. Her er ein oversikt som illustrerer forskjellar i kva bankane vil låne ut: https://www.smartepenger.no/lan/302-dette-laner-banken-deg-til-boliglan Det er eit generelt eksempel, så individuelle omsyn vil dei alltid ta. Det er ikkje noko garanti for at du vil få summane som står der. I eksempelet med einsleg og 600k i inntekt varierte lånesummen frå 3,4 til 4,8 ganger inntekt. 5 ganger inntekt er i utgangspunktet maks for å avgrense oppover, men det er på ingen måte noko minimumsgaranti. Har ein veldig låg inntekt så er det ikkje sikkert banken vil tilby lån i det heile tatt.
  5. Eg prøvde meg på å time under Covid19 i 2020. Fekk solgt ut like under toppen, rett før det stupte, men fulgte ikkje opp ved å kjøpe inn litt og litt på vei ned og opp. Når det går ned 10-15% ein dag så var det freistande å vente litt til, og kva om det skulle endå lengre ned? Du kjøper aldri til prisen det tidspunktet du legg inn ordren, så det var lotto med +10% ein dag og -15% neste dag. Til slutt endte det med at eg kjøpte for alt igjen i mai, ikkje så langt under det eg solgte for. Det var første erfaring eg fekk med så stort krakk sidan eg starta sparinga i 2012. Det var ikkje frykt for å miste verdiane som var motivasjonen, men å få endå meir avkastning ved å “buy the dip”. Gjekk ikkje heilt etter planen. No har eg ikkje gjort noko som helst. 2020 var ei god erfaring å ha med seg.
  6. Du må få meglar på besøk for å få eit noko lunde riktig verdivurdering.
  7. Det går på Viaplay og Vsport Golf. Har ikkje sett noko alternativ for engelsk lydspor, men eg har ikkje Viaplay. Viasat/Viaplay har valgt å sende Featured Groups med svensk kommentator… 😑 Det er ikkje aktuelt, så eg ser på masters.com med VPN. Hovedsendinga satsar eg på å sjå på norsk. Får gje dei ein sjanse.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    På resten av skivene? Altså flater der klossane ikkje treff? Utslitte klossar på elbil etter 36k km? Brukar du ikkje regenerering? Var det noko feil sidan du fekk det på garantien?
  9. Zeph

