-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nrk: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
(Mi utheving) Hadde det vore snakk om ei flyforbodssone inne i Ukraina ville det ha stått at det var forbode å fly nærmare enn x km frå den rumenske grensa. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sikkerheitssone er vel eit betre ord. Det seier seg sjølv at det ikkje er trygt å fly i eit område der det blir skote på russiske droner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hadde det berre vore så vel. Eg meiner at du tolkar dette feil. Romania har i dag ei flyforbudssone som strekkjer seg 8 km. frå grensa til Ukraina, og denne blir no tredobla. Årsaka er naturleg nok at det ikkje er trygt å fly nær grensa til Ukraina, fordi det har vist seg at det kan ramle ting ned frå himmelen som hamnar på rumensk side av grensa. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Norske politikarar ser jo ikkje ein gong ut til å ha kontroll på eigen og ektefellers økonomi og habilitetsspørsmål som kan dukke opp i samband med dette. Å forstå verda og planleggje langsiktig er atskilleg meir komplisert for ein politikar som blir vald for å styre i 4 år om gongen. -
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Du får tommel for den, sjølv om eg ikkje er einig i konklusjonen. Både loket og sjølve begeret kan vere av papp, evt. med små hol i loket slik at ein kan sjå bæra. Det er sjølvsagt lettare å bedømme kvaliteten på bæra når det blir brukt gjennomsiktig plast, og produktet ser dessutan meir innbydande ut. Men denne plasten skaper fleire problem enn den løyser. Kan det evt. finnast alternative måtar å lage gjennomsiktig emballasje som er betre for miljøet?- 50 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette må vel vere snakk om eit forbod mot import, i motsetnad til transitt? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva ville ha skjedd dersom piloten hadde greidd å skyte ned overvakingsflyet? -
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Dette har du heilt sikkert rett i. Når det gjeld kjøtdeig o.l. bør den uansett vere godt gjennomsteikt. Rått kjøt skal ein vel uansett vere litt forsiktig med, også når det er heilt ferskt. Det er vel heller ikkje heilt tilfeldig at når det er utbrot av e-koli er det ofte fårepølser o.l. som er syndaren. Kjøtkaker o.l. høyrer ein sjeldan noko om, fordi desse vanlegvis er godt steikte før folk set tennene i dei. -
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Mange av matvarene ein kjøper held seg lenge etter utløpsdatoen. Ofte held også varer merka med "siste forbruksdag" seg ei god stund etter utløpsdatoen, og eg trur til og med at eg har ete kjøtpålegg utgått for ein månad sidan utan at det var noko å seie på verken lukt, smak eller på magen min i ettertid. Konklusjonen er dermed at ein alltid bør lukte og/eller smake før ein kastar mat. Er ein bevisst på dette kan ein også gjere ein god handel ved å plukke nedsette varer på butikken. Men varer som går ut på dato bør etast innan kort tid, og det er ingen vits i å kjøpe meir enn det ein greier å ete opp. Slik kan ein vere med på å redusere matsvinnet i Norge. -
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Kva skjer med plastkorken etter at papiravfallet er henta? Blir plastkorken resirkulert til papir? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Er det i løpet av dei siste dagane at han har gjort dette?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Det var kraftig nordlys her i Sunnfjord i natt. Dette er vel ikkje så heilt vanleg.
-
[Løst] Mistet bildet på TVen - hjelp
torbjornen svarte på Fizzle sitt emne i TV, hjemmekino og bilde
Merk at dei fleste innlegga i denne tråden er over 8 år gamle.- 18 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det kan umogeleg vere enkelt å flytte dinosauren ut av kornåkeren og til ein stad der den kan ta av. -
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
torbjornen svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
Det er nok diverre også slik at dei rikspolitiske trendane pregar lokalvala. Her i kommunen har vi ein populær Senterparti-ordførar og raudgrønt samarbeid, då er det litt merkeleg at Senterpartiet går tilbake og Høgre gjer eit brakval når dei vil leggje ned grendaskulane for å bruke pengane på omsorgsbustader. Blir det gjennomført vil nok kommunen trenge skattepengane der, forsvinn barnefamiliane er det oppskrift på stagnasjon og tilbakegang, og det blir berre dei eldre som blir tilbake.- 129 svar
-
- 1
-
Det tok/tar over 30 (50?) år å bli kvitt handleposene i plast
torbjornen svarte på lada1 sitt emne i Oppslagstavlen
Er det meir miljøvennleg å bruke avfallssekkar til søppelposar eller til panteflaskene? Om avfallssekkane kan brukast om att kan også bereposane det. Og kvifor blir det ikkje gjort noko med det verkelege problemet, som er all plastemballasjen som følgjer med alle varene ein kjøper? Eg skulle gjerne ha betalt ei ekstra avgift dersom den kunne brukast til å finne fornuftige folk som kan styre landet, matkjedene eller produsentane som skaffar oss all den unødvendige plastemballasjen.- 67 svar
-
- 1
-
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Då må det ha vore noko feil med kjøleskåpet ditt. Eg drakk mykje mjølk i oppveksten, og kan ikkje hugse at dette var eit problem. Mjølka heldt seg ofte lenge etter utløpsdato då som no. Det var også lettare å drikke av kartongane, med plastkork får ein aldri kartongen heilt tom utan å søle. Eg har aldri forstått poenget med desse korkane. Dersom Tine (eller Q) skal gjere eit berekraftig val er den openberre løysinga å gå tilbake til den gamle løysinga. Når det er sagt riv eg av korkane på brusflaskene av rein trass, og irriterer meg kvar gong over politikarar og andre som finn på slik symbolpolitikk framfor å ta tak i dei verkelege utfordringane som ville monne.- 50 svar
-
- 3
-
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
torbjornen svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Der har du eit godt poeng. Eg pleier å kjøpe små tomatar i plastbeger, og når eg har ete slit eg rett som det er med å finne att det gjennomsiktige plastloket. Kanskje burde alle lok ha vore hengsla fast. Men dette vesle problemet mitt illustrerer også kor tullete symbolpolitikk er. Det er lite hjelp i plastposeavgifter og hengsla korkar når alt ein kjøper er innpakka i det som ofte er unødvendig mykje plastemballasje. Skal ein få gjort noko med plastforsøpling må ein starte med å finne alternativ til all denne plasten. Tomatane kunne like gjerne ha vore i eit beger av papp.- 50 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel kanskje fyrst og fremst viktig symbolsk som ei oppmuntring for å halde på moralen til befolkninga? Når dei ikkje kan etablere deg på austsida av Dnipro og bruke dette til å gjenerobre resten av Kherson, korleis kan dei då bruke nokre oljeplattformer til å ta kontroll over Krim? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I dei fleste tilfelle blir paret einige om å etablere seg ein stad der begge har jobb innanfor rimeleg avstand, og der dei elles likar seg. Om ikkje det er mogeleg å få dette til å klaffe heilt må ein tilpasse seg og ta dei jobbane som finst. Er det hogd i stein at Trondheim er nærmaste løysing? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, men om alt innan offentleg og privat skulle tenkje slik ville det ikkje ha blitt igjen ein einaste arbeidsplass i distrikta bortsett frå bønder og kommunale arbeidsplassar, og då fyrst og fremst kring den lokale gamleheimen. Skal distrikta vere levedyktige må det opprettast fleire arbeidsplassar innanfor eit størst mogeleg spekter, slik at både mannen og kona har jobb, og i tillegg må ein ha tilgang på barnehage, skule, eit variert kulturtilbod og anna tenesteyting innanfor ein rimeleg tidsmessig avstand.