-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I følgje Nrk dagsnytt er det oppstått lekkasje på ein gassrøyrleidning mellom Finland og Estland. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Pakket er vel dei som brukar borna som menneskelege skjold for å angripe Israel. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/den-israelske-haeren-om-hamas-angrepet_-_-vi-er-i-krig-1.16587002 Artikkelen nemner også Hisbollah sitt forsøk på å få krigen til å spreie seg til Libanon. Dette landet har som kjent store problem som delvis skuldast nettopp Hisbollah. Det er ein tragedie dersom krigen skulle spreie seg hit. Og som vanleg hamnar sivile i midten, brukt som menneskelege skjold som vist for nokre innlegg sidan. Det er vel roleg på Vestbreidda førebels. Ein får inderleg håpe at ikkje krigen spreier seg dit. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
No er jo også terrorhandlingar angrep på sivile, så slik sett er vel det ho skreiv greit nok ut frå det som var situasjonen då. Poenget var å roe ned situasjonen. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
-
Gaza - Kan trestatsløysing vere aktuelt?
torbjornen svarte på torbjornen sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er vel også på grunn av at det er Hamas som har styrt Gaza. Med Hamas ute av verda kan nye mogelegheiter opne seg. -
Gaza - Kan trestatsløysing vere aktuelt?
torbjornen svarte på torbjornen sitt emne i Politikk og samfunn
Kan det i så fall vere mogeleg å gje Egypt militær støtte, gunstige handelsavtalar eller bruke andre lokkemidlar for å få dei til å gå med på dette? Og då i kombinasjon med internasjonal pengestøtte til gjenoppbygging av Gaza? -
Oslo-prosessen har vore død i mange år, og etter at Hamas har styrt Gaza låg ein i utgangspunktet kanskje nærmare ei trestatsløysing på konflikten enn ei tostatsløysing. Israel trekte seg ut frå Gaza i 2005, men har vore under israelsk (og egyptisk) blokade sidan då. Blokaden, dårlege levekår, angrep med påfølgjande hevnangrep frå Israel med jamne mellomrom og oppsamla hat frå tiår med konflikt mellom Israel og palestinarane (inkludert busetjingspolitikken på Vestbreidda) gjer at terrororganisasjonar som Hamas har støtte, og om Hamas skulle bli knust er det sannsynleg at andre liknande grupper vil komme i staden. Israel har på si side ingen interesser i Gaza i dag anna enn å beskytte Israel og å halde terrororganisasjonar som Hamas nede. Etter udåden frå Hamas må ein tenkje nytt. Ei tostatsløysing har vore død lenge, og vil truleg bli det i lang tid framover så lenge høgrevridde israelske regjeringar har styringa og busetjingspolitikken på Vestbreidda får halde fram. Ein palestinsk stat som består av Vestbreidda og Gaza vil aldri kunne henge saman. Fram til 1967 var Gaza okkupert av Egypt. Israel tok også Sinai-området etter krigen i 1967, men området vart gitt tilbake til Egypt i samband med fredsavtale i 1979. Israel har i dag eit godt forhold til Egypt. Kan løysinga vere at området blir overført til Egypt så snart Israel er ferdige med å rydde opp etter Hamas, og vil Israel og/eller Egypt kunne godta dette? Egypt vil då stå ansvarleg for evt. angrep mot Israel, og vil samstundes vere ein garanti mot at Israel ikkje kan angripe Gaza utan å komme i konflikt med Egypt. Blokaden må avsluttast, Hamas og andre terrororganisasjonar må haldast nede og folket må få betre levekår og trua tilbake på ei framtid som fullverdige egyptiske statsborgarar. Området må haldast under fast kontroll, men befolkninga vil ha større tiltru til arabarar enn til israelarar med bakgrunn i fleire tiår med konflikt. Kunne dette i så fall også gjere det mindre komplisert å få ei løysing på Vestbreidda (einstatsløysing, tostatsløysing, evt. overføring til Jordan), og dermed ei varig løysing på den palestinsk-israelske konflikten?
-
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Ein risikerer no at støtte som kunne ha gått til Ukraina vil gå til Israel i staden. Russland har alt å tene på dette, og er sikkert i tillegg ute etter rolla som "fredsmeklar". -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Kjelde på at Norge har sendt pengar til Hamas? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Om dette stemmer er det godt nytt for Russland og dårleg nytt for Ukraina. Ukraina risikerer å måtte vente enno lenger på meir luftvern. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Men palestinarar som budde eller dreiv landbruk der busetjingane vart oppretta mistar hus, gard og grunn og/eller blir trakassert av busetjarar. Det er der den etniske rensinga ligg. (Beklagar at eg siterte Broder Ursus, sitatboksen lar seg ikkje fjerne). -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Eg svarte på at @Brother Ursusskreiv at om palestinarane tapte ville det bli "fred". Palestinarane er ikkje ansvarlege for Hamaz. Men Israel har ansvaret for busetjarane, og så lenge dei får ture fram blir det ingen varig fred, verken på Vestbreidda eller på Gaza. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Sosiale media vil alltid liggje nokre hakk føre redaktørstyrte media. Det ser vi også i Ukraina. Når nyheitene lar seg bekrefte er det allereie gammalt nytt. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Det virkar som at du er blenda av hat mot USA/NATO og kjærleik for Russland/Sovjetunionen. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Busetjingspolitikken på Vestbreidda er ein kime til konflikt, og Israel er ikkje utan skuld. Blokkaden av Gaza har heller ikkje ført til noko godt, den rammar sivile og har ikkje greidd å hindre Hamaz i å skaffe våpen. Det beste som kan skje no er vel at Hamaz blir sett på sidelinja/utrydda, og at det kan bli sett inn eit styre som er i stand til å samarbeide med Israel og verdssamfunnet, at blokkaden deretter blir heva og at Israel etter kvart kan komme tilbake til forhandlingsbordet slik at ein kan få ei varig løysing på konflikten. Det siste kjem diverre neppe til å skje på svært lenge om nokon gong. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Ukraina går etter militære mål. Russland går etter sivil infrastruktur og sivile mål som begravelsar og sjukehus. Israel kan kritiserast for mykje, men prøver å spare sivile liv. Hamas går bevisst etter sivile mål. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Er det mange finnar i Karelen? Er det mange tyskarar i Kaliningrad? Kvifor ikkje? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Det var i praksis dette som skjedde. Karelen og Petsjenga vart russisk. Kaliningrad vart russisk. Deler av Tyskland tilfall Polen. Og Sovjetunionen fekk også godkjenning for å anektere deler av Polen, desse områda er i dag ein del av Ukraina og Kviterussland. Ingen av desse grensene er omstridde i dag. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Kva grensa vil vere vil nok variere frå sak til sak. Mi meining er iallefall at Ukraina har rett på å ta tilbake dei okkuperte områda, sjølv om krigen skulle vare til etter 2025. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Lenke? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Ein god uttale frå Zelenskyj, og Ukraina stiller seg nok ein gong på "rett" side av historia. Ukrainarane opplever dagleg terror, men greier likevel å halde fatninga og ikkje ta tilbake med same mynt slik som mange andre ville ha gjort. Har det komme nokon kommentarar frå Putin og/eller Russland? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Her trefte du blink! -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Dersom Russland krev at ukrainarar i dei okkuperte områda må skaffe seg russiske pass, og dei som ikkje godtek dette blir fordrivne - kva kallar du det? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Etter din definisjon kan Russland berre setje opp eit gjerde rundt byen, så er det ikkje etnisk rensing.