    Elbil-tråden

    Status på bremseklosser- og skiver etter 30k km og 2 1/2 år med Enyaq. Så lenge bremsane blir brukt nok til å bevege på ting og slipe vekk rust kan dei vare i årevis.
  10. Eg har venta på noko sånt ei stund. Ikkje at eg kan spå noko som helst, men kun fordi det har gått som det griner dei siste åra. Delvis pga. svak krone, men likevel har avkastninga dei siste åra vore langt over det ein kan vente over lang tid. Dette kan sjøvlsagt snu fort. Eg har “mista” eit sjusifra beløp, men det kjem vel tilbake med tider og stunder.
  11. Folk flest har ikkje så mykje pengar til overs dei kan kjøpe for når sånt skjer, så det er enklare sagt enn gjort å kaste mykje pengar inn no, men det er potensielt eit godt tidspunkt å kjøpe om du kan. Om du sparar fast er dette i alle fall ikkje tidspunktet å stoppe med det.
  12. Med abonnement? Har ikkje Viaplay i dag. 399,- for Viaplay Medium er billegaste abonnement som inkluderer sport. Du får sett det meste av slag frå enkeltspelarar på masters.com, men hovedsendinga er det som er interessant. TV3+ er oppført med Masters på torsdag, men ingenting resten av veka.
  13. Er det kun på Viaplay du får sett Masters? Står ingenting om Masters på sendeplanen til Vsport Golf-kanalen.
  14. Eg har gjort liknande og fekk ny skattemelding per år.
  15. Eg brukar stort sett tre ulike typar steikefeitt. Olivenolje, rapsolje (el. tilsvarande) og klara smør. Klara smør lagar du enkelt sjølv. Kjøp ein pakke meierismør, legg heile kladden i ei gryte og skru den på låg varme (1-2 av 10). La den stå til smøret har smelta og alle mjølkepartiklane lagt seg på botn. Når det er gjort heller du ut det klara smøret i ein behaldar og passar på at du ikkje får med partiklane i botn av gryta. Det som ligg igjen i botn kan du bruke til vafler, pannekaker eller noko sånt. Eg brukar stort sett kun meierismør utan salt for å kontrollere saltinnhaldet sjølv ved matlaging, men med salt fungerer fint. Det klara smøret fungerer topp til steiking sidan det ikkje brenn og tåler høg temperatur, samt at du får god smak frå smøret. Det kan stå i kjøleskap i månadsvis. For å gje smak til biff eller andre saker i ei panne kan du bruke vanleg meierismør så lenge det ikkje er for høg temperatur.
  16. Nokså snart? Sjølve fallet under finanskrisa pågjekk i 1 1/5 år og deretter tok det 4-5 år før indeksen var på nivået før krakket, og så skal du hente inn nokre år med inflasjon før reell verdi er tilbake der den var før det stupte. Mange meiner noko, både ekspertar og lekfolk, men ingen veit kva som vil skje.
  17. Det blir nok raudt og humpete framover. Har du langsiktige planar er det like greit å ikkje følgje med. Har du kortsiktige planar burde du kanskje ikkje hatt det.
  18. Nåja. Framleis veit me ikkje kva type spel det er. Nokon meiner det er meir fleirspelarfokusert a là Nightreign. Dei har sagt at det er eit PvPvE-spel, så eg ventar på ingen måte noko BB-liknande spel, spirituell eller ei. Det er mykje ved traileren som ikkje minner om Bloodborne. Blir neppe solgt ein S2 pga. det til meg. Bloodborne fekk dei lurt meg til å kjøpe PS4 for, og det var verdt det.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Dei kan ha endra vilkår opp gjennom åra, men iht. guiden til Forbrukertilsynet så har Nissan 8 år på både kapasitet og feil, utan at eg har finlese dei.
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er vel ikkje riktig? Kapasitetsgarantien er 8 år/160 000 km, og så kan du utvide den til 10 år/ 1 mill km ved å bruke Toyota sitt serviceprogram. Det Toyota har fått kritikk for som eg har lese er at garantien kun gjeld batterikapasitet, ikkje mot feil, men kor mange av dei andre leverandørane som dekker feil på batteriet etter fem år veit eg ikkje. Edit: I lenka under her finnes ein god oversikt over garantier hos dei ulike merkene, der du ser kva merker som har utvida garanti mot feil på batteriet. Dei fleste har mellom 7-9 år, men Toyota og Lexus har kun 5 år. https://www.forbrukerradet.no/siste-nytt/hvilke-elbilmerker-gir-de-beste-batterigarantiene/
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Leaf-feilen ser eg for meg at andre produsentar òg ville nekta å ta på garantien. Blir interessant om det ender opp i rettssak. Batterigarantiane er ofte iht. vilkåra kun at dei garanterer X% etter Y år eller Z kilometer.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Ei studie av 12 500 Tesla-biler viste ikkje noko større degradering ved hyppig bruk av hurtiglading. https://www.batterytechonline.com/charging/report-supercharging-doesn-t-degrade-tesla-battery-life Mtp. kor sjeldan folk flest hurtiglader så er det ikkje sikkert det er eit stort problem. Det meste av degraderinga er naturleg og kjem uansett bruk, og så er det vaner i kvardagen som kan utgjere ein forskjell. Eg såg litt på kva resultat eigarar av iPhone 15 har hatt ved bruk av funksjonen som kan stoppe lading på 80%, og det var ikkje tydeleg frå det eg såg at det utgjorde så stor forskjell. Ein skal vere forsiktig med å bruke KI til å legge fram data på den måten. Du kan aldri vite om det som blir presentert faktisk stemmer. Det er gjerne fleire nyansar involvert enn det resultatet antyder òg.
  23. Zeph

    Elbil-tråden

    Kinesisk vettu. Må kjøpe tysk! 😛
×
×
  • Opprett ny...