Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Dei som ikkje støttar Ukraina fordi landet viser sympati med Israel i denne situasjonen støttar nok ikkje Ukraina uansett. Palestinarane har heller ikkje så stor støtte i arabarlanda som før, og Israel og Saudi-Arabia er på nippet til å godkjenne ein samarbeidsavtale. Hadde ukrainarane valt å støtte Hamas ville det fort ha vorte lite støtte å hente i krigen mot Russland. Elles er støtta frå Vesten avgjerande for at Ukraina skal kunne vinne krigen mot Russland. Og så må du som alle andre greie å ha fleire tankar i hovudet på same tid. Å vise støtte til Israel når landet blir ramma av blodig terror utelukkar ikkje at ein også har sympati med palestinarane og forståing for årsakene som ligg bak konflikten.
  2. Om Russland fordømmer terroren frå Hamas seier nrk.no ingenting om.
  3. Frå Aftenposten-artikkelen: Det kan med andre ord vere dei flya som ikkje er dekka av bildekk som er verdt å angripe.
  4. Det er fint å sjå. Og som nemnt: Det minner om det vi såg etter invasjonen. Opplyste bygg i ukrainske fargar over heile Europa. Ukraina opplever sjølv terror mot sivile, og kan med dette gje tilbake etter at dei sjølv har fått mykje sympati.
  5. Spørsmålet då er: Går støtta til Israel på bekostning av støtte til Ukraina?
  6. Russland sine støttespelarar med framgang også i Tyskland.
  7. Eg meiner å ha sett at USA var raskt ute med å love hjelp til Israel. Her er det inga nøling og trenering av hjelp, slik som det har vore i samband med krigen i Ukraina der ein må vente månader og år. Merkeleg dette.
  8. Dersom det skulle vere Russland som står bak blir spørsmålet om dette kan bevisast. Dersom ikkje vil Russland komme unna med det, og strategien med å dra merksemd og våpenstøtte vekk frå Ukraina kan i så fall lukkast. Om det derimot blir avslørt at Russland står bak vil derimot støtta til Ukraina kunne auke kraftig. Vi får vel håpe på at det sistnemnde verkeleg er tilfellet. Ein får i det minste håpe at alvoret i verdssituasjonen til slutt går opp for republikanarane og MAGA-folka, slik at dei får valt ein speaker som kan samarbeide med demokratane når det trengst.
  9. Tull. Det var eit bilete av Brandenburger Tor opplyst i israelske fargar i den andre tråden. Dette minner om markeringane etter invasjonen av Ukraina. Mange er i utgangspunktet palestinavennlege, men dei fleste greier vel å ha to tankar i hovudet på ein gong. (Skal ein vere litt kynisk er det i tillegg strategisk smart av ukrainarane å vere raskt ute og markere tydeleg støtte til Israel).
  10. Etter visse hendingar i det siste er eg tvilande til at det ville hjelpe å gjere Russland til eit nytt Gaza. (Eller Afghanistan for den del). Vest-Tyskland var okkupert ei kort tid etter krigen. Ein fekk stabla på beina eit demokratisk styre og fekk hjula i sving att. Det gjekk bra, trass i at nazistar var ein trussel den fyrste tida.
  11. Karta viser vel kven som kontrollerte landområda før og etter datoane, men utan noko utgreiing om korleis og kvifor.
  12. Ein vesentleg skilnad er at dei som bur i husa pleier å få eit varsel slik at dei kan komme seg ut og i sikkerheit før huset blir bomba. Russarane er derimot bevisst ute etter å ramme sivile. Ofte kjem det eit nytt angrep same stad etter kort tid, slik at russarane kan drepe hjelpemannskapa som kjem til.
  13. På 90-talet vart fylliken Jeltsin attvald fordi det var få alternativ. Sidan har Putin (med eit lite avbrot av Medvedev) blitt attvald kvar gong fordi det ikkje finst reelle alternativ. Dei kandidatane som får stille støttar Putin.
  14. Eg nyttar høvet til å seie at eg set stor pris på dei som kjem med nyheiter eller saklege innlegg, sjølv om ein kan vere aldri så ueinig. Dessutan set eg stor pris på arbeidet moderatorane gjer med å halde orden slik at vi kan diskutere vidare. Det var vel slik at 60 innlegg måtte fjernast i går.
  15. Ein kan ikkje samanlikne situasjonen i Gaza med Krim eller Ukraina. Det er lite hjelp i å diskutere tapte sjansar. Desse er ikkje lenger noko alternativ etter det som har skjedd. Då må ein sjå framover. Skal området bli okkupert av Israel vil konflikten halde fram, og folk vil ikkje få det betre. Då er det betre at Egypt tek på seg ansvaret, slik at folk kan få ei betre framtid.
  16. Men handlingane kunne ikkje samanliknast. Difor kom dei inn i varmen. Forsoningspolitikken i Sør-Afrika er eit føredøme for korleis ein konflikt kan leggjast død.
  17. Egypt fekk kontroll på terroristane på Sinai-halvøya for nokre år sidan, og bør kunne greie det også i Gaza etter at Israel har gjort sin del av jobben. Ein palestinsk stat som bestod av Vestbreidda og Gaza ville uansett ikkje vere eit samanhengande land. Om Gaza-problemet var løyst ville ein stå att med spørsmålet om busetjingspolitikk, tostatsløysing eller evt. einstatsløysing på Vestbreidda. Kanskje ville ein lettare kunne få til ein varig fredsavtale her dersom Gaza ikkje lenger var ein del av konflikten?
  18. Dårleg samanlikning. Det er ikkje berre ei handfull ekstremistar i Gaza. Du har rett i at situasjonen palestinarane har vore i har forsterka ekstremismen. Samstundes må ein vere ærleg og seie at ein ikkje veit korleis situasjonen hadde vore om palestinarane hadde hatt det betre. Kanskje ville terrororganisasjonar som ynskjer å utslette Israel ha funnest likevel?
  19. Ein må alltid vere kritisk når ein les om konfliktar. Men det er ingen grunn til å tru at ikkje dette stemmer.
  20. Det er nok for seint no. Israel vil sjølvsagt ikkje risikere å ha terroristar som tikkande bomber blant sine eigne. Mi meining er at Gaza bør bli ein del av Egypt, slik at Egypt får ansvaret for å sikre fred. Då slepp ein historikken med hat på begge sider. Dette er den einaste måten som befolkninga der kan komme ut av "fengselet" og få ei betre framtid på.
  21. Interessant. Støre brukar ordlyden "Israel har rett til å forsvare seg mot militære angrep" https://www.nrk.no/nyheter/store-om-konflikten_-_-svaert-alvorlig-situasjon-1.16586647 Situasjonen var ein annan på 2000-talet då Hamas vann det palestinske valet, og det var eit håp om at dei ville gå inn for å jobbe politisk i staden for å drive terror. Dette håpet er vekke for lenge sidan, og Norge må snarast rekne Hamas som ein terrororganisasjon om ein ikkje allereie har gjort det.
  22. Ser det som Hamas gjorde bra ut for verdssamfunnet? Er det nokon grunn til at Hisbollah skulle oppføre seg annleis?
×
×
  • Opprett ny...