-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Det finst ein del artiklar om det som på fint heiter selektiv mutisme: https://www.nrk.no/sorlandet/marte-klarte-ikke-a-snakke-med-andre-enn-familien-og-noen-fa-venner-1.16370598 https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/matte-bli-voksen-for-hun-skjonte-hvorfor-hun-ble-stum-1.13320964 Kan det vere noko slikt som plagar deg?
- 8 svar
-
- 1
-
Dersom du har mogelegheit til det kan du jo prøve å ha høner sjølv. "Hver mann sin høne", som Sponheim sa då han var landbruksminister.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Franske kampfly neste? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nok ein gong klar melding frå Russland: Vi ynskjer ikkje nokon avtale som lar Ukraina få eksportere korn, og drit i kva Erdogan eller andre måtte meine. Skal tru kva Tyrkia/Erdogan tenkjer om dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er eit interessant val. Kan bakgrunnen hans gje auka støtte frå Tyrkia og landa i sentral-Asia? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det fyrste som må til er iallefall ein fredsavtale av eitt eller anna slag. Sannsynlegvis inneber det at Russland må trekkje seg ut av alle okkuperte område inkludert Krim. Men dette vil ikkje vere nok, så lenge dei same folka styrer i Kreml og politikken er like aggressiv. Om det skulle bli regimeskifte kan sanksjonar bli heva og forholdet bli meir normalisert, men det vil uansett ta lang tid før Vesten vil kunne stole på Russland og få eit godt forhold til landet. Det har skjedd litt for mykje sidan 24/2 2022, og Russland har ført total krig mot den ukrainske befolkninga og har vist at dei har null respekt for menneskeliv og reglar i krig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tvilar på at han ikkje er oppteken av image/utsjånad. Den enkle grøne t-skjorta viser vel heller det motsette, nemleg at han har bygd opp eit image sidan starten av krigen. Dette er mannen som blei verande på posten sin i staden for å flykte. "I need weapons, not a ride". Redigert: Ser at @Jalla21allereie har sagt noko liknande. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men områda er okkuperte av Russland, på same måten som Krim og deler av 4 ukrainske fylke. Det er såleis eit interessant spørsmål om Georgia og Moldova kan nytte høvet og jage Russland ut av desse områda medan russarane krigar i Ukraina. Krig på fleire frontar ville også kunne føre til at russarane måtte trekkje styrkar ut av Ukraina for å forsvare desse områda. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kven kunne tenkjast å invadere Russland? Kina er tilhengar av ei regelbasert verdsordning der ein respekterer territoriell integritet, det er iallefall det dei har gitt inntrykk av i Ukraina-spørsmålet. Det same gjeld for Vesten. Ukraina ynskjer å ta tilbake sitt eige land, og har heller inga interesse av å invadere Russland, iallefall om ein ser vekk frå invasjon som eit middel for å få avslutta krigen. Er det andre som kunne tenkje seg å invadere sjølve Russland? Spørsmålet er vel heller om Russland kan miste Transnistria, Sør-Ossetia, Abkhazia, Tsjetsjenia, satelittstaten Kviterussland (Belarus) eller om sjølve Russland kan falle frå kvarandre og gå i oppløysing. I tillegg kan Azerbaijan ta over deler av Armenia og gjere seg skuldig i eit nytt folkemord der. Kor stor er sannsynlegheita for at noko av dette skjer? Kan Moldova eller Georgia smi medan jernet er varmt? -
Eg har teke vaksinene. Eg hadde truleg også korona ved juletider. Eg har ikkje opplevd biverknader, bortsett frå redusert smakssans då forkjølelsen stod på. Eg har vore heldig slik sett.
-
Då har du gløymt sporten. Det hjelper kanskje å leggje inn #landslaget og #fotball også.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
"Bestefar" var vel ordet Prighozjin brukte om Putin. Presidentvalet blir vel med dette like "demokratisk" som i Iran. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men dei er vel ikkje laga av papp? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nrk: Då er det vel hennar tur til å gå av. Trist, for ho har vore ein bra utanriksminister, og har vore tydeleg i støtta til Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Interessant bildeval av Nrk. Prigosjin som poserer på ein Wagner-krigsgravplass enda sjølv opp på ein gravplass. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det mange amerikanarar som støttar Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom Russland manglar soldatar, kvifor trekkjer dei ikkje også ut styrkane som står i Georgia og Transnistria? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein såg vel også ved 9. mai-markeringa at dei ikkje hadde så mykje utstyr å vise fram. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er dette eg er redd for. Ein har sett at Russland fekk god tid til å grave seg ned medan Vesten nølte med å gje Ukraina den hjelpa dei trengde. Det neste blir vel at Russland girar opp produksjonen av våpen og ammunisjon medan Vesten nok ein gong ikkje følgjer med i timen. Då vil Russland kunne ta Ukraina på sikt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nrk melde i dagsnytt no klokka 8 at Zelenskyj ber om støtte frå EU og USA dersom dei skal halde val i krigstid. Eg trur det var USA som ville demonstrere skilnaden frå autokratiske Russland ved at Ukraina held val sjølv om dei står midt oppe i ein krig. Eg finn ikkje nokon artikkel om dette hos nrk. Dette meiner eg er ein dårleg idé av fleire årsaker. Når ein har sett eksempel på tilfeldig(?) mobilisering blir det ikkje akkurat enklare å halde eit val der mange er flyktningar i eige- eller andre land, område er okkuperte av Russland, område langs fronten er ubebuelege og skiftar side frå dag til dag. For ikkje å snakke om at valkontor og folkemengder vil vere opplagte mål for eit Russland som har sivile som angrepsmål, og som fører total krig mot Ukraina. Nei, gje heller Ukraina all den hjelp dei kan få for å vinne krigen så raskt som mogeleg, så kan ein halde val når krigen er over. USA har aldri opplevd krig i sitt eige land sidan den amerikanske borgarkrigen, og veit ikkje kva ein ekte krig i sitt eige land er for noko.