-
Innlegg
2 461 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Øystein.F.
-
Anmeldelse: Mario & Luigi: Brothership
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg ser ingen grunn til å bruke noko anna enn vanleg forstand. Det er denne den gjengse lesar vil oppfatte. Det einaste eg oppnår ved å gi ord ny meining er å forvirre lesaren. M&L lar deg prøve ein enklare versjon av ein kamp du har tapt, men du får ikkje endre vanskegrada. Den forblir den same.- 7 svar
-
- 2
-
Anmeldelse: Mario & Luigi: Brothership
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Dette er ikkje vanskegrader, det er ein måte å la deg overkome ein enkelt kamp om gangen. -
Anmeldelse: Dragon Age: The Veilguard
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det var ikkje eg som testa GOW:R. Eg er for gammal til å bry meg om hype.- 56 svar
-
- 3
-
Anmeldelse: Metaphor: ReFantazio
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
At folk snakkar. Moglegvis ikkje kvardagsord over heilte landet, hehe.- 7 svar
-
- 2
-
Anmeldelse: Metaphor: ReFantazio
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ah, sorry. Las feil. Men likevel 2 timar er ikkje nok til å døme eit så stort spel frå. Men om du ikkje likte det då er det ikkje noko meining i å prøve. Det er mykje historie, for mykje tyting, men ei visuell novelle blir det berre om du kuttar ca 50-60+ timar med dungeon crawl.- 7 svar
-
- 1
-
Anmeldelse: Metaphor: ReFantazio
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Kan ikkje seie meg einig i at historia er generisk. Historia i seg sjølv er ganske interessant, men det tek langt meir enn 20 minutt å verkeleg kome inn i den. Dette er eit spel som lett kan ta deg 100 timar, og mange av dei er historie. Ei grafisk novelle er det på ingen måte. Det har element av den natur, men ein vil bruke mange timar på kamp og utforsking.- 7 svar
-
- 2
-
Desse spela gler vi oss til i oktober
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Haha, sånn går det når ein har mykje å gjere. Talet 13 kjem frå at det er spel nummer 13 (til heimekonsoll i alle fall), og så blei det litt rot. Fiksa no i alle fall.- 17 svar
-
- 1
-
Anmeldelse: Visions of Mana
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Av alle spel i serien synest eg dette er det som har kome nærast. Eg fekk veldig mykje av den same kjensla av å spele dette, som eg har fått av dei gamle klassikarane. Alle cutscenes kan skippast ja, og det meste av historia blir fortalt gjennom den. Kan vere greit å påpeike at der mange spel i same sjanger har flust med snakkebobler og dialogar der to eller fleire personar står og pratar medan du trykker deg forbi endelause mengder tekst, er det nesten ingenting av dette i Visions of Mana. Det aller, aller meste kjem via filmsekvensar som er langt meir underhaldande å sjå på enn statiske skjermar med snakkebobler. Dei fleste sekvensane er òg ganske korte, men i enkelte periodar av spelet blir det meir fokus på historia, og då blir det fleire av dei. Nei, Mana-serien består av frittståande spel. Som med Final Fantasy-serien er det element og tema som går igjen, men historia har ingenting med tidlegare spel å gjere.- 32 svar
-
- 3
-
Anmeldelse: Visions of Mana
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
En/mange? Kva meiner du med dette? Det er ganske stor forskjell på ein og mange. Eg har strengt tatt ikkje sett ein einaste person påstå dette bortsett frå ein kommentar frå Idrin her i tråden, og han sa sjølv han moglegvis overdreiv litt. Han viste til ei nettside som ikkje seier det er 20-25 timar cutscenes, men at det tek 25 timar å runde om du skippar alle cutscenes, og 40-50 timar om du gjer alt. Merk, at det ikkje står 40-50 timar om du gjer alt og skippar cutscenes. Eg mistenker det har gått litt fort i svingane under redigeringa der. Neste paragraf på den sida er følgjande: "If you decide to complete the main story and all the side content, it will take you around 40-50 hours to complete the game. This also includes completing the post-game content which adds more content." Her står det ingenting om å skippe cutscenes.- 32 svar
-
- 8
-
Anmeldelse: Visions of Mana
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
I dette tilfellet er jeg ikke sær, kun noen ytterst få prosent liker timelange cutscenes. Man må tenke litt logisk 😘 Sær ellers? Ja tror alle er sære på sine områder Denne sjangeren er ikkje for deg.- 32 svar
-
- 6
-
Anmeldelse: Visions of Mana
