-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein må vel også ta med Tsjekkia. Presidenten der gjorde ein bra innsats med å organisere kjøp av artillerigranatar til Ukraina. Elles har også Storbritannia etter mi meining gitt viktige bidrag. -
Det eg prøvde å påpeike er at uttrykket "kald fisk" ikkje er det rette ordvalet her.
-
Eg er einig i at dette kan vere eit sjeldan eksempel på at det kan svare seg å betale ei rekning med kredittkort, men gevinsten blir ikkje stor. Om ein brukar kredittkortet til fleire ting er det heller ikkje gitt at ekstra betaling til kredittkortet dekkar kontantuttak før anna uteståande gjeld, så om ein skal vere sikker på å unngå meir renter enn nødvendig må ein betale inn heile gjelda ved fyrste høve. Dersom eg hadde nokre kroner til overs ville eg ha brukt desse til å betale inn restskatten innan 31/5, og så heller brukt kredittkortet så mykje som mogeleg til varekjøp. Og så brukt feriepengane til å betale kredittkortrekninga. Då ville ein sleppe renter fullt ut.
-
I verste fall ville ein då måtte betale 103,50 i restskatt, så dette er vel ikkje akkurat noko som går ut over nattesøvnen for å seie det slik. Retting: Som det går fram ovanfor er det 3,51% per år, så då vil det kanskje bli rundt 104 kr.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
For min del har eg brukt Samsung i alle år sidan etter at SE Walkman vart avleggs, heilt uavhengig av kva USA har stått for og ikkje. Eg er elles heilt einig i at USA burde ha gjort mykje meir for å redde Ukraina og verdsfreden. USA har vist at dei ikkje er til å stole på, og konklusjonen er at vi må bli meir uavhengige av USA. Europeiske politikarar må vakne, Europa må utvide produksjonen av utstyr og ammunisjon slik at ein blir meir sjølvstendige, og våpen bør kjøpast frå andre land enn USA. Boikott av coca cola eller iphone har eg like lita tru på som boikott av Jaffa-appelsiner frå Israel. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Skal ein boikotte alle som ikkje har gjort nok blir det få land att å handle frå. Også Norge burde ha bidrege meir. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I 1940 var USA isolasjonistar. Skal tru kva som ville ha blitt utfallet av 2. verdskrigen dersom ikkje japanarane hadde angripe USA? Det USA eigentleg treng er eit spark bak, eit slags nytt 11. september med Russland som avsendar. Men så dumme er ikkje russarane. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Var det ikkje snakk om at Sverige skulle sende Gripen til Ukraina så snart dei vart med i NATO? Rann dette ut i sanden? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eit problem er at vi er altfor avhengige av USA. Om ikkje USA er i stand til å støtte Ukraina vil europeiske land måtte kjøpe Patriot-missil... frå USA. Men der det er mogeleg bør Europa produsere våpen og ammunisjon sjølv eller kjøpe hos andre framfor USA. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men det er ein viss skilnad på å boikotte selskap som indirekte støttar Russland og å boikotte USA fordi dei ikkje gjer nok for å støtte Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Skal vi gå til Kina i staden? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/soldater-ost-i-ukraina-graver-nye-skyttergraver-1.16814102 -
Interessant. Eg prøvde det motsette, og prøvde å installere Sbanken-appen trass i at DnB flytta meg ut av Sbanken-konseptet. Då kom eg ikkje lenger enn dette: For min del ser det ut til å ha lite å seie kvar eg er kunde. Eg brukar Sbanken utelukkande til fond og aksjar, og om eg har forstått det rett er både pris og nettbankløysing då den same, uavhengig av kvar ein er kunde.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
