Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Eg meiner at @TAC-2 og @krikkerthar rett. Odel gjeld frå 2014(?) berre i rett nedgåande linje. Før 2014 kunne odel også gå til sysken, og dermed også nevøar eller nieser. Sidan det i dette tilfellet ikkje er odel på garden kan onkelen din selje til den han vil, som f.eks. deg sjølv. Om garden er over ein viss storleik må du søkje konsesjon, og sannsynlegvis oppfylle 5 års buplikt samt varig driveplikt.
  2. Så er spørsmålet om kongressen blir i stand til å bestemme noko som helst i tida framover. Det er ufatteleg for oss nordmenn at ein ikkje berre sikrar fleirtal for ein demokratisk speaker. Det var eit innslag på Dagsrevyen for nokre dagar sidan (Nr. 16 her: https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/202310/NNFA19101523/avspiller ) om ein eldre utvandra nordmann som er frisør i Washington DC. Han hadde hatt ein ganske "fin" kundekrets, og hadde klipt både førstedamer og politikarar frå begge leirar. Han fekk spørsmål om korleis politikken hadde endra seg, og kunne då fortelje at det var slik før at sjølv om folk var ueinige i kongressen på dagtid var dei vener når dei var ute om kveldane. Men slik var det ikkje lenger. Han hadde såleis funne ut at det var best å ikkje snakke politikk med kundane. Dette seier vel det meste om polariseringa i USA, og det blir dermed også "umogeleg" å få valt ein leiar i representanthuset på den opplagte måten sett med norske auge, nemleg ved å hente nokre få stemmer på tvers av partigrensene.
  3. Poenget her er at eg har redigert sitatet, slik at det viser skilnaden mellom valdagsmålinga og det endelege resultatet.
  4. Då skulle det endelege resultatet med andre ord bli slik: Eg legg elles merke til at det også har vore halde val på eit senat, og der ser det ut til å vere eit enno tydelegare fleirtal til opposisjonen. Kva for rolle har dette huset?
  5. Det er stor skilnad frå då folkemengdene protesterte mot kuppmakarane i Sovjetunionen i august 1991 og den passiviteten ein ser i dag. Nokre her i tråden påstår at russarane alltid har vore passive og imperialistiske, men det var eit heilt anna Russland ein såg på byrjinga av 90-talet. Gorbatsjov hadde gitt russarane ytringsfridom og val med fleire parti, og det var stor interesse for demokrati, reformer og for å bli ein del av Vesten. Mykje gjekk gale under Jeltsin, og Putin har fått forme landet til det det er blitt i dag.
  6. Kom det noko endeleg resultat i dette valet? Nrk viser snart berre sakte-tv frå krigen i Midtausten, og slik er det vel med dei fleste norske media. Kva som elles går føre seg får ein ikkje vite. Polen (og Ukraina) er langt viktigare for Norge og Europa enn den evigvarande konflikten i Midtausten.
  7. Eit batteri virkar dårlegare når det er kaldt, så dersom batteriet er dårleg kan kulda gjere utslaget.
  8. 6 helikopter og 1 fly. Elles tyder vel kanskje tala på at det russiske angrepet på Avdviika har roa seg litt?
  9. Er det komme noko resultat frå dette valet, eller er det framleis berre ei valdagsmåling ein har å forhalde seg til? Slike valdagsmålingar har i seinare tid hatt det med å bomme.
  10. Lovande valdagsmålingar i Polen: https://www.nrk.no/urix/valjubel-i-warszawa_-_-forst-blei-vi-kvitt-kommunistane_-no-blir-vi-kvitt-autokratane-1.16595814 Men Polen er eit splitta land: Minner ikkje dette litt om Ukraina før 2014?
  11. Politisk teater eignar seg dårleg når representanthuset i verdas einaste supermakt er sett ut av spel i ei verd som er farlegare enn på svært lenge. Er det eigentleg noko i vegen for at republikanarane kan finne ein moderat kandidat som kan få stemmer frå nok demokratar til at han kan få fleirtal, eller evt. at demokratane kan foreslå ein moderat kandidat og få med seg nok republikanarar til at det blir fleirtal?
  12. No var det vel i Gorbatsjov og Jeltsin si tid fornuftige folk som ville ha demokrati og som ville samarbeide med Vesten, men det var også krefter som ville skru klokka tilbake (som ved kuppforsøket i 1991) eller føre landet i nasjonalistisk retning og konfrontasjon med Vesten. Jeltsin var ein fyllik og ei skam for Russland, og mykje gjekk gale med mafia og ein ekstrem kapitalisme der rikdommane hamna på nokre få hender. Putin fekk orden på ting slik at folk fekk løn og pensjon i rett tid, og har sidan gjort Russland autoritært og fjerna all opposisjon bortsett frå dei ekstreme nasjonalistane. Dermed er vi der vi er i dag. I etterklokskapens lys skal vi vel vere glade for at ikkje Russland er eit NATO-land mykje verre enn Tyrkia og Ungarn, men det var ikkje gitt at ting skulle gå så gale som det har gjort. Då Putin tok over var media frie i Russland, og då ubåten Kursk forliste vart alt bretta ut for heile verda og folk fekk sjå ein president som var handlingslamma. Noko av det fyrste Putin gjorde etterpå var å få kontroll over media.
