-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det spelar absolutt ei rolle. Ein får inntrykk av at mobiliseringa er tilfeldig i staden for at ein følgjer ein plan. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No må ein også ta i betraktning at USA er det landet som har sendt desidert mest hjelp til Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det var mange som dreiv motstand i det skjulte, men samstundes jatta folk med for at dei ikkje skulle hamne i problem sjølv. Eit godt eksempel (og ein skamplett i norsk historie) er deporteringa av dei norske jødane, denne vart gjennomført av norske politifolk. Tenk om alle desse hadde nekta å utføre ordre, då kunne kanskje dei norske jødane ha vore berga. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Iranarane greidde heller ikkje å kaste regimet. Det har heller ikkje kviterussarane greidd. Og det finst mange andre eksempel. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Serbia vil vel hevde at det var brot på internasjonal lov og territoriell integritet då dei mista Kosovo. Då blir også den einaste logiske slutninga at Krim og dei andre okkuperte områda tilhøyrer Ukraina. Sidan Serbia tradisjonelt har vore ein nær alliert av Russland og var i krig med NATO er ikkje det å støtte Ukraina i krigen mot Russland noko som er sjølvsagt. Så dette er gode nyheiter. -
Ny avgrensing på antal likes per dag?
torbjornen svarte på torbjornen sitt emne i Tilbakemeldinger til forumet
Men no er det tilbake.- 24 svar
-
- 2
-
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
torbjornen svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
Og likevel hadde eg stemt på Høgre dersom det hadde vore stortingsval. Dette fordi eg er lei av Senterpartiet, som vil kaste vekk enno meir pengar på å reversere alt mogeleg som den forrige regjeringa fekk gjennomslag for, sjølv om det er mot innbyggjarane sin vilje eller mot politiet sine faglege råd. Og dette skjer i ei tid med krig og vanskelege økonomiske tider, og der ein må ty til grunnrenteskatt og ekstraordinære skattar som blir innført over natta utan noko varsel midt i eit kalenderår for å få budsjetta til å gå ihop. Men no var altså dette eit lokalval. -
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
torbjornen svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
Resultatet vart meir eigedomsskatt, dyrare og dårlegare kommunale tenester, nedlegging av skular og barnehagar samt millionløn til ordførarar og kommunetoppar. Alt for at Staten skal spare nokre kroner i kommunale overføringar.- 129 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Slik tenkjer vel kanskje også russarane når det gjeld ukrainsk korneksport. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan det bety at dei norske F16-flya som skal seljast til Romania kan ende opp i Ukraina likevel? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/osloogviken/redd-barna-vil-ikke-ta-imot-penger-fra-kongsberg-gruppen-1.16529369 Då bør vel både Kongsberg-gruppa og alle oss andre heller gje pengar til Ukraina enn til tv-aksjonen i år. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Realisme er viktig for å ikkje overvurdere Ukraina og/eller å undervurdere Russland. Begge deler kan føre til at det blir gitt for lite støtte, at støtta blir gitt for seint og/eller at det blir gjort feilvurderingar. Og resultatet blir det ein ser no, nemleg at krigen ikkje går som forventa, noko som igjen fører til meir negativitet. -
https://www.nrk.no/vestland/mann-pagripen-for-vald-og-truslar-mot-naboar-i-oygarden_-trua-med-a-skyta-dei-i-hovudet-1.16524283 Minner litt om galningen på Kongsberg. Dette er samstundes fyrste gongen Vest politidistrikt har måtta ta i bruk elektrosjokkvåpen.
- 794 svar
-
- 1
-
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
torbjornen svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
INP er vel imot vindkraft og for alt som har med fossil energi å gjere. Er det framtidsretta? Kvifor er ikkje grøn energi viktig for eit parti som er opptekne av industri og næring, iallefall i namnet? Når det er sagt er det vel desse spørsmåla noko som fyrst og fremst høyrer rikspolitikken til. Dei som går inn for kjernekraft får kanskje mi stemme - om 2 år.- 129 svar
-
- 3
-
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
torbjornen svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
Det irriterer meg at rikspolitikarane er så mykje framme når det er lokalval. Samstundes anar eg ikkje kva som skil dei ulike partia her i kommunen og fylkestinget. Hadde det vore stortingsval hadde eg stemt Høgre. Ved kommune- og fylkestingsvalet (Fjaler/Vestland) blir det vel å stemme etter gammal vane (Senterpartiet), Ap eller evt. sofaslitarpartiet.- 129 svar
-
- 3
-
Tidlegare vart basestasjonar og teknologi/frekvensar vist i kartet. Det viser seg at dette er fjerna på grunn av sikkerheitssituasjonen. Som vanleg altfor seint, russarane har nok forlengst skaffa seg den informasjonen dei var interessert i.