USA kan ein vel etter kvart gløyme. Det burde vel bli danna ein koallisjon av villige som støttar Ukraina med det som må til for at dei kan vinne krigen. Frankrike, Storbritannia, austeuropeiske, baltiske og nordiske land kunne vere med. Og så kunne ein håpe på at Tyskland kunne komme diltande etter. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det virkar som om Russland har skifta strategi, og at dei igjen sender massive angrep mot m.a. ukrainsk infrastruktur. Eg lurer på Gjer mangel på luftvernammunisjon at desse angrepa har større suksess no enn tidlegare? Vil Russland kunne oppretthalde desse massive angrepa over tid, eller vil dei nok ein gong måtte roe ned og samle opp over ein periode til dei har nok missil til å prøve å overbelaste det ukrainske luftvernet på nytt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det bør også gjelde alle de som støtter Russland og bidrar til at krigen kan fortsette i Ukraina. - De fikk milliarder i norsk uhjelp. Nå fester de med Putin: https://www.aftenposten.no/verden/i/kELlb9/de-fikk-milliarder-i-norsk-uhjelp-naa-fester-de-med-putin Artikkelen frå i sommar støttar ikkje synspunktet ditt. Det var mange færre afrikanske statsleiarar på festen enn tidlegare år før russarane invaderte for alvor. Artikkelen hevdar at det går dårleg for Russland i Afrika. Vidare: Konklusjon: Snur ein ryggen til Afrika vil Afrika lettare hamne i klørne til Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Finland måtte gje frå seg land, så den påstanden kan diskuterast. Men planen var vel å ta heile Finland, og der måtte Sovjetunionen med sine 171 millionar innbyggjarar gje seg. -
Og her er det som står om vidarekopling hos Chilimobil (Telia-dekning): https://www.chilimobil.no/sporsmal-hjelp/mobilhjelp-og-oppsett/mobilsvar/ Kan dette vere slik også hos nicemobil?
-
Då eg for omlag eit år sidan var utan Telia-dekning i 4-5 veker(!) måtte eg gje opp å vidarekople chilimobil-abonnementet til Telenor. Dei gammaldagse kodane fungerte ikkje. Det skulle vere mogeleg å vidarekople, men funksjonaliteten var visstnok berre tilgjengeleg på nyare 4G/5G-telefonar. Sidan har eg ikkje tenkt meir på dette, og har aldri testa med den nye mobiltelefonen min. Poenget er uansett at eg fekk inntrykk av at dei gammaldagse kodane var på veg ut.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/EQ0olo/putin-med-nye-uttalelser-om-krigen-toev Russland pleier ofte å gjere det motsette av det dei seier, så det er all grunn til å vere på vakt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når eit land blir angripe av eit anna land er det vel sjølvsagt at landet søkjer støtte hos dei som vil forsvare landet og at det angripande landet blir fiende. På byrjinga av 1800-talet var Storbritannia fienden vår (jf. diktet om Terje Vigen). Då Storbritannia minela kysten vår i aprildagane 1940 protesterte Norge heftig. Då tyskarane okkuperte landet vårt vart motstanden mot Quisling, tyskarar og nazistar stor, og det måtte harde middel til for å kontrollere folket. Då freden kom 8. mai 1945 var det elleville gledesscener rundt om. Undertrykkjinga var over, og Norge var igjen eit fritt land. Under krigen danna det seg sterke band mellom Norge og Storbritannia, og som er sterke den dag i dag. Kva om britane hadde komme tyskarane i forkjøpet? Er det ikkje rimeleg å tenkje seg at Norge då ville ha søkt støtte hos dei som ville "hjelpe" Norge? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom Vesten kan skaffe seg naturressursar på eiga hand blir ein mindre avhengige av autoritære land som Russland og Kina. Det blir dermed vanskelegare å drive utpressing mot Vesten, slik som Russland prøvde på når det gjaldt energi. Det er såleis heller ikkje utan interesse at det har vore fleire mystiske avsporingar på jarnbana mellom Kiruna og Narvik i seinare tid. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ghadaffi var vel aldri ein trussel mot naboane eller verdsordninga. Folk hadde det vel kanskje også betre under Ghadaffi enn dei har fått det etterpå. Som med Afghanistan har Libya blitt svikta av Vesten etter krigen. Russland vart svikta av Vesten på 1990-talet. No er det Ukraina som blir svikta av Vesten. Men til poenget ditt: Spørsmålet om straffeforfølgjing av tyrannar er eit vanskeleg dilemma. Uansett kva ein gjer blir det feil. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Som skrivebordskrigar er eg like frustrert over den vaklande Ukraina-støtta som det du er. Men innlegget ditt om at store deler av Ukraina støttar Russland etter to år med krig og terrorbombing er like fullt sprøyt.- 71 301 svar
-
- 17