  13. Eg kan nemne at eg bur i eit hus frå 1960-talet, og sikringa til komfyren er på 15A. Det er sjeldan/aldri noko problem at sikringa løyser ut (men det vil heilt sikkert skje dersom ein set alt på fullt på ein gong). For nokre år sidan vart skrusikringar bytte ut med jordfeilautomatar, og denne slo ut på Elektra-komfyren frå 1967. Dermed vart det ny komfyr utan jordfeil. Tverrsnittet på leidningane i veggen skal visstnok vere stort nok til 20A sikring, men byte av storleik på sikringskurs vil i følgje elektrikar vere ei endring som vil utløyse moderne krav til komfyrvakt. Sidan alt fungerer som det skal blir ikkje dette gjort med det fyrste.
  14. Gleden ligg i at for kvar russar som blir sett ut av spel blir det ein russar mindre til å krige mot Ukraina. Mistar russarane nok folk og utstyr må dei til slutt gje seg, og Russland vil i lang tid vere ein mindre trussel mot andre land og mot internasjonale reglar. Små land som Norge er heilt avhengige av at ikkje stormaktene kan herje fritt med oss. Når det gjeld Ukraina-konflikten er den i stor grad svart-kvitt, og enkel å forhalde seg til. Den evigvarande konflikten i Midtausten er vanskelegare å forhalde seg til på grunn av ein lang historikk og feil frå begge sider. Dette er ein konflikt som kunne ha vore løyst for lenge sidan dersom det hadde vore vilje til det.
  15. Og dette har gått gjennom utan å bli hindra av "den altomfattande" blokaden som har vore sidan 2005? Det er tydelegvis mykje eg ikkje veit når det gjeld både Gaza og konflikten mellom Israel og palestinarane/Israel og HAMAS.
  16. Det er lov med vanleg stikkontakt på ein 16A kurs, og det skulle vel då også vere lov med vanleg 16A støpsel på komfyr, så lenge kursen ikkje er større enn 16A? Unntaket blir vel då (iallefall i følgje innlegg ovanfor) anlegg nyare enn 2010, der det skal vere direkte tilkopling utan støpsel/stikkontakt. Dette blir vel litt på same måten som at det no er krav om spesiell type støpsel/stikkontakt for å lade elbil. Vanlege gammaldagse støpsel og stikkontaktar toler visstnok ikkje så godt høg belastning over tid, og vil dermed kunne utgjere brannfare. Redigert: Ser i forrige innlegg at det visstnok var varmtvasstankar og ikkje komfyrar som skulle ha direkte tilkopling. Dette stemmer ganske sikkert, sidan desse har høgt straumforbruk over tid. Eg meiner at det har vore snakk om varmtvassbehaldarar og brannfare.
  17. Korleis blir palestinarane varsla om evakueringsrutene når det ikkje finst elektrisitet? Er mobilnettet oppe og går, eller koplar dei seg på det israelske mobilnettet?
  18. Og då blir vel svaret fort like meiningslaust som då Bush sa "Enten er du med oss, eller du er med terroristane". 11/9 vart sidan brukt som påskot for å invadere Irak og ta Saddam Hussein. Sjølv om han var ein brutal diktator hadde han ikkje noko med 11/9 å gjere.
  19. Russland kan starte med å fordømme eigen vald mot sivile og terror mot den ukrainske befolkninga. Det sit vel framleis også sivile i russiske fengsel som russarane tok med seg etter invasjonen. Så det er ikkje berre HAMAS som tek gislar i krig. https://www.nrk.no/nyheter/tusenvis-av-ukrainske-sivile-blir-holdt-i-russiske-fengsler-1.16490446 https://www.nrk.no/urix/maryana-ble-fengslet-i-ukraina_-_-hvor-er-sosteren-min_-1.16411032 https://www.nrk.no/urix/her-kjemper-kvinnene-for-at-bortforte-ektemenn-og-sonner-skal-slippe-ut-av-russiske-fengsler-1.16498144
  20. Ein mistenker to brør for å ha gitt opplysningar om gravferda til Russland. Dette har ein funne ut ved å følgje med på sosiale media. https://www.nrk.no/spesial/kafeen-og-butikken-i-den-ukrainske-landsbyen-hroza-ble-truffet-av-en-rakett-under-en-minnestund-1.16586620
  21. https://www.nrk.no/sport/ioc-suspenderer-den-russiske-olympiske-komiteen-1.16593577
  22. https://www.nrk.no/nyheter/den-israelsk-palestinske-konflikten-1.11060771
  23. Sidan det er så mykje snakk i nyheitene om evakuering av norske borgarar: Er det slik at omtrent all flytrafikk i Israel og/eller mellom Israel og omverda er lamma?
  24. No har vel desse stereotypiane meir å gjere med ting som skjedde for 80-90 år sidan enn med krigen mot HAMAS og konflikten mellom Israel og palestinarane. Så dette må vere bra. Har noko liknande blitt gjort i forhold til krigen i Ukraina?
×
×
  • Opprett ny...