-
Dette var nytt for meg. Er det det nye trusselbiletet som gjer at ein ikkje lenger viser basestasjonane?
-
Dei som framleis sit med ein telefon som er nokre år gammal vil iallefall merke det. Eg skriv dette på ein Samsung Galaxy S4 (oppgradert med LineageOS) som har BankID app og Vipps, men som aldri vil kunne ringe via 4G. Eg har betre ting å bruke pengane på enn bruk-og-kast, men vil setje pris på å få ei åtvaring frå Chilimobil slik at eg rekk å kjøpe ny mobil før Telia si 2G blir borte og eg plutseleg sit med eit reint nettbrett. Det vil sikkert også finnast ein del eldre folk som ikkje følgjer like godt med, og som kan risikere å ikkje få ringt etter hjelp den dagen dei ramlar overende på badet eller andre stader. Eg lurer forresten på kva teknologi tryggheitsalarmane brukar i dag, vil desse fungere den dagen 4G og 5G blir einerådande?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein fekk i det minste fram ein reaksjon frå Moskva som burde kunne vise dei som framleis måtte tru på fredsforhandlingar med Russland at Russland ikkje er interesserte i fred, og at den einaste løysinga er at ein støttar Ukraina nok til at dei kan vinne krigen og ta tilbake landområda sine. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein historisk paralell: Russland prøvde å ta Finland. Finland måtte avstå landområde til Russland. Finland er i dag NATO-medlem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur nokon bør roe seg ned litt og lese artikkelen ein gong til. Han strekar for det fyrste under at dette er opp til Ukraina å bestemme. Han seier også at forslaget til løysing kjem frå "andre". Sjølv om eg håpar at krigen ikkje får dette utfallet er det ei mogeleg løysing, særleg dersom Vesten skulle bli lei av krigen og støtta frå nølande politikarar blir svakare enn den allereie er. Men då har også Putin fått ein delvis siger. Stoltenberg sin stabssjef bør uansett vere forsiktig med for mykje høgttenking om krigen, fordi dette sender feil signal og folk byrjar å lure på om det er dette vestlege politikarar og/eller leiinga i NATO meiner. -
Oppkjøpet av NetCom skjedde vel sikkert etter at forhandlingane om å slå saman Telia og Tenenor, populært kalla Telianor stranda? Det eg hugsar best frå dette er den svenske ministeren som kalla Norge for "den siste sovjetstaten". Noko han på mange måtar hadde rett i.
- 27 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel slik at mange med høgare utdanning har forlatt Russland fordi dei ikkje ser noko framtid der. Dette gjer det vanskelegare å rekruttere dyktige folk til å drive teknologiutvikling og produksjon av våpen. Dette vil vere ein fordel for Ukraina. Samstundes kan det også gøyme seg spionar eller smuglarar blant desse, noko som vil vere til fordel for Russland. Om turistar får reise utanfor Russland vil dei få sjå at den russiske propagandaen er nettopp det, og at det russiske verdsbiletet ikkje stemmer. Det må gjere inntrykk å få høyre om kva som går føre seg i Ukraina og å oppleve den sterke støtta Ukraina har i Europa. Samstundes kan ein lure på om den vanlege russaren bryr seg. Det som er sikkert er at dersom ein stenger grensene vil russarane leggje skulda på Vesten fordi dei meiner at dei sjølv blir straffa for ting Putin og regimet har ansvaret for. Det er såleis mykje som talar for å ha opne grenser. Det som talar imot er at det ville gjere det enkelt for Russland å infiltrere og drive spionasje. Det er lite hjelp i å utvise russiske "diplomatar" dersom russarane kan drive verksemda si fritt som "turistar". Og dette bør etter mi meining vere utslagsgjevande i denne saka. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel ikkje heilt sant. Ein har sett mange tilfelle med "uforsiktig røyking", droner osv. Det er vel ikkje Ukraina som står bak alt dette?