-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Det er vel lang nok tid til at dette burde ha gitt seg. Det spørst om ikkje du bør oppsøkje lege på nytt.
-
For min del likar eg Chilimobil. Dei har låge prisar og inga binding. Av og til, som f.eks. under Black Week får ein eksklusiv rabatt i Samsung sin nettbutikk. Då kan ein gjere eit godt kjøp. Eg betalar heller litt ekstra for å få det ypperste når eg fyrst slår til, og forventar til gjengjeld at mobilen skal vare nokre år før eg treng ein ny.
-
Det har du jammen rett i.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med tanke på den omsynslause krigen og alt sprøytet vi har høyrt frå Russland er det ganske ironisk at det er nettopp Russland som skal treffe spikaren på hovudet og vise amerikansk dobbeltmoralisme. For ein gongs skuld seier Russland noko som for tida ser ut til å vere sant. USA drit i om verda endar i kaos, så lenge dei har billeg bensin. -
Dette er heilt sikkert også mogeleg hos dei fleste operatørar som tilbyr subsidierte mobiltelefonar. Det er ikkje alle kundar som treng ny mobil kvart år (og ikkje er det bra for miljøet heller). Det er difor ofte betre med rabatt på abonnement i staden for subsidiert telefon.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Under våroffensiven i fjor var det ein brukar som posta her i tråden, og som meinte nettopp det at ukrainarane ville ha meir å tene på å leggje seg i forsvar i staden for å angripe. Han fekk mykje pepar for dette, men i etterpåklokskapens lys hadde han vel rett. Han hadde elles ein provoserande stil, og tok opp att fleire gonger noko om at Vesten ville kjempe til siste ukrainar. Eg ser no at det blir stilt spørsmål i fleire innlegg frå ganske pro-ukrainske brukarar om den manglande vestlege støtta er ein del av ein "plan" for å halde Russland nede slik at Vesten skal rekke å ruste opp og møte trusselen frå Russland på lenger sikt. Det er vel ingen her som er så konspiratoriske at ein trur at det er noko anna enn feigheit eller manglande situasjonsforståing blant politikarar, samt nedbygd produksjonskapasitet og lager som ligg bak, men dette gjorde iallefall at eg kom til å tenkje på han som snakka om å kjempe til siste ukrainar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Trur du verkeleg at Russland frivillig ville gå med på å trekkje seg tilbake til grensene frå 2022? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom fleire titals tapte stridsvogner og armerte køyrety per dag er "låg-verdi"-styrkar lurer eg på korleis det ville sjå ut dersom russarane brukte "høg-verdi"-styrkar. Finst det ikkje nokon ende på tilgangen på russisk krigsmateriell? -
For meg virkar det iallefall temmeleg merkeleg dersom ikkje bruk av tvangsmidlar skulle vere relevant informasjon i ein pasientjournal.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med tanke på dei høge tapstala dag etter dag: Kan det vere slik at det ein ser er den russiske "våroffensiven", at den har vore i gang sidan den amerikanske støtta tørka inn og starta med at russarane tok Avdviika? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nettopp. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvinnelege agentar kan vere viktige for å oppnå tillit, enten det skjer på den eine eller den andre måten. Er det grunn til å tru at ikkje også vestlege agentar kan bruke "honeypot"-metoden? -
Eg bestilte fondsandeler no, og det stod berre namn på ASK og på delkontoane. Eg såg ingen kontonummer i det heile! Så då må ein vel kontakte dnb for å få kontonummer(a) dersom ein bestemmer seg for å flytte ASK-en. Her har ein tydelegvis prøvd å gjere dette så vanskeleg som mogeleg for kundane.
-
No viser tweeten sitert i eitt av innlegga ovanfor at han har brukt desse 8-tala i fleire ulike samanhengar. Er det rimeleg å tru at dette er heilt tilfeldig, eller er det meir sannsynleg at det må liggje noko bak?
-
Kva tenkjer du om dette? Trur du at du har fått all informasjonen som er skrive ned om deg og møtet med psykiatrien?
-
Han skriv jo at han gjer dette i samarbeid med psykolog. Meiner du at informasjonen ikkje vil vere nyttig å kjenne til for psykologen i det heile? Eg tykkjer elles at du har mange interessante erfaringar og tankar, og det er flott at du deler desse her i forumet.
- 30 svar
-
- 1
-
Eg har til gode å sjå ein nettbank der avtalegiroar som forfell midt i ei helg blir betalt før helga byrjar. Det same gjeld dersom ein legg inn ein nettgiro med forfall i ei helg. Då blir ikkje giroen betalt før fyrste bankdag etter forfall. (Når det gjeld Sbanken har eg aldri testa dette, sidan eg brukte den berre til aksjar og fondssparing).
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, Marjorie Taylor Greene har vel trua med å kaste han sidan før påske. Kanskje blir det demokratisk speaker i huset om ikkje så lenge? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
"Alle" brukar kvinnelege agentar. Nrk.no hadde for ei tid sidan ein artikkel om den kvinnelege amerikanske agenten som avslørte Arne Treholt etter å ha blitt "venninne" med kona. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/da-barbara-lurte-arne-1.15814163 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/video/9adc88be-f0f5-4cfb-a146-94ed83a82198 Ubåtar er ein viktig del av beredskapen i norske og nordiske farvatn. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Då får ein håpe at ikkje russiske angrep og mangel på ukrainsk luftvern destabiliserer det like fort. -
Kjelde: Nrk.no
-
Sidan dette var nytt for meg er det sikkert det for andre også. Men Google ga iallefall "rett" svar som fyrste treff: Har det rabla heilt for denne karen?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Minimale lager er betre enn ingen ting. Så får ein heller fylle på lagera når det blir mogeleg. Det er lite hjelp i å donere våpenhjelp etter at Russland har vunne krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein har "avventa" i eit halvt år no. Medan Europa "avventar" smir russarane medan jernet er varmt. Før eller sidan må noko gjerast om ikkje Ukraina skal gå heilt tomme. Så får støtte frå USA heller komme som ein bonus i tillegg. Kven er det som sit på Patriot-systemet i Europa? Tyskland har vel Patriot? Er dei like lite villige til å donere Patriot-missil som Taurus?