Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Som påpeika tidlegare er fobi ein ubegrunna redsel. I dette tilfellet er det såleis snakk om russlandfrykt, og ikkje ordet russofobi som russarane sjølv brukar i propagandasamanheng.
  2. For eit par år sidan valde Nrk å bruke sjølvaste jonsokafta til å sende homofest frå Oslo rådhus. Det tykkjer eg var ei merkeleg prioritering. Når ein feirar muslimske høgtider som ramadan og id tykkjer eg også at statskanalen kunne vise litt interesse for våre eigne norske merkedagar! Men i den store samanhengen er dette ein bagatell. Det er bra at vi her i Norge er komne så langt at ingen skal måtte skamme seg eller bli hetsa for å vere den ein er. Rett nok kan ein bli lei av at Nrk og andre norske media har eit vel stort fokus på pride eller transpersonar/ikkje-binære. Men vi skal samstundes vere glade for at ein slepp å leve i eit erkekonservativt samfunn som det amerikanske eller i eit undertrykkjande samfunn som Russland, Iran eller i Afrika.
  3. Eg lurer forresten på om de som meiner at det er så viktig å tillate koranbrenningar meiner at det også bør vere lov å henge opp eit israelsk flagg der davidstjerna er erstatta med eit hakekors slik ein såg eksempel på nyleg. Og bør brenning av regnbogeflagg framfor London pub i Oslo også vere ei lovleg ytring? Kvifor/kvifor ikkje?
  4. Det som blir spennande er vel kva koranbrennarane skal finne på å provosere med når dei ikkje lenger kan brenne koranar. Eller kanskje neste koranbrenning vil finne stad utanfor deira eige private hus for å teste kvar grensa går? Problemet er merksemda desse grupperingane får, og media må ta sin del av skulda for at dette blir blåst ut av alle proporsjonar. Korleis provokasjonar blir oppfatta i andre deler av verda med andre kulturar og der ein ikkje kjenner til kva ytringsfridom inneber får vi ikkje gjort noko med, og det er også vanskeleg å hindre Russland i å infiltrere antiislamske grupperingar og å utnytte situasjonen til å spreie desinformasjon, drive destabilisering og splitt og hersk. Det som er sikkert er at vi står att som taparar. Det beste er difor at ein unngår slike meiningslause provokasjonar under dekke av "ytringsfridom".
  5. SIAN fekk ikkje rett, men dei fekk det slik dei ville ha det. Eller vent litt. Er det SIAN som har stått for koranbrenningar i Danmark?
  6. Kvifor er det så om å gjere å brenne religiøse tekstar? Finst det ikkje betre måtar å gå fram på dersom ein vil kritisere religiøse forhold? Er det kanskje mangel på argument som gjer seg gjeldande?
  7. Eg tvilar på at det er så mange kristne som tykkjer at bibelbrenning har noko med ytringsfridom å gjere. Dei som ropar høgast om ytringsfridom er vel dei som eigentleg er motstandarar av religionar generelt, samt folk på høgresida som fyrst og fremst er motstandarar av islam.
  8. FN har vel i stor grad gått god for tala. Elles fortel Leger uten grenser at deira legar er drepne, at sjukehus er blokkerte og at kolonner med hjelpeforsyningar blir angripne. Dette er ein organisasjon som ikkje pleier å ta side i konfliktar. Elles er krig i urbane strok noko heilt anna enn krig i spreiddbygde strok, slik sett står Israel ovanfor ei umogeleg oppgåve. Ein har vel sett at Ukraina prøver å gå rundt framfor å angripe tettbefolka område. Russarane har derimot ingen respekt for sivile, og har gjort bykrig til sitt varemerke. Enten det er snakk om Mariupol eller Bakhmut.
  9. Trump svikta kurdarane som har kjempa på Vesten si side mot islamistane i Syria. Trump bestemte seg for å trekkje amerikanske styrkar ut av Afghanistan, men Biden fekk skulda for at afghanarane vart overlatne til Taliban. No er det Ukraina som blir svikne av USA og Vesten. Det går slik Putin trudde, men det tok berre litt lenger tid enn han hadde rekna med. Er det rart at folk på Taiwan er redde, og at imperialistar verda rundt kappast om å invadere sine naboar?
  10. Midtaustenkonflikten har alltid vore ei kruttønne. Då USA gjekk til angrep på Irak i 1991 etter invasjonen av Kuwait prøvde Saddam Hussein febrilsk på å få i gang ein større krig der Israel var involvert ved å sende rakettar mot Israel. USA sendte då Patriot-systemet, samstundes som at Israel fekk klar beskjed om å halde seg i ro. Dette var vellukka. I 2023 derimot har terrorangrepet frå HAMAS blitt Israel sitt 11/9, og har fått i gang ein krig som er med på å samle ikkje-vestlege land på Russland si side og mot Vesten og USA. Samstundes er det politisk kaos i USA og Ukraina mistar både merksemd og støtte. Krigen i Gaza har vore ein stor suksess for Russland og Iran, og det ville ha vore interessant å vite i kor stor grad det er dei som eigentleg stod bak terrorangrepet. Som påpeika av fleire ser det mørkt ut både for Ukraina og verdsordenen, Vesten er handlingslamma, resultatet er at det dukkar opp destabilisering og imperialistar fleire stader og ein kan byrje å lure på om det snart blir verdskrig.
