Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ho får nok overført fondsandelene med tida, men dette virkar uansett lite profesjonelt av DnB, som burde ha henta inn nok folk til å få unna ASK-flyttingane. For min eigen del er eg glad for at eg har hatt ei vente-og-sjå haldning, og trur at det vil bli atskilleg enklare å flytte fond når støvet har lagt seg og dei nye løysingane byrjar å fungere skikkeleg.
  2. Mykje av det norske gullet gjekk vel med til å finansiere London-regjeringa og kampen mot tysk okkupasjon.
  3. Kan USA sende våpenstøtte til Israel utan at støtta blir ståande fast i kongressen? Kvifor gjeld det evt. andre reglar for militær støtte til Israel enn for militær støtte til Ukraina? Kan Biden gå på tvers av kongressen og støtte Ukraina dersom han verkeleg vil, og kan evt. årsaka til at det ikkje skjer noko vere at demokratane ynskjer å plassere skulda for dette på republikanarane som ein del av valkampen?
  4. Russland har lenge prøvd å rekruttere fattigfolk, minoritetar, fangar , framandarbeidarar eller fattigfolk i nabolanda til krigen mot lovnader om pengar eller fridom, og har lukkast med dette. Slik sett er det ikkje overraskande om dei held fram i det same sporet.
  5. Interessant. Dette er vel kanskje den mest opplagte koallisjonen når Kina støttar Russland og i tillegg utgjer ein trussel i seg sjølv, samstundes som både USA og NATO er ute av stand til å ta ei større rolle i å beskytte Sentral-Asia mot Russland. (Ein greier jo ikkje ein gong å støtte Ukraina nok til at dei kan stå imot Russland). Det er uansett positivt dersom leiarane i dei sentral-asiatiske landa har vakna, og byrjar å samarbeide om sikkerheitspolitikken før det er for seint.
  6. Og om Russland stemmer ja vil det hindre alle andre enn Russland i å leggje slike planar. Avtalar med Russland som part er ikkje verdt papiret.
  7. Dette kan jo like godt snu den andre vegen. Kva dersom fondet plutseleg gjev stort overskot dei neste 10 åra, men at krona går like mykje slik at gevinsten for deg blir 0. Ville du då ha tykt at det var rimeleg om du fekk eit stort skattekrav?
  8. Dersom ein har aksjefond på aksjesparekonto slepp ein å skatte for gevinsten før den blir realisert. Ein kan kjøpe, selje eller byte fond alt ein vil så lenge ein ikkje tek ut pengane frå sjølve aksjesparekontoen. I tillegg kan ein ta ut investert beløp frå aksjesparekontoen, og la gevinsten stå att. Så lenge gevinst og evt. utbytte står att betalar ein heller ikkje skatt på dette.
  9. Spørsmålet er korleis det går med veksten no når Russland angrip kraftstasjonar og straumnett på harde livet medan USA og Europa ikkje klarer å levere luftvernammunisjonen som Ukraina treng for å forsvare seg.
  10. Og dermed var det også slik at begge sider braut folkeretten. Å bryte folkeretten er heilt vanleg i ein krig.
  11. Eg oppfattar ikkje spørsmålet hans som eit spørsmål om kva vi bør gjere, men om europeiske leiarar har ein plan, og om den planen inneber kapitulasjon eller auka støtte.
  12. https://www.vg.no/nyheter/i/y6LjRe/jens-stoltenberg-avsloerer-erdogan-samtalene-som-fikk-sverige-inn-i-nato
  13. Det er fint med klar tale, men bryr republikanarane seg om demokratiet taper og USA mistar makt internasjonalt? Aukar dette presset på Mike Johnson?
  14. Dette var klar tale, og det er svært gledeleg at eit stort fleirtal i EU-parlamentet tok han på ordet. Men det viktigaste no er vel ikkje fleire Patriot-system, men at Ukraina får ammunisjon til dei systema dei alt har. Kan EU greie å hoste opp dette?
  15. Stoltenberg har rett i at det må skje noko no. Vesten har lova mykje, men greier ikkje å innfri noko. Og alle sit og ventar på MAGA-USA. Når granatar, kampfly og patriot-missil ein gong kjem, dersom det i det heile kjem kan krigen allereie vere over.
  16. Dersom speakeren i huset i den amerikanske kongressen skulle bli kasta, vil representantane då kunne samle seg om ein demokrat eller vil det bli nye veker med kaos og handlingslamming?
  17. Er dette granatar som ikkje er produserte enno, sidan ting tek så lang tid?
  18. Dette blir vel som når paven ber partane i Ukraina-krigen om å slutte fred.
×
×
  • Opprett ny...