Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Som (kjedeleg) mann blir eg av og til litt oppgitt av å lese om kvinner og kropp.
  2. Skulle ikkje granatane Tsjekkia fann hjelpe på situasjonen? Er desse granatane komne så langt at ukrainarane har teke dei i bruk, eller er dette noko som tek tid?
  3. No ser det ut til at det nyleg har skjedd ei endring slik at ein må betale gebyr til eigar av kvar enkelt minibank i staden for-/evt. i tillegg til gebyret frå banken der ein er kunde. https://www.finansnorge.no/artikler/2024/02/omlegging-av-minibankgebyrer/ I artikkelen står det at dette gjeld uttak med BankAxept. Vil det seie at ein ikkje må betale gebyr til eigar av minibanken dersom ein tek ut pengar f.eks. med eit reint Visa-kredittkort utan BankAxept?
  4. https://www.nrk.no/urix/soldater-og-mobile-valglokaler_-slik-skal-putin-vinne-ost-ukraina-1.16805273
  5. Svaret ovanfor er antagelegvis "spot on". Her er ein utdjupande artikkel, men som framleis ikkje går inn på den nøyaktige medisinske årsaka til at han må leggje opp, samt gå på medisinar resten av livet: https://www.nrk.no/sport/strandberg-apner-opp-_-ukjent-drama-odela-karrieren-1.16780219
  6. Skal ein få mobilisert mot Russland har eg meir tru på eit samarbeid mellom Polen, Frankrike og Storbritannia. Tyskland (og USA) har så langt vore feigingar som har komme etter berre når andre har gått i førevegen. Å sende vestlege styrkar til Ukraina er "uaktuelt". Det var også "uaktuelt" å sende Patriot til Ukraina, det var "uaktuelt" å sende vestlege stridsvogner, og det var "uaktuelt" å sende F16. Det er nesten slik at eg føler at noko er på gang. Men viktigast er det å sende ammunisjon og utstyr som Ukraina ber om. Om ikkje dette er nok får ein evt. gje ukrainarane flystøtte, slik at ein får kontroll over luftrommet. (Dette vil i så fall innebere direkte konfrontasjon med russiske styrkar i Ukraina).
  7. 500 kr. er lite å leve på i 14 dagar dersom det kjem ein solstorm som i 1859, Russland startar atomkrig eller det blir sett i verk eit storstilt dataangrep som får infrastruktur til å knele over lengre tid. 25 000 kr. er vanlegvis mykje for mykje til å ha liggjande på kistebotnen. Om huset blir rana eller brenn ned er pengane tapt. Ein går glipp av renter, og får problem/arbeid den dagen det kjem nye pengesetlar og dei gamle blir verdilause. Sjølv har eg knapt kontantar sidan dette er noko som eg sjeldan eller aldri har bruk for. Men om eg skulle tenkje beredskap ville eg kanskje tenkt at 5 000 var ein grei sum å ha per person i ein familie. Då har ein nok til å handle mat ei stund framover. Vel så viktig vil det vere å ha eit beredskapslager med litt tørrvarer, hermetikk, ein dunk med vatn, fyrstikker/lighter, litt ved (om ein har vedovn), varme klede, ei fullada hovudlykt, mobil-/hovudlyktladar for tilkopling i bilen (om ein har det) og/eller andre ting ein kan få bruk for ved ei eventuell krise, sidan det ikkje er sikkert at det vil vere berre å gå på butikken dersom ei alvorleg krise skulle inntreffe.
  8. At rentene på kontantuttak går frå dag 1? Derimot kan ein bruke kredittkort til varekjøp og ha pengane ein elles ville måtte betale med på høgrentekonto fram til kredittkortrekninga forfell.
  9. https://www.forbrukertilsynet.no/varsler-forbud-og-hoye-ukesboter-dersom-selskapene-fortsetter-med-ulovlige-fakturagebyrer Om det skulle dukke opp hinsidige gebyr på uttak av kontantar meiner eg at det må på plass eit liknande lovverk for bankgebyr på lik linje med fakturagebyr. No burde dette uansett ikkje vere noko stort problem sidan ein kan bruke bankkort eller vipps i dei fleste samanhengar.
  10. Vi veit vel nok! Kva Russland vil gjere f.eks. med Moldova når dei er "ferdig" med Ukraina vil eg helst ikkje vite.
  11. Gebyrfri Visa har 0 kr. i gebyr, men ein må betale inn uteståande dersom ein skal unngå renter på kontantuttak.
  12. Å ha eit slikt verv i 10 år er lenge. Ein skal vere takknemleleg for at Stoltenberg har vore villig til å stå i stillinga over så lang tid, og ein kan ikkje forvente at han skal måtte ta enno ein periode.
  13. Det same kan nok sikkert seiast om Raudt. Dei færraste er vel begeistra for det som Russland gjer i Ukraina, men det virkar å vere ei naiv tru på at dersom vi berre sluttar å forsvare oss så blir det fred i verda. Ein har dessutan blikket festa på krigen på Gaza, medan skylappane hindrar ein i å sjå kva som skjer i resten av verda.
  14. https://www.nrk.no/norge/norske-elever-er-med-pa-a-produsere-vapen-1.16757124 SV har visst ikkje noko imot det om vi i Norge blir tvinga til å snakke russisk i framtida. Korleis skal ein kunne forsvare seg mot land som Russland i framtida dersom ein ikkje skal kunne utdanne den arbeidskrafta som trengst?
  15. Eg ser ikkje noko stort poeng med NATO-soldatar i Ukraina. Ukraina må fyrst og fremst få det utstyret og den ammunisjonen dei treng, slik at dei kan jage russarane vekk. Så lenge Ukraina ikkje har akutt mangel på soldatar er det liten vits i å sende NATO-soldatar inn i kjøtkverna. (Blir det nødvendig å setje inn NATO-soldatar ved fronten vil det vere nok eit bevis for at Vesten si støtte så langt i krigen har vore alt for svak, og at store mengder ukrainske soldatar har mista livet heilt unødvendig). Men NATO-soldatar kan ha ei viktig rolle når det gjeld å trene ukrainsk personell eller til å utføre sørvis og vedlikehald. Det same gjeld etterretning. Både Storbritannia og USA har allereie folk inne i Ukraina, og det ville heilt sikkert vere mogeleg å gjere meir av dette.
  16. Følgjande får meg til å flire litt: 2024: https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/per-willy-amundsen-far-kritikk-for-uttalelser-pa-facebook-1.16795828 2018: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/3jXG0d/sylvi-listhaug-slettet-omdiskutert-bilde-fra-facebook Men det er jo bra dersom Listhaug og andre har lært at ein bør diskutere på ein sakleg måte i sosiale media.
  17. Tyrkia er vel ikkje det landet eg har mest tru på. Landet er kjent for eit nært forhold til Russland (men også Ukraina), smugling av vestlege komponentar og deler til Russland, samt Erdogan si trenering av svensk NATO-medlemsskap. Tyrkia forhandla fram kornavtalen som Russland seinare braut (Russland pleier som kjent å bryte avtalar når det passar), men som ikkje lenger er relevant etter at Ukraina har pressa den russiske Svartehavsflåten austover etter mange vellukka angrep. Kan vi vente oss positive overraskingar som kan hjelpe Ukraina i kampen mot Russland?
×
×
  • Opprett ny...