-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Erfaringer etter å ha gått fra kredittkort til bare debetkort
torbjornen svarte i et emne i Privatøkonomi
Eg har efaktura på Gebyrfri Visa hos Santander. Eg trur eg hadde epostfaktura der for mange år sidan, men kan ikkje hugse å ha gjort noko spesielt for å få efaktura anna enn å aktivere i nettbank. Eg har derimot framleis epostfaktura (og avtalegiro) hos Gudbrandsdal Energi. Der er det slik at ein bestemmer faktureringsmåte på "mine sider" hos straumleverandøren. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/xi-til-macron_-_-kina-er-ingen-part-i-ukraina-krigen-1.16872805 Kan den siste atomtrusselen ha blitt oppfatta som eit spark til Kina, og kan dette evt. ha vore medverkande til at Kina i større grad snur ryggen til Russland. Eg er elles skeptisk til forsikringar frå Kina, men kryssar fingrane for at dei meiner alvor. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her har du eit poeng. Kina si støtte til Russland er kanskje ikkje så entusiastisk. For Kina er det kanskje viktigast å kunne drive handel med alle partar slik at landet kan tene pengar på krigen. Samstundes som ein støttar Russland, utnyttar ein også Russland. Det same har ein sett med Iran (som har fått betalt i form av gull) og Nord-Korea (som får betalt i form av m.a. raketteknologi). Det er dermed viktig at støtte til Russland får økonomiske konsekvensar for Kina, og at Kina får noko att for å ikkje støtte Russland. -
Erfaringer etter å ha gått fra kredittkort til bare debetkort
torbjornen svarte i et emne i Privatøkonomi
Eg er iallefall vant til at brukskontoen kjem opp automatisk som "betal fra" når eg godkjenner efakturaer. Men denne eine gongen hadde tydelegvis ASK-bankkontoen av ein eller annan grunn blitt valt utan at eg la merke til det. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Presidenten i Moldova, Maia Sandu er på todagars statsbesøk i Norge. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Folk i Raudt har ei noko spesiell form for humor. At dette skadar både Norge og innsatsen for å prøve å få til ei fredeleg løysing i Midtausten er ikkje så nøye med. -
Erfaringer etter å ha gått fra kredittkort til bare debetkort
torbjornen svarte i et emne i Privatøkonomi
Det skal ikkje så mykje til. Eg hadde ein gong gløymt å overføre pengar slik at det ikkje var dekning på konto. Ein annan gong hadde efakturaen lagt seg på bankkonto for ASK (som var tom) i staden for brukskontoen (eller eg hadde lagt den der i vanvare). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/barth-eide-_lurt_-med-pa-anti-israel-bilde-pa-1.-mai-1.16871433 Slik kan ein gå fram for å sverte ein utanriksminister. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Magyar er forresten også namnet på språket eller folkegruppa ungararar -
For min del er det største problemet at eg er næringsdrivande, og at rekneskapsføraren spør når skattemeldinga ikkje stemmer med årsoppgåva.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Han har nokre poeng, men ein del av det han kjem med heng ikkje på greip. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så då meiner du vel også at motstansfolka i englandsfarten og dei som hjelpte dei langs norskekysten og sette sine eigne liv i fare dreiv ulovleg krig? Eller? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om du meiner at begge partar er like gode eller dårlege må du ha følgt svært dårleg med dei siste to åra. Når du skriv slikt avslører du kvar du sjølv står.- 71 300 svar
-
- 12
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nei. Men det er viktig at folk følgjer med og rapporterer dersom dei ser mistenkeleg aktivitet. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hitler tok land etter land til han vart stansa av den raude arme. Er det nokon grunn til å tru at ikkje Putin vil prøve på det same dersom han ikkje blir stansa? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russarane bør vere forsiktige, for dette vil på eitt eller anna tidspunkt kunne utløyse artikkel 5. -
https://www.minmote.no/mote/a/0GPjJo/minstil-lucas-pinheiro-braathen https://www.aftenposten.no/sport/i/VPdL54/jeg-er-egentlig-ikke-saa-veldig-opptatt-av-mote Når eg ser menn med neglelakk tenkjer eg utvilsamt på ordet homo, men dette er kanskje mine eigne fordommar. Eg er elles glad i fargar, og tykkjer at fargerike negler er penare enn ringar i nasen og evt. andre stader på kroppen der dei ikkje "høyrer til". Men viktigast av alt: Alle har sin eigen stil, og mangfald er positivt. Ein skal ikkje dømme nokon for å vere utradisjonell. Og der nokon ser noko som er stygt vil andre sjå noko som er pent.