Gå til innhold

aaad

Medlemmer
  • Innlegg

    206
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av aaad

  1. Demonterte og rensa cpu'en på pin-sida, i håp om at dette kunne gjere noko med minneproblemet. Det var litt film frå kjølepasta eit par stader. No skin han som ny, ...men det løyste ikkje problemet Greier framleis berre køyre ei minnebrikke, ...i feil slot, men ho køyrer. Nokon som veit kva ein tapar med berre å ha ei minnebrikke (i feil slot), i staden for to i par, anna enn halvparten så mykje minne då sjølvsagt? Brikka er på 16GB og køyrer med 3600MHz
  2. Nope...kjøpt brukt. Kan vel fort bli ei lita delrefusjonssak iallfall, viss ikkje det er noko anna som er problemet då. Har lese litt om både brudd i cpu-pinnar og overtrykk frå kjølaren mot cpu'en. Var faktiske eit par litt bøygde pinnar på cpu'en, men trur eg retta dei greitt opp. Brukt den òg...trur eg skal slutte å handle brukt
  3. Joda, har styring på det...men kva hjelper det når dei ikkje verkar?
  4. Prøvde igjen, og trykka då Y. No startar maskina utan at det kjem opp noko melding. Verkar òg når eg bruker det andre brikka i same slot'en...men brukar eg to brikker startar ikkje systemet. Prøvde så med ei av dei brikkene eg først tenkte å bruke, Corsair Vengeance LPX DDR4 3600 16GB (v 4.33). Han funka den òg, men berre åleine, og køyrer berre 2666MHz. Kan dette tyde på at eg har tre defekte ram-slot's? ...kan kanskje leve med det, sidan den som no står i er på 16GB, men som single slot skal ho visst helst stå i slot 2 (B2) ...no står ho i slot 4 (A2)
  5. Prøvde det, først med den eine, så med den andre...og, når eg prøvde siste brikka (!) i fjerde slot'en, då blei det litt liv. Først blei det skikkeleg lysorgel i led-indikatorane med både gult og raudt og grønt, ...men det landa på grønt Det kom ei melding under oppstart, og det verkar som om bios måtte konfigurere ny cpu eller noko. Litt gresk for meg kva eg skulle trykke N eller Y...gjekk for N....kom då inn i setup. Når eg startar igjen, er det samme mølla med same melding. Skulle eg ha trykka Y heller? Sjå bilete vedlagt...
  6. Har nettopp skrudd sammen en ny PC, men han vil ikkje starte, ...eller det er liv, cpu-vifte snurrer, lys på HK og GPU, men ikkje bilde på skjermen, og på hovudkortet tennast ei led-lampe for "RAM-failure" (!?) Nøkkelkomponentar: Asus Rog Strix B550-F Gaming Wifi Ryzen 7 5700X GPU: RX 590 Fatboy RAM: FuryX DDR4 2x8 GB (HX426C16FB3K2/16) HD: Kingston Fury Renegade M.2 SSD 2TB PSU: Chieftec BFD-1000C Proton Series Rett nok stod ikkje minnebrikkene eg brukte først på lista over støtta brikker, men eg har byta med eit sett som skal ha støtte, og som nyleg har funka greitt på annan PC. Framleis "RAM-failure" ...har òg prøvd å køyre begge brikkene i single slot. Eg oppdaterte til nyaste bios med Bios Flash Back før eg monterte cpu/ram, og prosessen såg ut til å ha gått greitt. Forslag til korleis gripe an problemet nokon? ...kan det vere noko anna enn eit RAM-problem?
×
×
  • Opprett ny...