Dersom ein bank har nettbank kan ein logge inn frå ein vilkårleg nettlesar, inkludert den/dei nettlesarane som ligg på mobilen.
Så gevinsten ville berre vere at ting tek litt lenger tid.
https://www.nrk.no/urix/telegram_-populaer-app-for-nyheter-om-krig.-forst-ukraina-og-russland_-og-na-gaza-og-israel.-1.16777612
Mykje av det same kan vel også seiast om twitt.. x.
Litt om "usynlege" Kamala Harris og spørsmålet om kvifor ho aldri vart noko godt alternativ til Biden.
https://www.nrk.no/urix/hva-skjedde-med-kamala-harris_-1.16790402
På ein måte tykkjer eg at det mest korrekte er at han blir "dømt" av folket i USA. Om det er slik at eit fleirtal av amerikanarane verkeleg ynskjer å velje ein kriminell og ein Putin-venn og beundrar av autokratar må dei kunne gjere dette. Ulempa med demokrati er at det av og til blir valt folk som ein ikkje er einige med, og som absolutt ikkje burde ha blitt valt.
Men så får vi krysse fingrane for at Biden og demokratane vinn ein så stor siger som mogeleg, både i sjølve presidentvalet og i dei to kammera i kongressen.
https://www.nrk.no/urix/nikki-haley-gir-seg-i-presidentkampen-1.16792064
Eg håpar at ho blir gitt ein ny sjanse ein annan gong. (Dette sjølv om eg meiner at det må leggjast press på Israel, slik at ein kan få til ei tostatsløysing eller noko liknande som gjev varig fred).
Og i følgje oversikta er det berre teke 1 MLRS og helikopteret som kanskje var på krigsskipet er ikkje nemnt.
Og russarane kastar vekk store mengder kjøt og utstyr for å prøve å avansere litt medan støtta frå USA står fast i kongressen.
https://kyivindependent.com/cnn-johnson-opens-door-for-alternative-ukraine-aid-package-in-house/
Ein får berre håpe at Europa, Canada og andre kan trappe opp støtta slik at ein kan kompensere for bortfallet av støtte frå USA. F.eks. var det tsjekkiske initiativet gull verdt. Så får tida vise om republikanarane i kongressen kan greie å bli einige om noko som helst før krigen er over.
Ungarn finn seg berre ei ny sak som dei kan trenere:
Ungarn burde ha vore suspenderte frå både NATO og EU så lenge Orban er statsminister.
Men om dette fører til at Stoltenberg blir sitjande er det iallefall ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.
https://www.nrk.no/urix/strom-av-flydeler-inn-i-russland-_-usa-vil-straffe-medhjelpere-1.16787008
På tide! Så spørst det korleis Erdogan reagerer på dette.
Det er lite hjelp i å sende inn NATO-troppar utan at dei har granatar til å skyte med.
Det ukrainarane treng er F16, langtrekkande missil, droner og ammunisjon, slik at dei kan kaste ut russarane på eiga hand.