Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ein annan bank som vart kjøpt opp og øydelagd er Ya-bank. Den brukte Eika-nettbanken, men vart kjøpt opp av svenske Resurs. Etter dette vart Eika-nettbanken erstatta med ein uferdig nettbank der det har vore ganske mykje tull. Eit eksempel er at avtalegiroar av og til berre forsvinn utan varsel. Eg har to fakturaer (avtalegiro) på forsikring, den eine privat og den andre næring som blir betalt til same kontonummer, og med forfall same dag. Dette blir då for mykje for nettbanken, og den eine betalinga går gjennom medan den andre berre blir borte.
  2. Marjorie Taylor Greene seier det vel rett ut. Kjem ho til å felle Mike Johnson, og kan minoritetsleiaren Hakeem Jeffries i så fall bli ny speaker i representanthuset?
  3. Er det verkeleg ikkje mogeleg å hoste opp nokre Patriot-missil som ligg lagra andre stader enn i USA?
  4. Det er kanskje ikkje så relevant, men dei gamle papirjournalane som fanst for over 30 år sidan finst det neppe så mykje att av. Etter det eg har høyrt kunne tilfeldige forbipasserande i ein kommune ein stad i Norge finne restar av desse på bossplassen då kommunen rydda i hyllene. I dag er det heldigvis reglar for avlevering av arkivmateriale, samt at reglane i større grad blir følgde.
  5. https://www.nrk.no/urix/ukraina-skeptiske-pellegrini-blir-president-i-slovakia-1.16834041 Det er rart at folk i ein del austeuropeiske land tilsynelatande elskar Russland. Vi får ta med oss det som er positivt: Men
  6. Norges 4. største "omlastingshamn" for fisk er midt ute i ein fjord på Svalbard, og med minimal kontroll frå norske styresmakter. https://www.nrk.no/nordland/xl/en-av-norges-storste-fiskerihavner-er-drevet-av-russland-pa-svalbard-_-fa-kontroller-1.16810516
  7. Akkurat det har eg ikkje så stor tru på. Men kven veit? Derimot vil Kina prøve å tvinge sitt verdssyn på andre statar, slik som då Kina støytte Norge ut i kulden etter tildelinga av Nobels fredspris. Di større avhengigheitsforhold eit land har til Kina, di lettare blir det å krevje at landet skal vere lydig og støtte opp om Kina sin politikk.
  8. Med tanke på Russland som truar alle og einkvar: Ei av årsakene til at tyskarane tapte 2. verdskrig var vel nettopp at dei prøvde å gape over for mykje.
  9. Kina har ikkje territorielle krav mot dei sentral-asiatiske landa, og det blir stor skilnad på å hevde retten dei meiner å ha til å styre Tibet eller Taiwan og å ta over Kazhakhstan. Så dersom NATO ikkje har evne til- eller er villige til å ta opp dei sentral-asiatiske landa (Sverige brukte 2 år på å bli medlem i NATO, Ukraina og Georgia har møtt ei kald skulder i mange år) er vel ein allianse med Kina det einaste alternativet som iallefall kan bevare ei viss grad av sjølvstyre samstundes som ein kan avskrekke Russland. Eg tykkjer det er merkeleg dersom ikkje desse tinga blir diskutert i dei landa det gjeld. Sit kashakhstanarane berre og håpar på at dette går over?
  10. https://www.nrk.no/ytring/ukrainas-farlige-var-1.16832465
  11. Kazhakhstan som medlem av NATO har vel aldri vore diskutert før russarane bringar det på bana. Burde ikkje både Kazhakhstan og dei andre tidlegare sovjetrepublikkane (med unntak av Kviterussland) bli ørlite granne bekymra over situasjonen etter kvart, og søkje støtte hos Kina eller NATO? Kan det vere slik at eventuelle samtalar er hemmelege, slik at ein kan melde seg inn i NATO raskt dersom det skulle bli nødvendig?
