-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukraina vil trenge enorme summar i støtte for å byggje opp att alt som er øydelagt etter krigen. At Ukraina skal betale tilbake for våpenhjelp er heilt urealistisk. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nettopp! Det viktigaste her er å unngå at dei blir allierte med Russland og Kina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland hadde vel ein aldri så liten motoffensiv i nordaust, men den vart vel stansa? I det store og heile er det diverre små endringar i frontlinjene samanlikna med for eit år sidan: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.adressa.no/nyheter/utenriks/i/onb16g/kasakhstan-vil-ikke-hjelpe-russland-med-aa-bryte-sanksjonene I følgje denne artikkelen frå ein for meg ukjend nettstad sa Tokajev noko liknande til ein russisk tv-kanal allereie i 2022: https://www.intellinews.com/tokayev-tells-russian-tv-kazakhstan-won-t-break-western-sanctions-247682/ Årsaka var ikkje at Kazhakhstan tok avstand frå krigen. Kazhakhstan skal derimot ha følgd sanksjonspolitikken for ikkje å bli utsett for sanksjonar sjølv. Det som likevel er interessant er at den nyaste uttalen i følgje Adressa/NTB fann stad i samband med det fyrste fellesmøtet mellom -Stan-landa og eit EU-land nokon gong. Dette indikerer at desse landa orienterer seg mot Vesten og vekk frå Russlands klamme grep. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel ganske oppsiktsvekkjande, trass i at ein også tidlegare har sett små teikn til at Tokajev har vist misnøye med Putin. Kazhakhstan og dei andre landa i Sentral-Asia har vel stemt nøytralt kvar gong resolusjonar om fordømming av invasjonen har vore oppe i FN. Kva er det som har gjort at landet bryt med Russland for godt? Er det på grunn av forsøk på å rekruttere kazhakhstanarar som "frivillige", eller er det behandlinga av armenarane og Nagorno Karabakh som har ført til at Kazhakhstan ser at Russland ikkje lenger kan hjelpe dei militært, og at landet difor må søkje støtte og alliansar andre stader? -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Nrk om den historiske bakgrunnen for det som går føre seg no: https://www.nrk.no/urix/konflikten-i-nagorno-karabakh_-derfor-har-flere-tusen-lagt-pa-flukt-i-kaukasus-1.16573522 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Og her er det i tillegg snakk om eit namn/ord som ikkje finst i noko ordbok. Då er plutseleg ikkje kunstig intelligens så intelligent lenger. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom russarane kastar inn alt dei har i kampane ved Verbove, kan det då opne seg mogelegheiter andre stader? Vil Ukraina i så fall ha kapasitet til å kunne utnytte dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eit år etter Nordstream-eksplosjonane er det framleis uklart kven som stod bak: https://www.nrk.no/urix/for-ett-ar-siden_-hvem-sprengte-nord-stream-gassrorledningene_-1.16571077 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sidan det blir litt mykje støy og vas i ein elles interessant tråd melder følgjande spørsmål seg: Korleis går ein fram dersom ein vil ignorere ein brukar? Redigert: Eg fann ut av det. -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Og her er ein lengre artikkel om same sak: https://www.nrk.no/urix/naermere-50.000-har-flyktet-fra-nagorno-karabakh-til-armenia-etter-aserbajdsjansk-erobring-1.16572703 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sterke menn som ikkje kan tape ansikt? Slikt har ein sett før. -
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
Det vil truleg vere betre å investere ein del av sparepengane i banken, og på den måten få del i avkastninga gjennom utbytte. -
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
I det siste har det vore ein pandemi og ein krig som har snudd opp ned på økonomien. Slike ting er ikkje så enkelt å spå, men her har du vore heldig og treft blink. -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Det finst også mange andre som "burde" ha fått halde folkeavstemming. Eksempel er kurdarane i Tyrkia og katalanarar og baskerar i Spania. Det er ikkje tilfeldig at land som f.eks. Spania nøler med å anerkjenne Kosovo. Ein har allereie erfaring med separatisme på heimebane. Det beste ville sjølvsagt ha vore om alle desse områda kunne halde folkeavstemmingar om si eiga framtid. Men dette er det dei landa dei tilhøyrer som må bestemme, og andre land kan ikkje blande seg inn i dette. I den verdssituasjonen vi har no er det avgjerande å halde på prinsippa om territoriell integritet og internasjonal lov. Elles blir det kaos og den sterkaste sin rett som gjeld. Ein slik verdsorden ville gå hardt ut over små land som Norge. -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Nettopp! Og det er jo akkurat slik Putin har argumentert: Krim har "alltid" vore russisk, fram til Krutsjov gjorde ein stor feil og ga det til Ukraina. Det er heilt sikkert også deler av Aust-Ukraina (okkupert sidan 2015) der eit fleirtal ynskjer å tilhøyre Russland. Er dette då eit gyldig argument for å halde folkeavstemming om dei skal bli ein del av Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men dette var vel slik over heile Aust-Europa, og ikkje noko spesielt for Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nytt nattleg angrep på ukrainske byar: https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/flyalarmen-gaar-flere-steder-i-ukraina.6gbq66do8 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/polens-president-lover-aa-hjelpe-ukraina-med-korneksport-tross-polsk-salgsforbud.Xk5Ik4-tj -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Mogeleg hestehandel i Midt-Austen, målsetjing er m.a. å dra Saudi-Arabia vekk frå Russland: https://www.nrk.no/ytring/usas-gigantavtale-i-midtosten-har-fatt-vind-i-seilene-1.16563343 -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Skulle armenarane i Nagorno Karabach ha rett til å opprette sin eigen stat må ein gje den same retten til Krim, Donetsk, Luhansk, Abkhasia, Sør-Ossetia og Transnistria. Difor må ein godta at området er aserbajdsjansk, trass i at det er svært gode grunnar til at området burde vere sjølvstendig eller høyre til Armenia. Uansett vil Aserbajdsjan vere forplikta til å ta godt vare på armenarane og til å la dei ta vare på sitt eige språk og sin eigen kultur. Her må ein berre håpe at aserbajdsjanarane vil behandle desse folka betre enn f. eks. behandlinga Tyrkia utset kurdarane for. -
Konflikten mellom Azerbaijan og Armenia
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Aserbajdsjan har vel sagt at dei vil reintegrere armenarane. Om aserbajdsjanarane lovar å behandle armenarane bra og armenarane likevel vel å forlate området er det ikkje etnisk rensing.- 102 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så er det også eit spørsmål kor mange som tek sjansen på å svare det dei eigentleg meiner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Desse vakre jentene er studentar ved den internasjonale skulen (UWC) i Flekke i Sunnfjord, og fekk i går storfint besøk av dronning Sonja. Frå venstre: Hong Kong, Norge, Haiti, Estland og Ukraina. https://www.firda.no/pusta-letta-ut-da-besoket-hadde-takka-for-seg/f/5-15-1628304 https://www.firda.no/dronninga-besoker-flekke/g/5-15-1628478 Seansen var også nemnd i Vestlandsrevyen i går.- 71 301 svar
-
- 10
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein får håpe at ein ikkje sit her om eit år og les at Biden lovar Ukraina at NO skal dei få ATACMS. Dette burde ha vore gitt for lenge sidan.