Det er svært mange land som avstår frå å meine noko, deriblant også land som Armenia, Kazhakhstan og dei andre post-sovjetiske landa i sentral-Asia. Nokre land som f.eks. Azerbaijdsjan, Serbia og Tyrkia ser ut til å "løyse" dette ved å ikkje ein gong møte opp. Er det fordi alle desse landa ikkje torer å utfordre Russland?
Det er i det minste gledeleg at Russlandvennlege land som Ungarn, Slovakia og Georgia har stemt for resolusjonen.
Det er forresten interessant å merke seg at Kina er blant landa som avstår frå å stemme (i motsetnad til å stemme imot resolusjonen).
Heller ikkje Kuwait som i si tid vart invadert av Irak har greidd å gjere seg opp ei meining om resolusjonen... medan Russlandvennlege Sør-Afrika har stemt for.
Syria, som fekk hjelp av Ukraina til å frigjere landet har ikkje gidda å møte opp.