  12. I fjor var det høge forventningar til ukrainsk motoffensiv, og ein veit korleis det enda. I år er det russarane som har "presset" på seg. Når vestleg støtte til Ukraina til ei viss grad uteblir, og mangel på ammunisjon og luftvern gjer at russarane sakte men sikkert avanserer på slagmarka eller tek ut kraftstasjonar og luftvern ser det også ut til at politikarane omsider byrjar å vakne og forstå alvoret. Tsjekkia har skaffa fram ammunisjon, og dei baltiske landa er i gang med det same. Frankrike har gjort heilomvending i politikken når det gjeld støtte til Ukraina. NATO, som i størst mogeleg grad har prøvd å distansere seg frå krigen er også komne på bana og vil ta over meir av styringa slik at ein blir mindre avhengig av skiftande regjeringssjefar og presidentar i enkeltland. Og no sist har også den norske Støre-regjeringa vakna og har lagt fram ein plan for storstilt satsing på forsvaret som etter kvart vil nå 3% av bnp. Er ein heldig kan kanskje også MAGA-speakeren Mike Johnson bli felt av sine eigne med Marjorie Taylor Greene i spissen, slik at proppen forsvinn ut av systemet og ein endeleg får levert den omfattande hjelpepakken som skulle ha vore levert for eit halvt år sidan. Samstundes bit ukrainarane godt frå seg i krigen, svartehavsflåten blir meir og meir redusert, russarane har snart ikkje fleire tanks og må hente fram gamle doningar overlesst med kamuflasje og andre improvisasjonar eller avansere i kinesiske "golfbilar", ukrainske droner flyg meir eller mindre fritt over dei okkuperte områda og langt inn i Russland, oljeraffeneri brenn, olje- og gassleidningar eksploderer, flyplassar med kampfly blir bomba. Nærmar vi oss det store vendepunktet i krigen der Russland sin angrepskrig kollapsar, samstundes som Ukraina endeleg får den støtta dei treng for å avslutte krigen og jage orkane tilbake der dei høyrer heime?
  13. Om dette stemmer vil eg tru at det er fint lite Russland kan gjere med det. Transnistria er for tida heilt isolert frå Russland, som kan hjelpe verken over land, frå lufta eller frå Svartehavet.
  14. Har ukrainarane øydelagt så mykje luftvern at det for alvor byrjar å rakne for russarane?
  15. Det vil alltid finnast kvinner som er fysisk jamngode med gjennomsnittlege menn i same alder (reaksjonsevna skulle vere den same uavhengig av kjønn), og difor bør ein heller ikkje utelukke noko. Men generelt har du nok rett i dette. Biletet nedanfor var henta frå ein artikkel som dreier seg om det som går føre seg på ukrainsk side no - som er nettopp det å prøve å forsvare stillingar. https://www.nrk.no/urix/soldater-ost-i-ukraina-graver-nye-skyttergraver-1.16814102
  16. Er du så sikker på det? Om ein toppidrettsutøvar i 30-åra skal gå eit skirenn vil rutine vere det som kompenserer for at den fysiske forma gjerne går ned med alderen. Når ein er 18 er ein gjerne usikker på mykje, medan ein blir sterkare mentalt med alderen. Uansett trur eg at det vil vere ein fordel med ei god blanding av dei "rette" folka dersom det skulle bli krig. Også kvinner har ei rolle i krigen, enten det er ved fronten eller som støtte lenger bak. I Ukraina har ein sett mange eksempel på kvinner som stiller opp, og som kjempar ved fronten.
  17. Det er viktig at dette og andre ting på lista ikkje kjem i konkurranse med Ukraina sine akutte behov for ammunisjon og luftvern. Men så snart som Ukraina har nok av dette må ein fylle opp våre eigne lager.
  18. Er det nokon som skal ha fått utbetalt utbytte til ASK etter omlegginga, og som greier å finne dette att i nettbanken til DnB? Gløym det. Det tok berre litt tid før statusen var oppdatert.
  19. https://www.nrk.no/urix/russland-trapper-opp-angrepene-pa-ukrainsk-stromforsyning-1.16827760 Om ikkje noko skjer snart får Norge og andre land bla opp og kjøpe dette frå USA.
  20. No er det vel ikkje nokon motsetnad her. Ingen kan hindre Macron eller dei baltiske landa i å sende styrkar på eiga hand.
  21. Det er vel slik at legar eller psykologar ofte har avgrensa tid til å lytte, og at dei som alle andre kan feiloppfatte og misforstå. Og skal ein tru det @Milhouse85skriv vil ein då kanskje heller ikkje leggje vekt på å skrive alle detaljar heilt korrekt, så lenge dei vesentlege tinga stemmer og den raude tråden er bevart. Verre er det dersom vesentlege ting, altså ting som har medisinsk betydning viser seg å vere feil. Slike feil bør jo absolutt rettast dersom dei kan få konsekvensar for seinare vurderingar. Det å skrive eit referat er jo uansett ein kunst.
×
×
  • Opprett ny...