Seier du med dette at du sjølv jobbar i helsevesenet? I så fall kan du sjølv gje eit konkret svar på spørsmålet.
Eg er i utgangspunktet heilt einig i at ein bør stille slike spørsmål til helsepersonell som ein kan stole på framfor på eit vilkårleg forum der svara like gjerne kan vere villeiande som rettleiande. Men dette er no ein gong trådstartar sitt val.
Kanskje ukrainarane midlertidig berre burde trekkje seg vidare tilbake, slik at udugelege russarar mistar resten av utstyret sitt.
Uansett: Dette må vel vere noko av det største samla tapet russarane har hatt på ein dag.
26 er vel den gule kurva. Det står "resp" (respirasjon?) til venstre.
Blodtrykket er brøkane der den raude pila peikar. (Tala i parantes til høgre for brøkane er vel pulsen). 160/90 (heilt til venstre) er vel kanskje blodtrykket på det tidspunktet biletet er teke? 109 er vel pulsen.
Moldova er vel sannsynlegvis fyrste land på lista. Om Russland vil teste NATO er Svalbard utsett.
Støre prøver å avdramatisere. Det gjorde Zelenskyj også før den fullskala invasjonen starta.
Kva som ville ha skjedd dersom han ikkje hadde torpedert atomavtalen får ein aldri vite. Det kan godt hende at resten ville ha skjedd uansett.
Ein kan forresten seie det same om forholdet mellom USA og Kina. Her var det eit brukbart forhold fram til Trump sette opp tollmurar og nekta kinesarane tilgang på teknologi.
I stad fekk eg berre "noe gikk galt". Etter gjentekne forsøk måtte eg berre gje meg.
No kom eg rett inn.
Eg brukar Opera på Samsung s23 ultra, samt Chilimobil (Telia-dekning).