Frå historietimane for 30 år sidan meiner eg å hugse at ordet demokrati kjem av gresk demos=folk og krati=styre. Grekarane hadde ei form for demokrati allereie for eit par tusen år sidan, men det kan sjølvsagt ikkje samanliknast med eit moderne demokrati. Islendingane hadde alltinget, som også var eit slags demokrati. Felles for desse eldre formene for demokrati var at dei berre omfatta menn i visse samfunnslag, og store deler av befolkninga var dermed ikkje representert.