Både Morrowind, Oblivion og Skyrim hadde nokre kritiske designfeil, men det stoppa ikkje meg frå å legga ned mengdar med timar i dei spela. Det var nok enklara for meg å sjå forbi dei feila når eg var yngre og hadde ferre spel å samanlikna med.
Men eg vil tru om me får eit spel som er pent nok, med stemningsfull nok musikk og med nok friheit til spela som ein vil i TES-verda, så får me eit spel som mange kjem til å legga ned mykje tid i. Og om me får mod-støtte att, vil det potensielt leva i eit ti-år eller meir etter lansering.