-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Det som du ser i nettbanken er ikkje nødvendigvis skattemessige verdiar. Dei skattemessige verdiane skal følgje med ASK-kontoen heile vegen frå bank til bank. Eg overførte fleire fond til Sbanken for årevis sidan. Eit fond frå Eika står med nokonlunde korrekt investert beløp slik som det gjorde i gamle VPS. Fonda frå DnB står derimot med tilnærma 0 investert, og svimlande avkastningsprosentar. Då eg kontakta Sbanken-konseptet om dette før samanslåinga no i mars fekk eg forklart at dette vil endre seg kvar gong fonda blir flytta, men at dei skattemessige verdiane likevel blir korrekt. Kundebehandlaren la også ved eit Excel-ark som viste dei skattemessige transaksjonane og verdiane på ASK-kontoen.
-
Då blir altså konklusjonen tvert imot at ein i tilfelle som dette kan ha eit utbytte av at den noverande fastlegen eller psykologen får lese gjennom gamle journalar, trass i at det som står der ikkje nødvendigvis samsvarar i detalj med korleis pasienten sjølv har opplevd/hugsar konsultasjonane og si eiga sjukdomshistorie. Dersom det er snakk om ein lang journal blir det vel uansett eit spørsmål kor mykje tid legepersonell kan bruke på å lese gjennom gamle journalar. Fastlegen er vel vant med at dei fleste konsultasjonar tek eit kvarters tid der legen målar blodtrykk og spør generelt om alt er bra eller om det er noko hen kan hjelpe med, før ein takkar for seg etter å ha fått ny time om eit år.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette var altså Ukraina sine fyrste steg mot NATO og EU. Det seier seg sjølv at ein fyrst ville måtte ha ei viss oppslutning internt om at "dette går vi for", for at eit slikt ynskje skulle bli teke seriøst eksternt. På denne tida såg ein ikkje den faren Russland ville kunne komme til å utgjere i framtida. Russland vart sett på som ein seriøs avtalepartnar, som då Ukraina ga frå seg atomvåpena mot at m.a. Russland garanterte for at dei aksepterte Ukraina som nasjon med dei dåverande grensene. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her fekk iallefall Putin viljen sin. Forteljinga gjev også inntrykk av at Putin sitt syn om at Ukraina ikkje var eit "ekte" land ga gjenklang hos Tyskland og Frankrike, og at Ukraina i motsetnad til dei baltiske landa ikkje vart tekne seriøst når dei snakka om NATO-medlemsskap. Dette kan ein angre på i dag. Bush ville invitere Ukraina inn som kandidatland, men Tyskland og Frankrike blokkerte dette. Samstundes var det nok få som såg nokon reell fare for krig i Europa den gongen. I 2024 ville nok både Tyskland og USA ha vore to store bremseklossar for tettare integrering med NATO, i tillegg til dei "vanlege" kverulantane Ungarn og Tyrkia. Det virkar derimot som at Macron og Frankrike er meir på offensiven etter to år med krig og vestleg tafattheit, og der ein hugsar biletet av Macron og Putin i kvar sin ende av det lange bordet som eit symbol på mislukka diplomati. Når det gjeld desse som gjekk inn for NATO-medlemsskap i 1992 var vel kanskje dette ei gruppe som ikkje representerte meininga til fleirtalet, verken i eliten eller hos folket. I Ukraina var det fram til 2014 regjeringar med skiftande standpunkt når det gjaldt spørsmål om tillnyting til Russland eller Europa/Vesten, og det var vel aldri noko fleirtal i befolkninga for å bli med i NATO før etter at Russland gjekk til fullskala krig i 2022. -
Så konklusjonen her er med andre ord at "halvparten" av det som står i journalane er feil eller misvisande, og at det er betre å starte med blanke ark og bli utgreidd på nytt?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Og det er ikkje fyrste gongen terrorstaten Russland gjer dette. -
Skal dei fyrst endre namn tykkjer eg at Lyse Tele er for tungvint. Telelyse ville ha vore betre.
