Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 892
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/eksperter-om-krisemote_-_-europa-kan-ikke-fylle-tomrom-etter-usa-1.17322637 Trist. Då er vel kanskje ei våpenkvile ei naudløysing der ein håpar på å unngå ukrainsk kollaps når støtta frå USA tørkar inn. Men det blir vel då også fort Russland som kjem til å diktere vilkåra.
  2. Vil ei våpenkvile no tene Russland eller Ukraina mest? Er det ikkje akkurat dette Putin har hatt som mål; bruke alle midlar og ta mest mogeleg land, og så få eit pusterom der Russland kan omgruppere og byggje seg opp att før ein slår til på nytt? Er det realistisk at Ukraina kan vere den parten som kan tene på ei våpenkvile ved å omgruppere, byggje seg opp att og drive russarane på retrett når våpenkvila er over? Eg er skeptisk til ei våpenkvile no, sidan eg er redd for at det vil vere Russland som tener mest på den.
  3. Når ikkje Europa kan halde ei sjølvstendig linje blir dette fort det nest beste alternativet for å oppnå fred. I motsetnad til Trump har Chi halde Putin på ei armlengdes avstand. Samstundes respekterer Putin Chi. Handelskrig mellom USA og Europa vil også kunne føre til at Europa vender seg meir mot Kina. Kina vil nok gjerne ta over USA sin plass som den dominerande supermakta, og blir fort den store vinnaren i kaoset som Trump-administrasjonen har sett i gang.
  4. No manglar det snart berre at Trump tek æra for fredsavtale mellom Israel og Iran, som erstatning for fredsavtalen mellom Russland og Ukraina som han aldri fekk.
  5. Det er komme fleire uttalelsar om at Zelenskyj bør prøve å bli venn med Trump, og at ein er avhengig av amerikanske sikkerheitsgarantiar. Det har etter mi meining vore ein raud tråd i alle utspela frå USA dei siste vekene, like sidan Vance heldt talen der han hevda at liberale verdiar og mangel på "ytringsfridom" var ein større trussel mot Europa enn Russland og Kina. USA er ikkje lenger på lag med Europa, og Europa må ta ansvar for seg sjølv og si eiga sikkerheit. Kor tid skal europeiske politikarar vakne og erkjenne at toget er gått, og at fleire besøk i Washington D.C. berre er å kaste vekk tida?
  6. https://www.vg.no/nyheter/i/5EQjnz/trump-og-zelenskyj-moetet
  7. Kva ville ha skjedd om langtvekkistan (eller ulike selskap i langtvekkistan) bestemte seg for å boikotte Norge fordi vi kutta i bistanden som vi hadde gitt i fleire tiår? Ville det ha gitt meir sympati for langtvekkistan blant nordmenn flest? Eller ville vi ha oppfatta langtvekkistan som utakknemmelege? Ville noko slikt ha styrka Frp, eller ville det ha svekka Frp?
  8. Kafé på Hamar serverer canadiske pannekaker med lønnesirup. https://www.nrk.no/innlandet/kai-og-mattis-i-hamar-byttet-navn-pa-amerikanske-pannekaker-etter-motet-mellom-zelenskyj-og-trump-1.17321835 Då manglar berre ein ting. Ein del av overskotet bør donerast til Ukraina.
  9. Her er eg heilt einig. Dette sender feil signal til ei stormakt som trass alt har stått på Vest-Europa si side i 80 år, og som trass alt har gitt mykje hjelp til Ukraina. Halve USA er forhåpentlegvis framleis på vår side. Å nekte amerikanske skip tilgang på norsk drivstoff vil vere på sin plass den dagen USA sender våpenstøtte til Russland eller okkuperer Grønland. Skal ein engasjere seg er det betre å donere til Ukraina eller starte underskriftsaksjon for å få politikarane våre til å auke støtta til Ukraina, samt ta større ansvar for europeisk sikkerheit.
  10. Akkurat dette har han rett i. No må politikarane våre vakne og forstå at vi er åleine om å forsvare den frie verda. Europa må ta ansvar. Ord må bli til handling.
  11. Det er vel fordi eit menneskeliv er meir verdt i Vesten enn i Russland. Med mindre ein hamnar i ein desperat situasjon er det betre å bruke kompetanse og teknologi for å vinne ein krig enn å kaste kjøt på bålet slik russarane gjer.
  12. https://www.vg.no/nyheter/i/8q1O6w/norge-maa-inn-i-eu
  13. Eg tykkjer at det er utruleg at europeiske leiarar ber Zelenskyj om å forhandle med USA etter dette. Har verkeleg Europa ingen ting å stille opp med, anna enn prat?
  14. NATO-sjefen står i ein spagat. Men dette burde han ikkje ha sagt.
  15. https://www.nrk.no/urix/statsminister-jonas-gahr-store-uttaler-seg-om-motet-mellom-zelenskyj-og-trump-1.17321364 Bra! Det var jo nesten slik at ein lurte på om det var slik at dersom Norge kom i krig, så ville Støre ha venta til revidert statsbudsjett var lagt fram før han mobiliserte.
  16. Det er nok snakk om dette no. Om han tek opp att dette fleire gonger blir inntrykket av Zelenskyj som ein tiggar som står med lua i handa framfor USA forsterka. No må fokuset rettast mot Europa. Kan europeiske land bli einige om ein mineralavtale som gagnar både Ukraina og Europa, samstundes som Europa aukar støtta markant og lovar å stille opp med sikkerheitsgarantiar den dagen det blir fred?
  17. Etter at utskjellinga starta kom ikkje Zelenskyj til orde. Om han gjorde ein feil var vel feilen at han ikkje berre reiste seg og gjekk.
  18. Afghanistan stansa Sovjetunionen etter 8 år. Syria stansa Russland etter 13.
  19. Det er vel verre å velje ein dårleg forretningsmann og svindlar med eit stort ego, som lyg i annankvar setning, og som gjentek dei same løgnene heile tida. Trump og mennene hans støttar Putin, og situasjonen var i utgangspunktet vanskeleg. Når då vertskapet bestemmer seg for å skjelle ut gjesten framfor ope kamera har det lite å seie kven som sit der og skal ta imot.
×
×
  • Opprett ny...