  11. Om det er slik at Israel bombar sivile i Gaza blir ikkje Russland sine brotsverk i Ukraina mindre alvorlege av den grunn. Set ein andre standardar for krigen i Gaza enn for krigen i Ukraina? Kanskje. Kanskje ikkje. Men om ein brukar krigen i Gaza som argument for ikkje å støtte Ukraina er dette whataboutisme.
  12. Eg tippar at han meiner at mykje av det som skjer i Ukraina kjem i skuggen av krigen på Gaza. Redigert: Det var visst ikkje det han meinte likevel.
  13. På den eine sida høyrer ein at Ukraina skyt ned det meste av dronene som blir sendt mot Ukraina, og at hovudstadsområdet er rimeleg trygt. På den andre sida kjem det artiklar som dette. Kor godt er eigentleg kraftforsyninga sikra mot russiske angrep i år samanlikna med i fjor?
  14. Saudi-Arabia har vore nært knytt til USA. Er dette ein konsekvens av at USA er i ferd med å bli heilt handlingslamma på grunn av den alvorlege politiske splittinga i landet?
  15. Eg klarer ikkje å halde meg unna å gje ein kommentar til dette: Dersom ein bombar meir eller mindre tilfeldige mål er ikkje dei som tilfeldigvis kjem i vegen såkalla "menneskelege skjold" brukt av motparten. Dette er rein propaganda, og det gjeld reglar for krig uansett kven som har skulda for at krigen starta, og uavhengig av om det er snakk om Mariupol eller Gaza. Det er også verdt å minne om at Israel (og Egypt) held innbyggjarane i Gaza som gislar i eit stort fengsel, og ein såg berre kor vanskeleg det var å få ut utanlandske statsborgarar, m.a. norske frå dette fengselet.
  16. https://www.sognavis.no/atvarar-mot-iphone-svindel-pa-facebook-me-hadde-in-felles-ven-og-det-var-ordforaren/s/5-115-1077188
  17. "Når katten er borte danser musene på bordet". Når Russland og USA er sett ut av spel kan det bli mange som vil prøve å utnytte situasjonen. Og med kaos i USA og udugelege politikarar i Europa som har brillene retta mot Gaza og som ikkje forstår alvoret før det er for seint er det stor fare for at Putin oppnår målet sitt om å ta store deler av Ukraina.
  18. Dette er etter mi meining så alvorleg at Nrk og andre norske media burde gå breitt ut og beklage at dei har feilinformert, samt å oppklare misforståinga. Og utanriksminister Espen Barth Eide bør beklage at han har feilinformert Stortinget. Ein burde kunne forvente at ein norsk utanriksminister har betre kunnskapar om krigen i Ukraina enn det ein journalist har. Står det så dårleg til som dette er det ikkje rart at vestlege leiarar lir av beslutningsvegring og brukar år for å bestemme seg for å auke produksjonen av ammunisjon eller å sende det som skal til for at Ukraina skal vinne krigen. Det var kanskje betre at Eide hadde halde seg til å snakke om "klima" og "miljø"?
  19. Når eit land har ekstreme utfordringar vil det også krevjast ekstreme tiltak for å få bukt med utfordringane.
  20. https://www.nrk.no/mr/regjeringa-vil-kjope-luftvern-for-12_5-milliardar-_-nok-til-a-forsvare-orlandet-og-evenes-1.16659483
  21. Om ein skal velje er det definitivt kulturen. Folkeslag (og enkeltpersonar) vil vere ulike, men dette blir berre teoretiske skilnader i denne samanhengen og har ingen ting å gjere i ein diskusjon rundt kriminalitet. Å forske på raseteoriar er farleg, med tanke på at det historisk har blitt brukt til å rettferdiggjere grusomme forbrytelsar og folkemord. Men Harald Eia hadde eit interessant program på Nrk om akkurat dette temaet for ein del år sidan: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Hjernevask_(TV-program)
  22. Siste setning håpar eg iallefall at alle her kan vere einige om. Kultur, religion, rasisme eller økonomi kan vere medverkande forhold. Men ikkje genetikk eller hudfarge.
  23. Dei som ikkje er norske statsborgarar har sjølvsagt ikkje dei same rettane som dei som er det. Dette gjeld f.eks. også rett til helsehjelp. Det har vore mange saker om folk som oppheld seg ulovleg i Norge som må ha hjelp frå frivillige fordi dei ikkje kan betale for å gå til legen osv. Derimot @Brother Ursus kan ein ikkje diskriminere basert på hudfarge eller religion.
×
×
  • Opprett ny...