-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer det renn inn med droner jamnt og trutt (15 siste døgn), men det er mogeleg at ein også samlar opp til større angrep der ein prøver å overbelaste det ukrainske luftvernet. Du har nok forresten rett i at det har vore få missil i det siste. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så lenge ein kan oppnå dette med konvensjonelle våpen er bruk av atomvåpen heilt unødvendig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette skreiv Nrk 11/12 2023. Men det er ikkje mykje som minner om Trump i forhold til synet på Russland og Ukraina. Ein får håpe at han lukkast i å få fleire latinamerikanske land til å støtte Ukraina og ta avstand frå Russland og krigen deira. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No var det vel Russland som gjorde dette til ei aktuell problemstilling. Det var stort fleirtal i Ukraina for å vere nøytrale fram til Russland starta fullskala invasjon i 2022. Som Stoltenberg har sagt det (fritt etter hukommelsen): "NATO has an open door policy. Russia has an open window policy". -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Skulle ein vere konsekvent måtte ein då også nekte å ta imot flyktningar og asylsøkjarar generelt, enten det var snakk om Russland, Iran, Nord-Korea, Kina, Gaza, diverse land i Afrika... og frå Ukraina. I staden for å komme til Norge burde dei bli verande der dei kom frå og stå opp mot diktatorar og fiendtlege soldatar. Hadde det berre vore så enkelt hadde ikkje diktatur vore på frammarsj over heile verda. Ein har sett kor "lett" det var for iranske kvinner å bli kvitt prestestyret eller kor enkelt det var å bli kvitt Lukasjenko i Kviterussland då folk demonstrerte veke etter veke, trass i at demonstrasjonane vart slått hardt ned på. Eg har like mykje tru på ein strategi der ein lar oppegåande folk få bli i andre land, og på den måten "tørkar ut" Russland for kompetanse. Dersom folk sit og hutrar i 30 kuldegrader innandørs utan vatn og straum fordi dei som kunne reparere sentralvarme eller elektrisitetsforsyning enten har dratt eller er gått til i kjøtkverna byrjar det å sjå betre ut. Det same gjeld dersom russarane ikkje lenger er i stand til å produsere militært utstyr, samstundes som dette forsvinn i rasande fart ved fronten. Mi viktigaste bekymring er mogelegheita for at Vesten og andre land skal bli infiltrert av russiske spionar. Hadde det ikkje vore for det skulle vi etter mi meining ha teke svært godt imot alle russarar som rømmer landet, og som dermed kan bidra til regimets fall. (Unntaket må vere dei som er rasistar eller nazistar, dei kan godt dra heim att der dei kom frå). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg kan uansett ikkje forstå kva Russland potensielt kan utrette i Moldova så lenge dei verken har kontroll over landevegen gjennom Ukraina, Svartehavet eller luftrommet. Men Vesten bør ruste Moldova til å stå imot ein evt. russisk invasjon medan ein enno har sjansen, og ikkje vente til det er for seint slik ein gjorde i Ukraina.- 71 301 svar
-
- 10
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/vestland/forsvaret-mistar-hundrevis-av-unge-tilsette-_-eirik-ostby-onskjer-fritid_-pensjon-og-mindre-pendling-1.16773313 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det som har leke ut til no er vel at eit atomvåpenangrep på Ukraina vil kunne bli besvart med eit konvensjonelt angrep som set svartehavsflåten og/eller dei russiske styrkane inne i Ukraina ut av spel. Om russarane skulle finne på noko så dumt kan det vere dette som skal til for at Vesten får ei unnskyldning for endeleg å setje hardt mot hardt og avslutte krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva konkret dreier dette seg om? Er det ikkje betre at russarar får lov å søkje tilflukt i andre land framfor å bli sendt tilbake til Russland og potensielt ende i kjøtkverna i Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Storbritannia seier med dette at dei faktisk har personell inne i Ukraina. -
Når ein skal få andre til å handle for seg snakkar ein om forvaltning.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein ville i det minste kunne ta ut Kertsj-brua. Dessutan vil lenger rekkevidde gjere at ein kan ha oppskytingsrampen lenger vekke frå fronten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://e24.no/internasjonal-oekonomi/i/0QP1J0/boerskaos-i-kina-etter-grep-fra-myndighetene -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nrk (NTB) brukar begge formuleringane, og dei betyr som du seier slett ikkje det same. Skal tru kva Stoltenberg sa, heilt nøyaktig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er svært interessant at nok ein fransk leiar understrekar dette. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No var det også utelukka å sende vestlege stridsvogner til Ukraina, og seinare var det utelukka å sende F16. Dessutan står enkeltland fritt til å sende personell utanom NATO-regi. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Han passa som utanriksminister då det var fred i Europa og ein skulle drive diplomati i Midtausten. Han passar absolutt ikkje som verken statsminister eller utanriksminister når det er krig i Europa og det manglar leiarar som er tydelege og bestemte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Slik eg har forstått det kan russarane, dersom dei vil, fiske opp skreien før den når norske farvatn og øydeleggje bestanden. Dessutan er det viktig at det finst arenaer der ein kan snakke saman, slik at ein risikerer misforståingar. Det er difor gode grunnar til å oppretthalde eit fiskerisamarbeid, slik ein også hadde under den kalde krigen. Men dette bør avgrensast til eit minimum, og russiske "fiskebåtar", "forskningsskip" osv. kan ikkje få lov til å operere fritt i norske farvatn. -
... eller Sindre Finnes, som ville ha hatt større avkastning om pengane hadde stått i indeksfond i heile perioden der kona var statsminister.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tyskland har vel aldri vilja stikke seg ut ved å vere fyrst, og ein såg dette også då det var snakk om Leopard 2. No når amerikanarane ikkje er i stand til å leie vil eg tru at det einaste som kan få Scholz og Tyskland på gli er at land som Frankrike og Storbritannia går føre. Det er elles interessant om Frankrike byrjar å leie an. Frankrike har vel tidlegare vore meir innstilt på diplomati framfor støtte til Ukraina, og ein hugsar særleg det mislukka forsøket på å overtale Putin til å ikkje invadere, då Macron og Putin sat i kvar sin ende av eit langt bord. -
Slik eg forstår det vil alle andre fond som står på ASKen bli selde. Det er ikkje mogeleg å overføre deler av ein ASK til KLP og la resten bli igjen i Sbanken. Tek eg feil?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I følgje nyheitssendinga på Nrk tv no klokka 17 har nasjonalforsamlinga i Ungarn stemt ja til svensk NATO-medlemsskap. Opplysninga om mogelege NATO-soldatar til Ukraina vart kommentert i studio, og det vart peika på at det er statsministeren i Slovakia som kom med opplysningane, og at han er alliert med f.eks. Ungarn. Spørsmålet er såleis kva ein vil med å seie dette, og om det er tilfeldig at dette blir sagt akkurat i dag. Det vart også hevda at det evt. må vere snakk om å sende offiserar til opptrening av ukrainarane, og at å sende kampsoldatar vil vere uaktuelt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nordland/mistenker-at-sabotasje-forte-til-avsporing-pa-malmbanen-ved-svenskegrensen-1.16778977