Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 203
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. I så fall er det vel rett og rimeleg at dei samstundes innfører ein regel om at ein kan investere i solceller og trekkje dette frå på skatten.
  2. Og dersom ikkje F16-flya endrar spelet nevneverdig, så kan du framleis ha rett likevel. Dersom det er slik at Ukraina berre er ein del av eit spel der ein held Russland nede, men at ein ikkje vil risikere at Russland taper med kaos og oppløysing som mogelege følgjer blir ein berre oppgitt. I så fall har Ukraina blødd i over 2 år forgjeves, berre for å vere ei brikke i eit spel. Ein må gje Ukraina det som skal til for at dei skal vinne. Når det blir skapt eit inntrykk av at Vesten er handlingslamma og demokratiet forsvarslaust kan det like gjerne ende med at det blir Vesten som til slutt blir svekka og går i oppløysing.
  3. Kva skjer med dei gamle fasttelefonnummera no som dei gamle koparkablane er fjerna og knapt nokon har fasttelefon lenger? Vil desse nummerseriane etter kvart bli brukt til mobiltelefoni?
  4. Før du kastar fjernkontrollen kunne det vel vere interessant å prøve om knappane fungerer når du trykkjer direkte på dei små rundingane.
  5. Trådstartar må evt. oppklare om han aktivt har sagt opp eller ikkje. Eg er uansett ganske sikker på at dersom ein har ein kontantkort-sim og legg den i ei skuff i... la oss seie 10 år, så vil abonnement og nummer vere tapt.
  6. I dette tilfellet er det vel snakk om russiske turistar som vil ut av Russland.
  7. Finn du nummeret forresten dersom du søkjer i opplysingsteneste som telefonkatalogen.no, 1881 eller 1890?
  8. Telenor sender tekstmelding om at abonnementet blir stengt om ein ikkje ladar innan den og den dato. Eg er usikker på om det er 12 eller 15 månader, men dette vil ein finne om ein les vilkåra. Minste ladebeløp er 25 kr., og då har ein nummeret 12 (eller 15?) månader til.
  9. Og frå Wikipedia: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Democratic_Alliance Kan dette samarbeidet føre til at Sør-Afrika distanserer seg litt frå Russland?
  10. Han sa vel også at Russland ikkje ville invadere Ukraina.
  11. Synd. Eg likar Fanta, men heretter får eg finne noko anna å drikke.
  12. Og likevel er Kazhakhstan framleis med i CSTO, og mannen midt i biletet møter trufast opp på 9. maimarkeringane i Moskva: Kor tid skal Armenia ta steget fullt ut, og kor tid skal Kazhakhstan og dei andre -stan-landa følgje etter?
  13. Er denne avtalen meir verd enn Budapest-memorandumet frå 1994?
  14. At russiske spio... diplomatar mistar mogeleheita til å reise fritt rundt er vel på tide.
  15. Å angripe andre sine meiningar er det vi kallar diskusjon. Om ein har kontroversielle meiningar må ein forvente å bli motsagt.
  16. Dei fleste støttar Ukraina og vil at dei skal vinne, og mange av dei som stiller spørsmål ved dette har lite konstruktivt å tilføre tråden elles. Brukarnamnet fredomseeker står i kontrast til at han ikkje er villig til å hjelpe eit land i å stå imot ein okkupant og agressor. Er det ikkje då rimeleg å stille spørsmål om kvifor han har valt akkurat dette brukarnamnet?
  17. Eg tippar det at folk har fått føle på russisk okkupasjon vil vere nok til at dei vil vende Russland ryggen den dagen Ukraina er samla og fritt. Det er betre med ytringsfridom og demokrati enn å frykte fengsel og tortur fordi ein opnar munnen og seier noko som makthavarane ikkje likar. Frie media vil også opplyse om kva som verkeleg har skjedd dei siste ti åra, frå Maidan-opprøret (som i russisk propaganda blir framstilt som eit vestlegstøtta kupp) til bombinga av Mariupol, massakren i Butcha osv. osv. Nokon vil nok støtte Russland uansett, men i mykje mindre grad enn før 2014. Russland sin krig har vart i 10 år, og har i stor grad samla ukrainarane og fått dei til å vende seg mot vest. Russland har oppnådd det motsette av det som var planen. Alle russarar som har slått seg ned i områda etter 2014 som del av russifiseringa vil måtte sendast tilbake til Russland, evt. søkje om ukrainsk statsborgarskap.
  18. Er det framleis sanksjonar mot Argentina på grunn av Falklands-krigen? Kvifor er ikkje desse blitt fjerna på over 40 år?
  19. Han er omtrent jamngammal med meg. Dette er den generasjonen som voks opp med glasnost, perestrojka, murens fall, oppløysinga av Sovjetunionen - og kaoset som kom etterpå, men der det trass alt var eit ferskt demokrati med ytringsfridom og frie media.
×
×
  • Opprett ny...