Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. No var det vel i dette tilfellet ein operasjon som førte til blodproppen. Om han ikkje hadde måtta operere hadde han vel spelt fotball lukkeleg uvitande om dette. Er det skade etter operasjonen som gjer at han må leggje opp? Eller er han meir utsett enn andre for blodproppar uavhengig av operasjonen?
  2. https://www.nrk.no/urix/boris-nadezjdin-far-stotte-til-a-bli-russisk-presidentkandidat-1.16739909
  3. Tenk om ein kunne ha snudd på tala. 12,5 milliardar til ukrainske flyktningar og 100 milliardar til NAMMO og produksjon av granatar til Ukraina. Diverre er det slik at om ein kuttar i eitt budsjett vil ikkje dei same pengane bli overført til det andre budsjettet. Dette er det politiske prioriteringar som avgjer. Uansett: Hadde Vesten stilt opp med dei ressursane som skal til for å vinne krigen ville ein heller ikkje hatt nokon flyktningstraum.
  4. Eksempel: Eit A-fond har 0,8% forvaltningshonorar, og betalar samstundes tilbake til banken din 0,4% returprovisjon for at dei sel fondet på si plattform. I staden for å stikke pengane i eiga lomme sender banken returprovisjonen til deg, men tek 0,3% i plattformhonorar. Du betalar då til saman 0,7%, der 0,3% går til banken din og 0,4% går til forvaltaren av fondet. Eksempel 2: Du har i staden eit nettofond, eller N-fond. Forvaltningshonoraret er 0,4%. Banken din tek framleis 0,3% i plattformhonorar. Du betalar 0,7% der 0,3% er til banken din og 0,4% går til forvaltaren av fondet.
  5. Eg har kredittkort og sparekonto i Santander Consumer Bank. 4,55% rente, utan bruksavgrensingar. Enkel og grei nettbank, og lett å overføre pengar til den vanlege kontoen. Einaste minus er at ein ikkje har eit vanleg 11-sifra kontonummer, at ein må bruke eit felles kontonummer + kid for å setje inn pengar og at ein dermed heller ikkje kan betale rekningar direkte frå sparekontoen. For meg speler dette ikkje noko rolle. https://www.santanderconsumer.no/sparing/ (Men har ein mykje pengar er high yield fond eit betre alternativ).
  6. Med Trump og Orban, samt manglande opprusting kan mykje skje.
  7. Det han seier er vel iallefall at 63 millionar til ukrainske kjæledyr er musepiss samanlikna med den totale kostnaden for flyktningestraumen til Norge.
  8. Ungarn ligg uendra på 76. plass saman med Bahrain, Kina, Cuba, Moldova, Nord-Makedonia og Trinidad og Tobago. Kalkunlandet ligg på 115. plass.
  9. Det er vel dette flyktningane no vil måtte betale av eiga lomme. Eg tippar at kjæledyra heretter vil bli att i Ukraina eller evt. avliva etter ankomst til Norge. Er alle desse kjæledyra verdt 63 millionar skattebetalte kroner? Mi meining er nei. Om det er andre land som har rausare ordningar når det gjeld ukrainske kjæledyr får ein heller flykte dit.
  10. Sidan 1993 er det mange bosniarar som er blitt norske borgarar, har stifta familie og fått born som i dag er vaksne. Desse er ein naturleg del av samfunnet vårt. Slik vil det også bli med mange ukrainarar. Om ting går slik dei fleste her håpar på vil ukrainarar i tillegg om nokre få år reise fritt ut og inn av Norge som borgarar av EU, busetje seg her og søkje arbeid på lik linje med nordmenn. Spørsmålet er ikkje om vi skal ha innvandring eller ikkje. Det debatten bør dreie seg om er byrdefordeling i forhold til andre land når det gjeld mottak av ukrainske flyktningar, samt korleis desse kan integrerast raskast mogeleg utan at dei kostar skattebetalarane for mykje eller i for stor grad utfordrar kapasiteten til det kommunale velferdstilbodet. Samt om nokre av desse heller burde bli verande i Ukraina og kjempe for landet dei kom frå.
  11. Vil desse 63 millionane bli brukt på 155 mm granatar til Ukraina?
  12. Er ikkje dette noko alle flyktningar lærer om som ein del av norskkurs når dei får opphaldsløyve?
  13. Er desse flyktningane berre datafolk, eller er dette folk som er vant til å jobbe på fabrikk? Kunne ein setje flyktningane i arbeid f.eks. med å produsere ammunisjon til Ukraina?
  14. Spørsmålet som har blitt stilt er ikkje kvifor ein skal forsvare Nord-Norge, men om vi i det heile teke er i stand til å forsvare Nord-Norge mot ein invasjon av russiske hordar slik ein ser i Aust-Ukraina.
  15. Når ein får ein pdf-faktura er det iallefall svært enkelt å opne denne på ein PC, kopiere kontonummer og KID og lime dette inn i nettbanken. (Det er forsåvidt ikkje så mykje verre å gjere dette på mobilen heller). Men eg går ut frå at slike fakturaer også kan opnast i ein bank-app? Når fakturaen er digital i utgangspunktet slepp ein iallefall spørsmålet om OCR.
  16. Du har rett! Ved nærmare ettersyn viser det seg at det er mogeleg å sende melding frå nettbanken. Eg veit ikkje kva som gjorde at eg blingsa på dette.
  17. Den som har lese OCR-generert tekst vil vite at teksten kan ha blitt endra til det ugjenkjennelege i forhold til dokumentet som ein prøvde å skanne: https://www.nb.no/search?q=OCR&mediatype=aviser Korleis kan ein vere sikker på at ikkje pengane hamnar på feil konto og/eller med feil KID? Og kva gjer appen dersom kontonummer og/eller KID inneheld bokstavar og rare teikn? Vil appen greie å skilje ut kva som er kva på ein faktura, uansett kva slags oppsett fakturaen har?
  18. Problemet er at det kan sjå ut som at nasjonalistane i Ungarn og Russland har eit felles mål.
  19. Då har det teke seg opp att. Talet på tapte russiske soldatar er nok ein gong godt over 1000, og det har også forsvunne greit med utstyr. Om dei russiske tapa av personell held fram i same takten vil ein nå 400000 i god tid før 2-årsdagen for invasjonen.
  20. No er det alvorleg nok dersom Russland skulle gå til angrep på NATO og ein berre hadde granatar for ein halv dags forbruk.
  21. Denne har eg ikkje lagt merke til før. Det ser ut til at det er mogeleg å sende epost til sbanken dersom ein har spørsmål om fond o.l.
  22. Er det ikkje berre ei lenke til denne reklamesida?
  23. Eg er einig i dette, men vil likevel påpeike at det er få norske politikarar som har blitt tekne for korrupsjon, og at dette så vidt eg veit utelukkande har skjedd på kommunenivå. Det er milevis skilnader på dei sakene som har ramma rikspolitikarane dei siste åra og det å rane til seg 40 millionar dollar som skulle gå til ukrainske granatar. Ein får berre håpe at dei skuldige blir straffa hardt og at det er mogeleg å få tilbake mest mogeleg av pengane.
×
×
  • Opprett ny...