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Takk for advarselen, lange cutscenes i spill er noe av verste jeg vet. Særlig om man ikke kan skippe de. I enkelte få AAA spill er korte cutscenes greit. Men dette hørtes helt horribelt ut. 20-25 timer cutscenes er helt ufattelig lenge, et helt døgn liksom. Jeg skal spille, ikke se verdens mest langdryge film liksom... Men sikker noen særinger der ute som liker det også, 😘 til dere. Det han seier er ikkje riktig. Ser ein på youtube der enkelte brukarar har laga ein film av samtlege cutscenes måler dei ca 9 timar. Klart det framleis er mykje, og om ein likar filmsekvensar er jo naturlegvis ei smakssak. Det er eit Mana-spel med søte karakterar, likar du sånt får du den beste historia i serien, likar du det ikkje, så er ikkje spelet for deg. Du kan uansett skippe alle cutscenes.- 32 svar
-
- 6
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det er veldig overdrive, og som du seier, demonstrerer mangel på forståing for mekanikkane. Men nei, vi visste ikkje om det. Eg fekk uansett berre koden og deadline. Det er tydeleg at enkelte har fått hakket meir materiale, men kven som har fått kva og kvifor veit eg ikkje.- 62 svar
-
- 3
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har vore i betre humør, for å seie det slik.- 62 svar
-
- 2
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det har eg allereie gjennomgått i detalj ovanfor. -
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Den er heilt grei den, men pålitelege er dei likevel ikkje. Eg har mang ein gong sett spel med blanda mottaking blir review bomba for dei mest usaklege ting ein kan tenke seg. Nokre gongar er det absolutt legitim respons, men denne gongen synest eg det er ein noko spesiell reaksjon. -
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Den siste der skal eg absolutt gje deg medhald i, og la det til no. Eg har tatt ein kikk på Steam, og for å vere heilt ærleg er det vanskeleg å ta mykje av det seriøst. Mange som har gitt tommelen ned har ikkje spelet i historikken sin ein gong, den som ligg på topp har spelt det i 15 minutt, knapt nok til å få laga ein karakter. Det er vanskeleg å legge mykje vekt på noko som legg så lite krav til speletid som Steam Reviews. Eg toler veldig godt at folk er ueinige med meg,r, men eg meiner vi må diskutere på riktige premissar, og ha fakta på bordet. I dette høve er det mykje feilinformasjon ute og går, og det er den eg vil til livs. Det er difor eg seier folk enten lyg, eller er feilinnformert. For nesten alle påstandane er demonstrativt feil. Slik som at ein må betale for å få campingutstyr, at ein må betale for å skifte utsjånad, må betale for å teleportere. Dette er påstandar som har gått igjen hos dei fleste som angrip spelet. Og dei er feil. Du kan, men kvifor? Du får meir enn du brukar gjennom å spele. Eg er ikkje ueinig med deg. Eg meiner ferdige produkt bør vere ferdige produkt. Eg mislikar mikrotransakjonsar, eg mislikar dlc, og kan ikkje fordra sesongpass for det vitnar om eit spel som ikkje vil la meg vere ferdig sjølv om eg har nådd rulleteksten. Men akkurat dette plagar meg ikkje, for det er så irrelevant at eg veit eg ikkje går glipp av noko som helst. Dei er i tillegg usynlege. Inne i spelet er det ingen hint om nokon butikk, ingen oppfordringar om å kjøpe noko. Du må avslutte og gå til hovudmenyen for å finne butikken. Hadde dei selt sterkare våpen, sjeldne gjenstandar for bruk til å oppgradere våpen og rustnigar (langt viktigare enn nivået på in innleigd pawn), eller ein teleporteringskrystall med uendeleg bruk, og reklamert for det kvar gong du gjekk inn i menyane, då hadde eg vore einig. Når butikken tilbyr ting som totalt endrar spelet, er det manipulativ speldesign. Dette framstår meir som eit noko kynisk forsøk på å presse litt meir pengar ut av folk ved å selge dei noko dei på ingen måte treng. Kult? Langt derifrå, men ikkje verre enn at eg himlar litt med auga og går tilbake til spelet. Så kan ein sjølvsagt ta ein større diskusjon rundt mikrotransaksjonar og dlc og kva som er greit og ikkje, men av alle syndarane der ute, er Dragon's Dogma 2 så langt nede på rangstigen at dei knapt er synlege.- 62 svar
-
- 4
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg får berre beklage, eg tenkte det var ikkje noko poeng i å sjå den videoen sidan eg har sett fleire andre, lest steam-responsen, sett reaksjonar på diverse forum, og tenkte det berre var same ulla. Såg den no, og kan konstatere at den ikkje bydde på noko eg ikkje har sett og høyrt før i dagane etterpå. Kanskje den er hakket meir tendensiøs. Eg uttalar meg ikkje om PC-versjonen, det kan eg ikkje, for eg har ikkje spelt den. Eg uttalar meg utelukkande om mikrotransaksjonane. Det er mykje feilinnformasjon ute og går ang. dette spelet, og det er på ingen måte pay to win. Eg har for tida tusenvis av rift crystals, og det er fordi det rett og slett ikkje blir brukt noko særleg. Det er ingen grunn til å hyre dyre pawns