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I artikkelen om Latvia blir det nemnt at ei som er russar ikkje har høyrt om dei alternative russiske mediekanalane. Kan dei baltiske landa gjere noko for å kringkaste- eller utvide tilgangen til alternativ russiskspråkleg journalistikk i tillegg til f.eks. latvisk/baltisk journalistikk i område med stor andel russiskspråklege og/eller som ligg nær grensa mot Russland? Ein biverknad vil vere at også folk på den andre sida av grensa får tilgang til uavhengig journalistikk på eige morsmål som alternativ til propagandaen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Artikkel om Litauen og det utsette landområdet som skil Belarus og Kaliningrad. Landområdet blir kalla Suwalki-korridoren, og ein krig mellom Russland og NATO kan starte ved at russarane prøver å opprette ein landforbindelse her. https://www.nrk.no/urix/xl/datteren-pa-elleve-horte-fyrverkeri_-_pappa_-har-krigen-startet-na__-1.16863437 Også her blir tematikken rundt den russiske minoritetsbefolkninga nemnd. Desse vil vere ekstra utsette for påverknadsoperasjonar frå Russland. Og då står eg på det som eg allereie har sagt om Latvia, nemleg at det er viktig å behandle desse med respekt slik at ein har desse på "rett" side i ein eventuell konflikt. Håpet må vere at desse er like lojale mot Litauen som den russiskspråklege befolkninga i Kharkhiv er mot Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Religion var vel undertrykt i heile Sovjetunionen. Men der kommunistane skydde religion har Russland under Putin og Kirill brukt religion aktivt til propagandaføremål og hjernevask. Dette er eit godt eksempel på at ein ikkje utan vidare kan setje likheitsteikn mellom Sovjetunionen og eit nasjonalistisk-imperialistisk Russland. -
Erfaringer etter å ha gått fra kredittkort til bare debetkort
torbjornen svarte i et emne i Privatøkonomi
Utgangspunktet for tråden var at fri tilgang på pengar til ei kvar tid auka sjølve forbruket til trådstartar med x %. Så kjem rentene evt. på toppen av dette.- 110 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette kan gjerast i Ukraina dersom Vesten syter for å støtte Ukraina nok til å få kontroll over heile landet og gjere slutt på krigen før det er gått for lang tid. Eg har derimot ikkje sansen for å sende bestemødre som har vore i Latvia nesten heile sitt liv til Russland mot sin vilje. Og dette gjeld iallefall dersom folk flytta fritt innanfor unionen utan at det låg ein spesifikk plan om russifisering bak. Her bør ein vise minoriteten respekt og få dei over på si side. Her kan ein også nemne Kharkhiv i Ukraina. Putin ville gjerne gje inntrykk av å "beskytte" befolkninga som i stor grad er russiskspråklege, men russarane greidde aldri å innta byen på grunn av stor motstand i befolkninga, som er lojale mot landet sitt, som er Ukraina. I Ukraina må ein skilje mellom russsisktalande som alltid har vore der, og russiske innvandrarar etter 2014/2022. I Latvia er det gått for lang tid, og den russiske minoriteten er ein naturleg del av befolkninga. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men hadde Sovjetunionen ein plan om å russifisere Latvia? Eller flytta folk fritt innanfor Sovjetunionen på same måten som vi gjer innanfor EU? Dei fleste ville vel ta avstand frå påstandar om at Polen vil infiltrere Norge. Sovjetunionen sine grenser under den kalde krigen var internasjonalt annerkjente, på same måten som Ukraina sine grenser av 1991 er det i dag. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
På den andre sida ser ein at Russland har ein aktiv politikk for russifisering av okkuperte område i Ukraina. Ukrainarar må enten flykte, bli russiske eller blir erstatta med folk frå Russland. Alle må ha russisk pass, skulane blir einsretta og all undervisning er på russisk og innretta etter russisk kultur. På Vestbreidda ser ein litt av det same, der jødiske busetjingar breier om seg og palestinarane blir jaga frå område dei tradisjonelt har hatt. Når så okkupantane har hatt kontroll nokre tiår blir endringane vanskeleg eller umogeleg å reversere. Spørsmålet om russarane kom til Latvia som ein del av ein plan om russifisering, knuse den innfødde kulturen og/eller drive etnisk rensing, eller om dei ikkje var ein del av ein slik plan har såleis stor betydning for om- og evt. korleis spørsmålet om latviske statsborgarskap til russarar som innvandra i Sovjettida kan løysast. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Du har sikkert betre greie på latvisk historie enn meg, men er du sikker på at det fanst ein plan som hadde som mål å russifisere Latvia og knuse den innfødde kulturen? Det er likskapar mellom det stalinistiske Sovjetunionen og NaZi-Russland anno 2024, men det er også store skilnader. Mi meining er uansett at når det er gått mange tiår og folk har slått rot og fått born og borneborn er det på tide å annerkjenne desse folka som fullverdige innbyggjarar. Ein kunne evt. setje som krav at alle (unntatt demente eller folk med hjerneskader/nedsette evner) måtte bestå ein prøve i latvisk for å få statsborgarskap. Dette er det Latvia som må bestemme, men det ville vise at Latvia er eit land tufta på vestlege verdiar i motsetnad til Russland. Midt oppe i dette er det ikkje vanskeleg å forstå at den russisktalande befolkninga med god grunn kan bli sett på som ein trussel i dagens situasjon. Den trusselen blir likevel minst mogeleg dersom ein behandlar denne minoriteten med respekt.