-
Innlegg
8 193 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Dette kjem også an på kor mykje meir det kostar med eit større anlegg enn eit som berre dekkar eige behov. Er det sjølve etableringa som kostar mest kan ein like godt dimensjonere anlegget godt når ein fyrst er i gang.
- 80 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tja... -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Parti som har hatt makta gjer det dårleg. Heldigvis ser dette også ut til å gjelde for høgrepopulistane i Ungarn. -
Her om dagen vart det sagt at magasinfyllinga var 48,1% i snitt. Samstundes opna ein flaumlukene og slepte mest mogeleg vatn forbi turbinane for å kunne ta imot regn og flaum som kunne komme. https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/vassmagasina-blir-fylte-opp---gir-fare-for-skadeflaum-1.16902096 Det er lite hjelp i at solcellene produserer for fullt på same tid, samstundes som at dei produserer lite i den årstida ein har bruk for straumen.
- 80 svar
-
- 4
-
Eg er einig i at solceller på tak er ein del av løysinga på klimakrisa, på same måten som utbygging av atomkraft, magasinbasert vasskraft, elvekraftverk, effektivisering av gamle vasskraftverk, utbygging av vindkraft på land og hav, bioenergi og energisparing/energieffektivisering. Men det er heilt andre ting enn solceller på tak som må til for at ein skal nå klimamåla i framtida.
- 80 svar
-
- 3
-
Kor mange tak og fasadar må til for å oppnå dette? Kor mange av desse TWh kjem til nytte i den mørke og kalde årstida, når ein verkeleg treng krafta? Og kvar finn du parkeringsplassar som verken blir brukt til bilar eller som det ikkje er bruk for til utbyggingsføremål? Politikarane sin feilslåtte strategi har ført til at det ikkje er realistisk å nå klimamålet for 2030. (Dette var også utgangspunktet for denne tråden). Om ein ikkje snarast vedtek å byggje ut atomkraft vil ein heller ikkje nå klimamålet for 2030 i 2040.
- 80 svar
-
- 5
-
Marknad syter for at tilbod er lik etterspurnad. Kraftbørs er fornuftig ved at det svarar seg å stenge ned dei dyraste energikjeldene fyrst ved eit eventuelt kraftoverskot. Dei dyre energikjeldene blir starta opp når det er for lite kraft, slik at det ikkje blir rasjonering eller enno høgare straumprisar.
- 80 svar
-
- 1
-
... og solkraft, som ville bety nedbygging av store område dersom det skulle monne. Atomkraft gjev samla sett minst fotavtrykk på naturen. Men skal ein nå klimamålet for 2030 i 2040 må spaden setjast i jorda no.
- 80 svar
-
- 3
-
Avtalar om kraftutveksling er i utgangspunktet positivt. Men det føreset at alle land tek ansvar, og ikkje slik som tyskarane som la ned atomkraftverka og gjorde seg avhengig av m.a. russisk gass og norsk vasskraft.
- 80 svar
-
- 6
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.dagbladet.no/bok/norge-bor-vaepne-seg/81491759 Hmmm... Eit velkjent triks dersom ein vil unngå kritikk og behalde makta er å skaffe- eller skape seg ein ytre fiende. Men var det no verkeleg difor Putin starta denne krigen, og ikkje stormannsgalskap og eit ynskje om å vere den som gjenoppretta Sovjetunionen? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Desse videosnuttane er interessante å følgje med på. Her kom det f.eks. fram at videoklippet av Biden som såg ut til å ville setje seg under D-dagsmarkeringa var kutta, slik at ein ikkje fekk med seg resten som viste at både han og dei andre sette seg. Biden var kanskje sliten og ville setje seg ned for tidleg, men det er ingen ting ved dette som tyder på at han er dement. Eit velkjent triks i propaganda er å ta ting ut av samanhengen, eller å berre vise ein del av samanhengen slik det vart gjort her. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
32,5% + 15% = 47,5%. Kva stemte resten? Macron har vore upopulær lenge. Han har nok også mista mange veljarar til parti på venstresida. Diverre er vel heller ikkje dette nokon fordel for Ukraina. Ein risikerer å få fleire maktpersonar av typen Olaf Scholz. -
Skal ein investere i enkeltaksjar utan å vere "ekspert" bør ein velje "trygge" aksjar som f.eks. Orkla, Gjensidige, Equinor eller Telenor. Flyaksjar bør ein halde seg langt unna. For dei fleste vil det vere betre å setje sparepengane i indeksfond.
- 24 svar
-
- 1
-
Har ein lang tidshorisont er vel standardsvaret globalt indeksfond. Skal pengane vere tilgjengelege slik at dei kan brukast kor tid som helst er høgrentekonto svaret. Ein mellomting er rentefond. High Yield-rentefond gjev høgare rente, men har samstundes ein risiko som ligg nærmare aksjefond. Kombinasjonsfond er blanding av rentefond og aksjefond. Dersom utsiktene i aksjemarknaden er bra sel forvaltaren aksjar og kjøper rentepapir i staden. (Eller var det omvendt?)
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/innlandet/onsker-a-endre-reglene-for-sameier_for-a-sikre-at-alle-har-plass-til-beredskapslager-1.16908720 Vel... Dette meiner eg at kvar enkelt av oss bør greie sjølv. Derimot bør Staten ha eit ansvar for matvareberedskapen gjennom beredskapslagring av korn m.m. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/ukrainske-menn-som-ikke-vil-bli-soldater_-rommer-fra-krigen-1.16902328 Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk er redde for liva sine, og mange menn har heller ingen ting ved fronten å gjere. Samstundes finst det også mange viktige oppgåver som ikkje inneber å liggje i skyttargraver ved fronten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er å dra det for langt. Ein kan konstatere at i krig betyr menneskelege omsyn lite, og for kyniske krigsherrar er menneske berre eit middel for å oppnå sine mål. Vi ser gong på gong at valdtekt og tortur (også mot sivile) blir brukt som eit middel i krig, og vi ser russarane brukar menneske som kjøt for å overvelde motstandaren eller avsløre deira posisjonar. Ein må erkjenne at dersom ein skal halde seg til krigens reglar kan det bli vanskeleg å vinne mot ein motstandar som bryt alle reglar. Det betyr sjølvsagt ikkje at vi skal bryte alle reglar, men ein må også la vere å leggje på seg sjølvpålagde reglar slik at ein må kjempe med ei hand på ryggen. Krigsbrotsverk som valdtekt og tortur håpar eg likevel at ingen støttar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Altså ikkje terror slik det ser ut no. Men går ein dansk statsminister fritt rundt i gatene utan at nokon passar på? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Enklare sagt enn gjort. Israel si høgrevridde regjering bryr seg lite om kva USA meiner, og bryr seg nok enno mindre om kva franskmennene måtte meine. Ein må også rekne med at Russland gjer sitt i det skjulte for å fyre opp enno meir. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
... og i tillegg er krigen i stor grad svart-kvitt, i motsetnad til ein viss krig ein annan stad. VG har fått ei aha-oppleving. Kva med Nrk?