Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Dette blir off topic, men då eg var student budde eg vegg i vegg med ein finsk student som høyrde til minoriteten som har finlandssvensk som morsmål. Han hevda å ha erfart at når studentar reiste til skistadene for å feste gjekk nordmenn og finnar godt ihop, medan det ikkje var det same forholdet mellom nordmenn og svenskar. Så finnane er, trass i språkskilnaden kanskje nærmare oss kulturelt enn nokon andre. Eg vil vel seie at Norden er dei som står oss nærmast. Deretter Europa. Også USA og Canada står oss nærme, både på grunn av sikkerheitspolitikk, kultur og at det er fleire amerikanarar med norsk blod i årane enn det er nordmenn i Norge. Konflikten mellom Israel og palestinarane engasjerer også, medan Afrika og langtvekkistan står oss fjernt. Deira konfliktar er ikkje våre konfliktar på same måten som krigen i Ukraina.
  2. https://www.nrk.no/sport/nordiske-fotballtoppar-far-krass-russar-kritikk_-_-gatt-over-ei-grense-1.16580687
  3. I tillegg ulmar det rundt Nord-Korea. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/KnmJ3y/kraftig-atomvaapen-advarsel-til-nord-korea-vil-bety-slutten-for-regimet Og i USA greier ein ikkje ein gong å finne ein leiar som kan styre representanthuset. Ein kan jo lure på kva alt dette endar med. Denne kommentaren er nokre dagar gammal: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/y6jdkr/kan-usa-svikte-ukraina
  4. Etter alt regnet i sommar og i haust kan ein slå fast at det neppe blir "tyske" straumprisar i vinter. Og skulle det likevel skje er det også mindre sannsynleg at europeiske straumprisar blir like høge som i fjor. Når magasina renn over kjem dei omdiskuterte kraftkablane endeleg til sin rett. Måtte fornuften vinne. https://www.nrk.no/rogaland/sjekk-forskjellen_-no-ma-dei-tappe-vatn-ut-av-magasina-1.16573182
  5. Det vil vel alltid vere spekulasjon rundt valuta, og då blir ein kurs på 100 fort ei psykologisk grense. Sentralbanken har bidrege til dette ved å prøve å hindre kursen i å passere denne grensa, og dersom/når folk ser at den ikkje greier å halde denne grensa lenger vil fallet kunne tilta. Det har tidlegare vore devaluering/spekulasjon mot krona og mange andre valutaer, så kvifor skal ikkje dette også kunne ramme rubelen? Det som i tilfelle talar i mot er at sanksjonar eller russiske tiltak evt. gjer at det ikkje er fri handel av rubelen.
  6. Dersom ikkje sentralbanken lenger greier å halde kursen under 100 kan det vel gå fort nedover.
  7. Kva vil skje med barnehagen i representanthuset no? Vil det bli valt ein speaker som kan samarbeide meir med demokratane og køyre politisk slalåm for å få gjennom sakene? Kan støtta til Ukraina bli vedteken likevel?
  8. Ja, her var det litt uklart kva du meiner. Tyskarane og russarane var på same side frå utbrotet av 2. verdskrigen fram til åtaket på Russland i 1941.
  9. Det er nesten så ein saknar handlekrafta til Erna Solberg, Bent Høie og Guldvaag/Nakstad.
  10. Ved at folk sluttar å kjøpe produkta, slik at selskapet går dukken.
  11. For å setje det heilt på spissen: Kva ville ha skjedd dersom det var snakk om å heidre nazisten Oskar Schindler i det canadiske parlamentet? Men eg er heilt einig i at det skal mykje til for å balansere ut den assosiasjonen.
  12. Kvifor gjorde ein denne snuoperasjonen? Fordi mannen plutseleg fekk merkelappen "nazist"? Fordi gruppa kan ha vore med på å massakrere polske sivile? Eller var det fordi russisk propaganda fekk vatn på mølla? Kva for andre val hadde denne mannen i utgangspunktet dersom han ville kjempe for eit fritt Ukraina? Dette er eit godt poeng. Historie er aldri svart-kvitt. Det gjeld også det moderne Ukraina, Azov-brigaden osv. Og Russland brukar dette i propagandaen for alt det er verdt. Sjølv om russarane lyg så det renn har ofte propaganda ei kjerne av sannheit.
  13. Var regimet til Sjahen i nærleiken av å vere like undertrykkjande som det sitjande regimet?
  14. I følgje VG er ukrainarane framleis på offensiven, men i følgje @JK22 er det russarane som er i ferd med å slå tilbake. Kva er rett?
  15. Tapt personell har vel vore under 500 ei stund no. Ser vi her ein auke i falne russarar i det dei set alle krefter inn på å stanse motoffensiven?
  16. Elles pleier det ikkje å vere revolusjonar i land som Iran eller Nord-Korea heller, same kor vanstyrte desse landa er. Slike regime kan halde på med hjernevask og undertrykkjing lenge, berre undertrykkjinga er hard nok.
  17. På same måten som mellomkrigstida la grunnen for Hitler har vel 90-talet med kaos, mafia, ekstrem kapitalisme der felleseiget hamna på nokre få hender, ein fyllik som president og der folk følte at Russland vart audmjuka og ikkje fekk den posisjonen i verda som dei var vant til gjennom Sovjetunionen ført landet dit det er i dag.
  18. Så i det Ukraina var i ferd med å bryte gjennom dei russiske forsvarslinjene er altså motoffensiven over, og russarane på offensiven? Og medan Russland aukar produksjonen av ammunisjon og materiell feigar Vesten ut? Så snart Putin har halde "val" kan han mobilisere og pøse på med meir kjøt, for det har russarane ubegrensa av. Eg tykkjer at dette ser mørkt ut. Greier russarane å halde det gåande lenge nok ser det ut til at dei vil vinne krigen og ta over Ukraina. Då vil USA og NATO ha mista alt sitt truverde.
  19. Det hadde vel ikkje blitt nokon andre reaksjonar enn fordømming av Russland kvar gong russiske overgrep vart avslørte. Ukrainarane ville ha vore overlatne til seg sjølv. Vesten rekna eigentleg med at krigen ville vere over i løpet av kort tid, og svarte med å evakuere sine borgarar. Det tok lang tid før ambassadetilsette vende tilbake, og enno lenger tid før offisielle delegasjonar med statsleiarar byrja å besøke Kiev. Og sjølv med eit oppegåande Ukraina som stadig kjempar mot den svekka russiske bjørnen som likevel har bite seg godt fast ser ein at land som Tyskland og USA nøler med å gje den hjelpa dei treng for å vinne krigen. Med stadig fleire russofile land tykkjer eg at det byrjar å sjå mørkt ut for Ukraina og for verdssituasjonen. Her er litt meir om bakgrunnen for det som skjer i Slovakia: https://www.nrk.no/urix/populistparti-vann-valet-i-slovakia-1.16575336
  20. Lend-lease-ordninga vart vel også brukt til å sende utstyr til Sovjetunionen under 2. verdskrigen. Betalte Sovjetunionen nokon gong for dette?
  21. Då er det vel kanskje mogelegheiter for at det blir ei løysing likevel.
×
×
  • Opprett ny...