langt over ditt nivå fordi du snart tar dei igjen uansett, så det er bortkasta krystallar. Det er ein bisarr ting å bruke pengar på fordi du heile tida får slike krystallar gjennom å drepe monster, utføre oppdrag, finne portalar, etc etc. Wakestones er det inga meining i å kjøpe heller, sidan spelet kastar dei på deg. Campingsett er ein meiningslaust å bruke peng på. Joda, det veg bittelitt mindre enn dei du finn i spelet, men du har fire pawns å fordele ting på, om du blir nedlassa av 0.5 kg gjer du noko veldig feil. Bruke pengar på ein eingongsnøkkel? Du finn nøklar i spelet og har svært sjeldan bruk for dei. Betale for å gi pawnen din tilfeldig inclination? Ser ikkje kva det skal vere godt for. Du kan kjøpe i pawnsjappa i staden og få det du eventuelt vil ha der. Betale for å endre utsjånad når det kostar 500 rift crystals og alt du treng for å få dei er gjere eit oppdrag eller drepe nokre monster? Desse tinga Capcom har lagt ut for sal er heilt merkelege. Det framstår mest som eit forsøk på å tene pengar på folk som normalt ville brukt juksekodar i staden for å spele spelet. Det einaste eg ser ein potensiell grunn til å bruke pengar på er musikken frå originalen, som godt kunne ha vore inkludert i spelet sjølvsagt. Ikkje misforstå, eg synest det er noko skit, men det er skit du lett kan ignorere fordi i motsetning til det mange folk påstår, har det lik null innverknad på spelet. Elles får eg beklage tonen, det var ikkje meininga å vere spydig. Hadde nett stått opp og kan tidvis vere litt morgongretten av meg- 62 svar
-
- 5
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Har ikkje sett worth a buy-videoen, så eg har ikkje anklaga han for noko som helst. Det eg seier er at dei som hevdar du må kjøpe ting for å endre utsjånad eller campe, eller teleportere spelet etc lyg, eller er ikkje er informerte nok til å uttale seg. Eg er ikkje for mtx, berre så det er sagt. Eg synest det er ein uting og saknar tida då vi låste opp nye kostyme etc ved å spele, men angrepet på kva desse mikrotransaksjonane byr på er basert på ei lang rekke løgner og feilinformasjonm- 62 svar
-
- 3
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Denne saka er eit godt døme på kor useriøse mange, og spesielt youtube-profilar er, for det aller meste av dette er vås. Det første først, ja, eg kan forstå det er kjipt å ikkje få atarte eit nytt spel, men Capcom har allereie sagt at dei ser på dette, dei ser også på dette med framerate. Så, til desse mikrotransaksjonane. Det var ingen mikrotransaksjonar i spelet før lansering, dei kom på plass på lanseringsdagen. Eg ser det blir påstått at pressa blei informert om dette på førehand, men det blei ikkje vi. Vidare er det rein løgn at du må kjøpe mikrotransaksjonar for å endre utsjånad eller campe, eller noko av det andre. Alt dette er tilgjengeleg i spelet med gull eller riftkrystallar, og svært lite av det kostar mykje. Du blir ikkje tvinga til noko som helst. Dei har berre gjort det mogleg å kjøpe seg ut av nokre av dei beste opplevingane spelet byr på. Akkurat det er ganske snodig. Men ja, du har fått servert eit sett med løgner frå folk som umogleg kan ha spelt spelet, men gjerne vil ha klikk frå deg. Det er ganske kynisk spør du meg. Før lansering hadde eg brukt fast travel fleire gongar, eg hadde mange campingsett liggande i ei kiste, og eg hadde endra utsjånad på både hovudperson og pawn eit par gongar, heilt utan å bruke ei einaste krone. Men eg er einig. Kvar blei det av integriteten? Vi har ein youtube-arme som knapt bryr seg om kildekritikk og serverer blanke løgner over ein lav sko.- 62 svar
-
- 5
-
Anmeldelse: Dragon's Dogma 2
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Som du ser har eg testa på Xbox. Korleis spelet er på PC og PS5 har eg såleis ikkje grunnlag for å uttale meg om. -
Eg har alle konsollane mine sidan Super Nintendo samla på eit rom, med CRT TV. Utfordringa er at det er ikkje lett å få tak i gode CRT TVar i dag. Det meste eg har kome over er ganske råtne TVar frå hytta av obskure merke som Tanra. Det er òg vanskeleg å finne skjermar som støttar noko anna enn 50hz, så å spele noko anna enn PAL blir raskt ei utfordring. Men likevel, veldig glad eg har desse gamle skattane, og kan ploppe inn Super Mario World når eg kjenner suget.
- 7 svar
-
- 2
-
Anmeldelse: Like A Dragon: Infinite Wealth
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Du kan fint spele det aleine, men eg vil absolutt anbefale å spele Yaluza: Like a Dragon først. Det er første spel med Kasuga i hovudrolla, og det er heilt fantastisk. -
Sniktitt: Assassin's Creed Mirage
Øystein.F. svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg møtte ingen slangar i løpet av dei timane eg spelte.