-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Det har vore eit problem dei seinare åra at Sbanken sender ut årsoppgåver med feil, eller at dei er ufullstendige. Dette vart ikkje akkurat betre med DnB. Eg har både aksje- og rentefond, og årets årsoppgåve inneheld kostnader og returprovisjon berre for ASK. Rentefonda er oppført med kostnader og returprovisjon i skattemeldinga, men dette manglar i årsoppgåva. Så ein må berre håpe på at det som står i skattemeldinga stemmer. DnB nektar sjølvsagt for at årsoppgåva er mangelfull. På den andre sida, så har eg byrja å jobbe med eit dødsbu. Då er det godt å ha med ein solid bank å gjere som er lett å komme i kontakt med, og der dei har løysingar for innsending av dokument som fungerer. Dette ville nok ikkje ha vore så enkelt om banken var ein app.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er rart å tenkje på i dag, men Medvedev var som statsminister ein heilt annan enn den Medvedev som kjem med atomtruslar annankvar dag. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russarane køyrer på, men talet på falne har gått litt ned frå toppen. Til gjengjeld har det gått med heile 20 tanks og mange armerte- og uarmerte køyrety, samt artilleri. Russarane har også mista 4 luftvern.- 71 299 svar
-
- 10
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Betalingskort har vanlegvis både BankAxept og Visa. BankAxept blir då brukt i norske terminalar/minibankar framfor Visa. BankAxept er eit norsk innanlands system, så i utlandet vil Visa bli brukt. (Om systemet av ein eller annan grunn skulle vere nede vil Visa kunne bli brukt også innanlands). Kredittkort inneheld (vanlegvis) berre Visa eller Mastercard. Desse kan brukast i minibankar og dei fleste betalingsterminalar innanlands, samt i utlandet. (Ein av få stader det ikkje fungerer er på legekontoret). Betaling i butikk er vanlegvis gratis, medan uttak av kontantar ofte kostar høge gebyr avhengig av kven som har gitt ut kortet. Som regel vil det også bli berekna renter frå fyrste dag, i motsetnad til varekjøp som er rentefritt så lenge ein betalar gjelda ved forfall. Har ein vanleg (debet) betalingskort vil dette difor i dei fleste tilfelle vere å føretrekkje om ein har bruk for fysiske kontantar.
- 2 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvifor innfører dei "russiske" lover dersom dei ikkje er prorussiske? EU har åtvara mot at framtidig EU-medlemsskap er i fare. Ser ein byrjinga på noko som liknar på Maidan-opprøret i Ukraina? -
Kva for ein bank er dette?
-
Då blir neste spørsmål: Blir det rekna renter kvar dag, kvardagar som helgedagar? Eg meiner å hugse frå matteboka på ungdomsskulen for over 30 år sidan at det var 360 rentedagar i eit år. Var dette berre gjeldande før nettbankane si tid?
-
I den katolske tida vart folk som kom med påstandar om at jorda var rund kalla kjettarar, og vart lyst i bann. I dag ville ein kanskje ha brukt satire og kalla personen ein eller annan "-ist", for å prøve å oppnå same verknad.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette biletet: fekk meg til å tenkje på dette: (Men biletet med Blinken og Xi er fargerikt og har fin bakgrunn). -
Teiknar du ei linje gjennom desse variasjonane vil den gå på skrå oppover. Det vil alltid vere variasjonar i klimaet, men så kjem det som er menneskeskapt på toppen.
- 84 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Meir om situasjonen i Georgia: https://www.nrk.no/urix/tusenvis-demonstrerte-mot-nytt-forslag-til-_agentlov_-i-georgia-1.16863114 -
https://www.nrk.no/vestland/lakseemballasje-pa-asiatiske-strender-til-sjenanse-for-regjeringa-1.16859177 Vi er blitt altfor avhengige av plast. For nokre tiår sidan var tønneproduksjon storindustri, og norske tønnefabrikkar leverte store mengder for eksport til m.a. Island. https://islandsk.no/vis/toenner-i-sunnfjord
- 84 svar
-
- 3
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I Norge har ein vel alternative system slik at ikkje flytrafikken i Finnmark blir ramma. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er ikkje berre Twi... X som spreier desinformasjon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Meir om drapa i Tyskland: Politisk motiv? Det er det ein i andre samanhengar kallar terrorisme. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Har Kazhakhstan nyare kampfly i tilfelle landet skulle bli utsett for russisk angrep ein gong i framtida? -
Dersom ein har landdeponi vil ein ureine store område med støv. Då er eit fjorddeponi å føretrekkje. Fjordane våre er uansett fulle av "avfall" laga av isbrear for tusenvis av år sidan. Men det beste ville vere å bruke mest mogeleg av overskotsmassen som ein ressurs, og leggje resten tilbake i gruva der den kom frå.
- 84 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Det blir lenge til fornybar energi kan fullt ut erstatte fossil energi. Norge dekkar eit viktig behov som elles vil bli dekka av andre. Dersom Norge sluttar å utvinne olje og gass på den mest miljøvennlege måten i verda vil dette f.eks. gje auka inntekter til land som Russland og gje ytterlegare finansiering av krigen i Ukraina. Det vi kan gjere er å redusere vår eiga avhengigheit av fossil energi, men då må politikarane våre ta nokre val. Skal ein tvinge gjennom ei storstilt utbygging av vindkraft som byggjer ned natur og som mange er imot? Eller skal ein heller byrje å byggje ut den energiforma som gjev både minst naturinngrep og minst avfall, nemleg atomkraft? I tillegg er det mykje vasskraft som kan byggjast ut på ein skånsam måte og gje mykje mindre synlege naturinngrep enn store vindmølleparkar. Ein burde også stimulere til oppgradering av eksisterande vasskraft i staden for å straffe dei som vurderer dette fordi dei er "rike". Å leggje ned landbruket er iallefall ikkje bærekraftig i eit klimaperspektiv. Det er ikkje husdyra som har skulda for at ein er blitt avhengig av fossil energi. Tvert imot burde ein auke sjølvforsyningsgraden slik at ein slepp å transportere maten langvegsfrå. Men då må det bli mindre matkasting i alle ledd, og bonden må få betalt for jobben. Det er tragisk at butikkane er tomme for norske poteter og at ein må importere frå f.eks. krigsforbrytaren Israel samstundes som gode norske poteter endar opp som fôr til griser. Eg er elles ikkje bekymra for at Norge ikkje er med i klimagruppa som er nemnt i dette tilfellet. Norge kan ikkje "redde" verda, men vi har framleis mange kanalar der ein kan påverke og bidra til ei betre verd.
- 84 svar
-
- 5
-
Ideelt sett burde alle land i verda vere snille og greie, og bruk av ressursar på krig og forsvar burde vere unødvendig. Ser ein rundt seg vil ein sjå at verda ikkje er slik som ein ynskjer. Om vi skulle kvitte oss med "fæle" våpen, kva har vi då å stille opp med den dagen Russland eller andre bestemmer seg for å bruke desse våpena mot oss?
- 84 svar
-
- 5
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Folk rømmer Kviterussland: https://www.nrk.no/urix/forskningssenter_-belarus-_tommes_-for-folk-1.16857940 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg kom diverre ikkje så mykje lenger enn å stange i ein betalingsmur.