-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Gebyrfri (Santander) sender ut efaktura kvar månad. Kortet skal ha reiseforsikring, men korleis denne virkar har eg aldri sett meg inn i. (Eg reiser svært sjeldan).
-
No er det jo ikkje så vanskeleg å betale ein efaktura på kredittkort-bruk heller.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med Viktor, Recep og kanskje også Donald blir det fort barnehage der også. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No har vel dette også med politikk å gjere. Latin-Amerika har vel tradisjonelt hatt stor skilnad på fattige og rike, og dermed også stor ideologisk kløft mellom sosialistiske og borgarlege parti. Dei sterke skiljelinjene minner vel litt om mellomkrigstida i Europa. Venstresida/kommunistane har tradisjonelt støtta Russland. Så dette er nok begge deler. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Historisk har USA kriga til seg område frå det som då var kolonimakta Spania. I dag er krig mellom USA og Mexico/Canada utenkjeleg. Men det er ikkje så mange år sidan ein angrepskrig med Russland i hovudrolla også var utenkjeleg. Når det gjeld republikanarane er dei vel fyrst og fremst isolasjonistar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette var fyrste gong eg hørde om Patriot-systemet. Israel fekk amerikanske Patriot for å skyte ned Scud-rakettane. Dermed mislukkast forsøket på å involvere Israel i krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Kredittkort kan ein jo like godt ha for seg sjølv. F.eks. Gebyrfri Visa hos Santander Consumer Bank.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hestehandlaren i Budapest har ikkje gitt seg enno. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg har også lagt merke til at han av og til overdriv, men meiner at ein skal ta innlegga hans på alvor (til det motsette er bevist). -
Veit vi kva strategi Dnb har utover det å kvitte seg med ein brysam konkurrent? Kan det ikkje også vere slik at Dnb prøver å omforme Sbanken til noko liknande som Bulder er hos Sparebanken Vest?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når Zalushnui er meir populær enn Zelenskyj er det ikkje der problemet ligg. Det kan godt hende at du har eit poeng her. Og at ulike oppfatningar om val av strategi gjer det vanskeleg å samarbeide. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur dette vil vere demotiverande og øydeleggje for Zelenskyj og støtta til krigen både internt og eksternt. Er det Zaluzhnui sin feil at sommaroffensiven ikkje innfridde forhåpningane, eller er det på grunn av at Ukraina heile tida har fått alt for lite støtte, alt for seint? Har Zakuzhnui gjort nokon feil som gjer at han bør skiftast ut? Eller får han sparken berre fordi han sa sannheita? Når landet står midt i ein eksistensiell krig må ein leggje eventuelle konfliktar til sides så godt det lar seg gjere og greie å samarbeide. Eg håpar sjølvsagt at eg tek feil, og at det finst gode grunnar for dette skiftet. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det rette er i følgje Wikipedia at Serbia og Jugoslavia vart frigjort av kommunistiske partisanar, men med støtte frå den sovjetrussiske hæren. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Jugoslavia Då var eg vel ikkje det eg skreiv så veldig langt unna? Men det eg lurte på var om ikkje det offisielle serbiske synet på Ukraina-krigen er at dei russiskokkuperte områda tilhøyrer Ukraina? -
Blir ikkje Bulder-banken til Sparebanken Vest litt det same som Sbanken i Dnb? Ein bank-app utan nettbank? Er det nokon spesiell grunn til å velje Bulder-konseptet framfor Sbank-konseptet?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Frå artikkelen: Dette stemmer ikkje slik eg har forstått det. Serbia har vore russarvennlege, men det har vel mykje å gjere med krigen med NATO om Kosovo. Når det gjeld Ukraina og Krim har vel Serbia etter det eg har forstått det same synet som dei har på Kosovo, nemleg at internasjonale grenser skal respekterast. (I dette ligg også at dei gjer krav på Kosovo som ein del av Serbia). Dette synet inneber også at den russiske invasjonen av Ukraina er ulovleg, og at Krim er ukrainsk. Om eg tek feil håpar eg at nokon kommenterer dette. (Elles har vel Serbia til felles med Norge at russarane kom som frigjerarar under 2. verdskrigen, og at dei ikkje vart verande som okkupantar under den kalde krigen. Jugoslavia stod fram som alliansefritt land under den kalde krigen, og fekk militær støtte frå USA). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så du meiner at det er betre at Donald Trump tek over? Edit: Å kalle Biden for hauk er nok litt på viddene, men han vil trass alt at Ukraina skal vinne og prøver å støtte landet militært. Eg går ut frå at det var dette @Copium247 meinte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/ytre-hogre-bolgje-i-tyskland-1.16731961 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein vesentleg skilnad var at i Afghanistan spelte vestalliansen rolla som okkupant, medan Taliban representerte (iallefall til ei viss grad) dei som vart okkupert. I Ukraina er det Russland som er okkupanten og krigen er ein forsvarskrig som har full støtte blant ukrainarane. Det åleine burde føre til at Russland til slutt må gje seg, slik Vesten (og Sovjetunionen) måtte gje seg i Afghanistan.- 71 301 svar
-
- 12
-
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Reglane skal vere diskriminerande. Det er politisk einigheit om at flyktningar bør hjelpast i nærområdet. Når det er krig i Europa er vi ein del av nærområdet.- 93 svar
-
- 3
-
https://sbanken.no/aktuelt/sparing/hvordan-blir-losningen-for-fond-og-aksjer-etter-varen-2024/
-
Endringer i bistand til flyktninger fra Ukraina
torbjornen svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Det var eit innslag i Vestlandsrevyen om flyktningar i Florø som har venta i 2 år på asylintervju, som skal avklare statusen deira. I mellomtida lever dei i uvisse på mottak og kan heller ikkje jobbe. 2 år av liva deira er vekkasta, og mange utviklar også psykiske problem. Årsaka var visstnok stor tilstrøyming av flyktningar til Norge. Ukrainske flyktningar er ikkje inkludert, sidan desse har kollektiv beskyttelse og slepp asylintervju. Hadde eg vore diktator i Norge skulle eg ha tilsett nokre fleire byråkratar til å få unna desse sakene og sytt for at desse sakene fekk ei rask behandling. Slik ville ein få ut dei som ikkje skal vere her. For dei andre ville eg ha sett fullt trykk på integrering og norskkurs, samt sett dei til å gjere noko fornuftig så raskt som mogeleg. Om dei fekk jobbe side om side med nordmenn ville dei lære seg norsk raskare. Resultatet ville ha vore at ein hadde spart store summar skattepengar som kunne ha vore brukt på noko anna. F.eks. å gjere integreringa enno betre.- 93 svar
-
- 2