Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Her er ein meir utdjupande artikkel om avstemninga i det amerikanske senatet i kveld: https://www.finansavisen.no/samfunn/2024/02/07/8093735/tverrpolitisk-pakke-for-ukraina-og-grensesikkerhet-avvist-i-senatet Eg skjønar ikkje kvifor alle republikanarane i senatet stemmer mot noko som det nettopp var tverrpolitisk einigheit om. Har Donald Trump all makt i det republikanske partiet, slik at ikkje ein einaste representant torer å gå imot han?
  2. https://www.nrk.no/norge/listhaug-vil-ruste-norge-for-krig-med-oljepenger-1.16752947 Medan klokka tikkar og verdssituasjonen blir meir og meir usikker er Støre mest oppteken av ordbruken. Guri Melby har derimot vore ein klar og tydeleg leiar sidan Russland invaderte i 2022. Det er diverre alt for lenge til det er stortingsval, og ein kan få på plass ei regjering som tek situasjonen på alvor.
  3. Å vinne ein krig er nyttig for ein autoritær leiar som vil halde på makta.
  4. Kva er dette for noko? I Senatet har demokratane fleirtal. Er det Nrk som rotar og blandar saman dei to kammera i kongressen?
  5. Kva er Brinc for noko? Eller meiner du Brics, som altså er ein økonomisk allianse?
  6. Det er vel også eit faktum at dei har interesse av at Russland ikkje kollapsar, fordi USA ville bli dominerande og at det då ville bli meir fokus på Kina, menneskerettar, Taiwan-spørsmålet og ynskjet om å dominere Sør-Kinahavet. Dette kan forklare ei viss støtte til Russland, samstundes som ein ikkje ynskjer å bli dregen med i dragsuget dersom Russland kollapsar, startar verdskrig e.l.
  7. Kvifor trekkjer ikkje dei sentralasiatiske landa seg ut? Støttar dei Russland? Er dei nøytrale til Russland og krigen i Ukraina? Er dei redde for sanksjonar frå Russland? Blir dei verande fordi dei tener på det på nokon måte?
  8. Elles var det visstnok også ein klovn i FN sitt sikkerheitsråd. Der langa nemleg Russland ut mot USA for "aggressivitet" i Midtausten.
  9. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/angivelig-wagner-avhopper-andrej-medvedev-far-nei-til-asyl-i-norge-1.16751773 Men klovnen får midlertidig opphald.
  10. Interessant artikkel som også forklarar korleis samkvemet i nordområda gjer området meir utsett for russisk påverknad, ein situasjon som kan vere vanskeleg å setje seg inn i for dei av oss som bur lenger sør. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/4o9kP6/pst-slik-har-putin-oekt-presset-mot-norge-i-nord
  11. Dette er vel kanskje ikkje relarert til krigen, anna enn at styrten er ein mogeleg konsekvens av mangel på vedlikehald og at sanksjonane i så fall virkar.
  12. No måtte vel Orban gje seg i denne omgang. Støttepakken frå EU vart vedteken her om dagen.
  13. Dette var som venta, og stadfestar vel også at han var ein reell utfordrar. Han bør vere forsiktig og passe seg for opne vindauge o.l.
  14. https://www.nrk.no/urix/enighet-om-forslag-i-senatet-i-usa-_-penger-bade-til-grensesikkerhet_-ukraina-og-israel-1.16749145 Det ser ut til at leiaren i representanthuset, Mike Johnson heller vil drive valkamp for Trump enn å få gjennom ein avtale. For meg er det eit mysterium at amerikanarar flest heller vil ha Trump enn Biden. Så då finn vel veljarane seg i dette også? For i bakvendtland kan alt gå an...
  15. Ta ut kontantar kan ein gjere i ein minibank. Kven er det som har bruk for å setje inn kontantar i dag, bortsett frå kjeltringar og folk som utfører svart arbeid?
  16. Har ukrainarane nokon sjanse til å ta over desse som det står "abandoned" på? Kvar i all verda vart det av kampflya og krigsskipet?
  17. Det lurte eg også på. Har dei traumatiserte forbrytarane gjort så mykje skade etter at dei kom tilbake frå krigen at dette kunne skape misnøye i samband med presidentvalet?
×
×
  • Opprett ny...