Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 839
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Zeph vant dagen sist 17. desember 2012

Zeph hadde mest likt innhold!

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

53 707 profilvisninger

Zeph sine prestasjoner

12,7k

Nettsamfunnsomdømme

11

Hjelpsomme svar

  1. Finnes kanskje ein utforingsring som kan passe, der du får noko å henge skinna i andre veien, men kva vekt dei kan ta veit eg ikkje. Ser ikkje ut som dei i lenka under er så kraftige. https://www.megaflis.no/elektro/tak--og-veggbokser/utforingsring-urpv12-for-veggboks Sidan boksen ikkje går jamt med taket kan du kanskje mekke noko greier oppi der som gjev deg festepunkt andre veien.
  2. Fint oppsett @Bjerknez (ref. https://www.diskusjon.no/topic/1938799-hvilken-såpe-til-bilvaskbest-plass-å-kjøpe-slikt/page/3/#findComment-27487005 ). Har du opplevd at ventiler eller pakninger i kannene blir ødelagt av å stå med produkt i over lengre tid? Er du nøgd med Work Stuff-kannene? Eg har så langt fire KC-kanner som ikkje har bydd på noko problem så langt. Skulle gjerne hatt ei større kanne for å påføre forvask. Sjølv med lågtrykkskannene blir det ein del pumping og spruting. Eg merka fort at det å ha ting klart fører til hyppigare og raskare vask. Har ikkje hatt det så langt, men flytter snart i nytt hus, og der skal det opp HT-slange på trommel så eg slepp dra fram og snurre ut slangen på HT-vaskaren kvar gang. Det er for øvrig ein fabelaktig god Kränzle. Då blir det òg hyller for kannene og alt på sin plass. Får ei lita isolert bu ved garasjen som har plussgrader gjennom vinteren. Det eg kanskje saknar mest mtp. bilvask er lakkforsegling på bilane. Dei blir oftare skitne og tar lengre tid å vaske utan, men det vart ikkje prioritert. Eg brukte heller pengane på vaskeutstyr.
  3. Lite kalk her òg. Tørker av og til, men det er litt lite motivasjon for det når bilen er våt igjen med ein gang pga. regn.
  4. Bladrust og klimaendringar påverker òg spesialkaffi, ref. Wendelboe i den siste videoen om kaffien dei sender ut til abonnenter i desember:
  5. Det er mange gode brukte elbilar på marknaden i dag, så om du ikkje vil bruke meir pengar enn nødvendig eller må ha det nyaste så er ein 2-3 år gammal bil å anbefale. Om du vil ha tips til konkret modell må du skrive meir om kva du har bruk for. Rekkevidde, passasjerplass, bagasjeplass, type bil (stor, medium, liten), hjuldrift, ev. merker du vil ha eller vil unngå, hengerfeste, osv. Og ikkje minst pris.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Må så høgt altså. Trur eg kan få ein Easee til same prisen. Har hatt ladekabelen som fulgte med TMY på ladaren.
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Skoda Enyaq og Tesla Model Y. Eventuelt ein husstand med ein Nissan Leaf. Det er to husstander der det pdd. finnes ein Easee-boks. Den andre husstanden må ha noko lading. Kabling og arbeid ordnar me sjølv. Eg har vore inne på tanken om ein heilt enkel ladeboks til våre bilar (Skoda og Tesla) og la bilane styre lading. I vårt hus står ein Easee i dag, men den kan ev. flyttast over til huset som har ein stk. Leaf. Kva er billegaste ladeboks med type 2? Ulempen med dum boks er ev. at Skodaen kanskje ikkje kan regulere lagestraum. Teslaen trur eg har noko meir, men Skoda har kanskje kun ein modus for å skru det heilt ned til 2 kW. Om det står på maks kjem med kanskje over 10 kW-grensa og over i neste trinn på nettleiga.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Kva ladeboks ville de valgt i dag? Er det noko nytt på dagens Easee ift. ein 5-6 år gammal boks?
  9. Ledningen i kabelen frå støpselet går inn i brytaren, så det er ett fett om du drar ut støpselet eller slår av brytaren. Eg har aldri opplevd noko BIOS-hikk av å dra ut støpsel eller slå av PSU. Det står eit lite batteri på hovudkortet som skal ta vare på innstillingane i BIOS. Drar du ut støpselet og tar ut batteriet må du kanskje prøve å starte maskina ein gang før all straum er vekke og BIOS går tilbake til fabrikkinnstillingane. Har gjort det nokre gonger ifm. overklokking og anna roting i BIOS som måtte reverserast.
  10. https://www.motor.no/aktuelt/mange-betaler-mer-enn-nodvendig-pa-bilverkstedene/333846 Det påfallande var at spesielt Mekonomen ofte hadde betydeleg høgare pris enn konkurrentane over heile linja, men etter å ha fått vite om artikkelen har dei justert ned prisane. Det er visst oppstått "feil", og dei ikkje har vore godt nok kvalitetssikra eller at dei no tilfeldigvis vil justere ned prisane. Det er veldig tydeleg at Mekonomen tar seg veldig godt betalt så lenge kundane kjem. Lista går på kva kundane er villig til å betale, ikkje faktiske kostander ved jobben. Når dei blir tatt så blir prisen satt ned, men dei prisane Motor har fått oppgitt er ikkje nødvendigvis dei den neste kunden får. Korleis ser prisen ut om nokre veker eller månader? Lærdomen er å alltid sjekke pris fleire stader.
  11. Du får det til å høyrest ut som at det å vere introvert er eit problem.
  12. Kvifor skal du styre unna BF om prisen er på det lågaste den har vore? Ta eksempelet med Sony WH-1000XM4. 2290,- er stort sett det billegaste du har fått kjøpt det til 2 år bak i tid (med eit lite unntak, men det var kanskje demovare). Betyr det noko om Komplett reklamerer med 700,- eller 900,- kroner avslag om prisen er så god som du historisk sett kan få den? Power-tilbod kombinert med DNB-supertilbod er kanskje eit alternativ, men det er ikkje sikkert dei to kjem samtidig.
  13. Komplett reklamerer sjølvsagt ikkje med rabatt samanlikna med andre butikkar. Det du "sparer" er forskjellen mellom fullprisen til Komplett og BF-prisen. Som du viser har du kunnet kjøpe dei til godt under 3190,- lenge frå andre butikkar, som demonstrerer nytten av tenester som Prisjakt, men eg synest ikkje Komplett gjer noko feil her. Dei satte prisen opp frå 2490,- i slutten av september for å kunne reklamere med 900,- kr i rabatt, men det er lov.
  14. Det burde ikkje overraske nokon at kampanjene til ein butikk er for å selge meir. Dei gjer ikkje dette for å vere snille mot folk og tape penger, sjølv om enkelte butikkar kanskje kjennes seg tvunget til å redusere prisane for å få solgt noko denne månaden.
  15. Har stort sett kjøpt 4 for 3 på Kaffa. Det blir 0.66 kr/filter med dagens pris, så ganske likt som B&K. Då tar eg samtidig med nokre posar kaffi. Ein kopp med TW-bønner kostar meg ca. 11 kroner, så filteret utgjer ikkje så mykje. Eg har ikkje fått dei nye V60-filtrene frå Hario til å fungere heilt, så eg har testa litt andre typar. Moccamaster, Filtropa, Rombouts. Fleire av merkene blir sikkert produsert på same fabrikk. Akkurat no brukar eg Ali-filter. Veit ikkje kva dei kostar, men det billegaste på Meny.no er 0.20 kr/filter, så eg betalar neppe meir på Kiwi.
×
×
  • Opprett ny...