- 71 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
... om dei i det heile har nokon att. -
Kvar fann du dette? Eg er ikkje i stand til å finne dette i DnB sin nettbank i det heile. Eg meiner at dette også var vanskeleg i Sbanken.
-
Slik eg har forstått det har Sbanken-konsept-kundar alt tilgjengeleg via DnB sin nettbank. Ein har heller ingen fordeler med å vere i Sbank-konseptet. Er det då nokon vits i dette konseptet, når alle er DnB-kundar uansett?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette spørsmålet var vanskeleg å svare på. Dei fleste eksempel på boikott har vore politisk styrte og retta mot autoritære statar, eller mot demokratiske land som talar autoritære statar midt imot. Det nærmaste ein kjem folkelege boikottaksjonar har vel vore med tanke på dyrevern eller naturvern. Om det går på bedrifter kan det fungere, men det skal mykje til for at det skal fungere mot statar. Det var vel ei stund ein del fokus på norsk sel- eller kvalfangst, men fekk det Norge til å endre politikk på nokon måte? Det er heilt sikkert også mange som ikkje kjøper israelske produkt i butikkane, men om dette skulle bli eit tema vil det berre forsterke israelske førestillingar om "antisemittisme" og at "heile verda er imot oss". Kjem du på nokon konkrete eksempel på grasrotaksjonar retta mot statar, og som har fungert? Når det gjeld amerikanarane må ein også stille spørsmålet om ein boikott vil bli forstått av folk flest. USA har trass alt gitt viktige bidrag til Ukraina. Vil amerikanarane oppleve ein slik boikott som rettferdig? -
Eg heldt jammen på å gå på denne... før eg kom på at det er fyrste dagen i april. Det som "avslørte" spøken var det tilsynelatande hastverket med "samanslåinga" og den lange nedetida. Hadde det vore alvor ville noko slikt ha blitt annonsert i god tid. Her i Sunnfjord skin sola, og ein går ein fin vårdag i møte. Eg ynskjer alle som les dette ein fin vår og ein god sommar.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eit land er ikkje ei bedrift. Hadde Russland vore ein butikk hadde dei heller ikkje starta ein meiningslaus krig i Ukraina. Boikott av bedrifter som støttar Russland har eg sansen for. Boikott av land vil derimot ofte gje motsett resultat av det ein ynskjer å oppnå. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kanskje kan det bli ein ny vår i Tyrkia? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein har ofte sett at autoritære regime som blir utsette for boikott har alt å tene på dette. Folk sluttar då i større grad opp om regimet, og ein kan leggje skulda for alt som er gale på alle andre enn regimet sjølv. Det er vel berre ein krig som kan virke meir samlande for ein nasjon. Det er ingen grunn til å tru at ikkje det same gjeld om det er snakk om boikott av eit demokratisk land. Boikott ville såleis vere ein gåvepakke til Trump, MAGA-folket og isolasjonistane i USA. Skulle ein tenkje med hjartet er det ikkje vanskeleg å vere einig med @bojangles. Men skal ein tenkje med hjernen må ein halde fram med å behandle USA med respekt og krysse fingrane for at ein i allefall kan oppnå noko i motsetning til å i praksis støtte krefter som jobbar for å isolere USA og svekke Ukraina og Europa. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men dette problemet løyser vel Russland ved å annektere dei okkuperte områda. -
Det er litt artig at den ein gong så populære Sbanken er rangert som nr. 117 av 118 daglegbankar hos bytt.no https://www.bytt.no/erfaringer/bank/skandiabanken Og gjett kva for ein bank som er nr. 118.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/rykter-om-prinsesse-kate-knyttet-til-russisk-desinformasjon-1.16824762 Russiske desinformasjonskampanjar kan gje merkelege utslag. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ikkje direkte relatert til Ukraina, men ein viss relevans til NATO: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg høyrde i dag at samstundes som Biden vil ha våpenkvile er neste våpenleveranse frå USA til Israel rett rundt hjørnet. Eg blir berre oppgitt. Der kan amerikanarane sende våpen, men ikkje til Ukraina som står i fare for å tape krigen og retten til å vere eit fritt land.