Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 193
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/LMAPOP/georgia-truer-demonstranter-med-fengsel Demonstrasjonane mot "russarlova" i Georgia held fram.
  2. Og ikkje minst: Gorbatsjov var ein heilt annan type enn Putin.
  3. Mi oppfatning etter å ha følgt med på denne tråden er at @Brother Ursuspleier å vere optimist, medan @JK22pleier å vere pessimist. Diverre føler eg at det er @JK22som har treft best. Eg nyttar høvet til å rette ei stor takk til dykk begge, samt andre brukarar som følgjer med på mange ulike kjelder, sorterer og vurderer informasjonen og postar her slik at ein kan følgje utviklinga nesten frå minutt til minutt. I følgje ein Nrk-artikkel vil det framleis gå noko tid før støtta kjem, og i mellomtida ser ein at russarane prøver å utnytte situasjonen. https://www.nrk.no/urix/ekspert-mener-russland-utnytter-ukrainsk-vapentorke-1.16878762 Det ser med andre ord ut til at skaden som er skjedd på grunn av europeisk nøling og amerikansk trenering vil ta tid å rette opp, og at ein ikkje har sett dei fulle konsekvensane enno. Om @JK22har rett er russarane i mellomtida i ferd med å tilpasse seg, slik at dei er i ferd med å få eit større overtak også teknologisk. Så får ein håpe at Ukraina kan få F16 før dei har tapt heile krigen.
  4. Er det ikkje merkeleg korleis enkelte konfliktar engasjerer noko voldsomt i Norge og Europa, medan andre konfliktar heilt blir gløymt og knapt nemnt verken i media eller blant folk flest?
  5. Dersom ein skal ta tak i det politiske her er Twitter-innlegget eit godt eksempel på at ytre høgre oftast er pro Israel (og anti Islam). https://www.nrk.no/urix/geert-wilders-vant-en-knusende-seier-i-nederland-1.16648165 I tillegg er mange av høgrepopulistane skeptiske til å hjelpe Ukraina i krigen mot Russland. Høgrepopulistane gjorde det godt i parlamentsvalet i Nederland i haust, og det er godt mogeleg at terror i Israel og pro Palestina-demonstrantar var til god hjelp her. Store deler av Europa er langt meir Israelvennlege enn det vi er i Norge og Norden. Heldigvis har ikkje Wilders fått påverke politikken i forhold til Russland og Ukraina, som i motsetnad til Gaza-krigen er ein krig som i stor grad er svart-kvitt. Russland fører ein ulovleg og meiningslaus invasjonskrig mot eit fredeleg naboland. Uansett viser dette at krigen på Gaza og reaksjonane på denne har potensial til å føre med seg langt verre ting enn at ei israelsk jente vinn ein songkonkurranse.
  6. Dette har skjedd nokre gonger før, av ulike årsaker. F.eks. i 1980 etter at Israel vann for andre år på rad i 1979.
  7. Kan det vere kampane i Donbas som er distraksjonen?
  8. Desse bør med andre ord heretter halde seg langt unna opne vindauge.
  9. Det var vel sagt at det var snakk om ein fotograf i tv-produksjonen, og at det var snakk om ei kvinne. Om det skulle vise seg at det ikkje er hald i skuldingane vil dette bli ein enno større skandale enn det allereie er.
  10. Dersom Israel-motstandarane boikottar avstemminga og Israel-tilhengarane stemmer på Israel kan situasjonen føre til eit svært så politisk resultat. Noko av det mest spennande med konkurransen i kveld blir dermed om Israel stikk av med sigeren. I så fall kan det bli mykje god politisk underhaldning framover. Eg håpar uansett at krigen på Gaza vil vere over i god tid før neste års Eurovision, at Netanyahu har fått sparken og at det kjem i stand forhandlingar om ei tostatsløysing støtta av både USA, Europa og Midtausten. Shalom, shalom!
  11. Dette er det den europeiske kringkastingsunionen som bestemmer. Sverige har like lite dei skal ha sagt som Norge.
  12. Var det ikkje akkurat dette trygdeskandalen dreia seg om? Einaste årsaka til at ein får behalde (deler av) trygda om ein flyttar innanfor EØS er vel at EØS-retten står over norsk lovgjeving?
  13. Dagbladet har ikkje endra seg mykje sidan pandemien:
  14. Kvar er dei russiske rebellane no når Russland ser ut til å ha opna ein ny front nord for Kharkhiv?
  15. Dette var oppklarande. Bussen skal altså brukast i samband med avtalar om utveksling av desse borna. Organisasjonen Fritt Ukraina gjer ein fantastisk jobb, og det er svært bra at fagrørsla støttar arbeidet. LO kunne heilt sikkert også ha gitt enno meir. Det er elles gledeleg å sjå at også store deler av venstresida støttar Ukraina i kampen mot Russland. Dei som er heilt ytterst på venstresida som er opptekne med å vere mot NATO og å støtte HAMAS og Russland utgjer forhåpentlegvis ikkje så mange.
  16. No er det ikkje berre å reise inn i Russland, hente borna og køyre tilbake til Ukraina. Er det noko som helst slags realisme i dette?
  17. Blir det som ein har sett fleire gonger når det gjeld støtte til Ukraina, nemleg at nokon må gå i førevegen, og så følgjer andre land etter?
  18. Akkurat her har du eit poeng. Og Ukraina er hardt ramma fordi dei har for lite luftvern, samt at dei manglar vestlege kampfly. Tenk om Ukraina hadde vore like godt utrusta som det Israel var i møte med iranske missil. Då ville mange ukrainarar kunne sove trygt om natta, dagleglivet kunne gå sin gang utan å bli avbrote av luftvernsirener, ein ville få minimalt med skader på industri, infrastruktur, bustadblokker eller sjukehus. Det ville sjølvsagt også bli enklare å flytte produksjon av våpen og ammunisjon til Ukraina. Russland på si side tykkjer eg ikkje synd i. Alt dei treng å gjere er å trekkje seg ut av Ukraina, så vil krigen vere over.
  19. Kvifor er denne mannen, som ein av få utanlandske statsleiarar til stades under 9. mai-feiringa til naz... Russland?
  20. https://www.nrk.no/urix/ukrainske-fanger-kan-velge-mellom-a-krige-eller-sitte-inne-1.16876052 Ukraina slit med å mobilisere nok soldatar.
  21. Noko slikt som dette har vel aldri skjedd før. Biden har framstått som ein svak president både i forhold til Israel og Ukraina. Men det nærmar seg eit presidentval, og Gaza-krigen er ei dårleg sak for demokratane. No ser det endeleg ut til at Biden er villig til å setje hardt mot hardt. Kan nokon av desse våpena ende opp med å bli sendt til Ukraina i staden?
×
×
  • Opprett ny...